Replikk til Næringsforeningen i Kristiansandsregionen

1 day ago 1



Takk til Næringsforeningen i Kristiansandsregionen for eit grundig svar på mitt spørsmål om å utarbeide ein regional plan for grøn energi og industri.

Alf Holmelid stilte spørsmål til Næringsforeningen i Kristiansandsregionen, og fikk svar. Foto: Jacob J. Buchard (arkivfoto)

I motsetning til fleirtalet i Formannskapet i Kristiansand så er næringsforeininga positiv til ein slik plan.

Dermed er vi samde om det som var hovedpoenget i mitt innlegg. Men næringsforeininga har eit atterhald. Dei er uroa for at fylkeskommunen og statsforvaltaren kan bruke planen til å komme med protestar i konkrete saker.

Ja, vi må stå samlet, Holmelid

Åpen

Eg er litt overraska over denne skepsisen til dei institusjonane som har ansvar for å sjå næringsutvikling i eit regionalt og nasjonalt perspektiv. Natur og fornybar energi er fellesverdiar og avgrensa ressursar som vi må bruke med omtanke. Det gjer vi best når vi har eit perspektiv utover eigen kommune.

Det er lite optimalt for samfunnet dersom alle kommunar kjempar for sitt gigantiske datasenter og sin batterifabrikk. Resultatet kan bli ein kraftpris som alle taper på. Vidare kan det føre til at kommunar flatesprenger unødvendig store område for å vere fremst i konkurransen om ei mogeleg nyetablering.

Spørsmål til Næringsforeningen i Kristiansandsregionen 

Åpen

All industrietablering er avhengig av offentleg infrastruktur som kraftlinjer, hamner, vegar og kunnskapsinstitusjonar. Å utvikle infrastruktur er ei regional og nasjonal oppgåve. Det er ikkje unaturleg at fylkeskommunen og staten med sin representant har eit ord med i laget om konsekvensar for infrastruktur og fellesressursar som natur.

Det er greit å vere skeptisk til at byråkratiet og demokratiet brukar for mykje tid, men det er ikkje ein god nok grunn til å sjå bort frå behovet for samordning utover eigne kommunegrenser.

Bruk av avgrensa ressursar utan samordning fører etter velkjent spillteori til at alle taper til slutt.

Read Entire Article