Rekordstore utbetalingar frå Havbruksfondet til kommunane

2 hours ago 3



Årets utbetaling frå Havbruksfondet er den største sidan Havbruksfondet blei oppretta i 2015, ifølge regjeringa.

Fondet har som føremål å fordele inntekter frå oppdrettsnæringa til kommunar og fylkeskommunar som legg til rette for havbruk. Ein del av kommunane sin del går i år særleg til kommunar som har lagt til rette for oppdrett gjennom å klarere areal i 2023 til 2025.

Lurøy, Rødøy, Steigen og Hadsel i Nordland fylke får over 50 millionar kroner kvar inn i kommunekassa.

– Det er heilt fantastisk og gjer jo at vi klarar å halde hovudet over vatn. Så det er ein god dag, seier ordførar i Hadsel, Kjell Børge Freiberg (H).

– Det betyr eigentleg alt. Hadde vi ikkje hatt desse 50 millionane så tør eg eigentleg ikkje å tenke på korleis ting kunne ha vore. Skulestruktur og alt anna hadde sett annleis ut utan desse laksepengane. Så vi er ufatteleg glade for at vi har ei lokal havbruksnæring som bidreg med det dei gjer. Og dei pengane, blant anna skatt som har vore diskutert siste året, at noko av det hamnar tilbake i eigen kommune er vi kjempeglade for.

– Kva vil de bruke desse pengane på?

– Vi har ikkje problem i likskap med andre kommunar å bruke pengar, oppgåvene står i kø. Så det treng vi ikkje å bruke så mykje tid på, vi har mange oppgåver vi må få løyst og vi har ei drift i kommunen som har behov for desse pengane.

Også ordførar i Steigen, Aase Refsnes (SV), er glad for pengane.

– Det er sjølvsagt gledeleg når ein får talet og får brukt det. Det er jo ein svært krevjande økonomisk situasjon i kommune-Noreg no, også i Steigen er det knalltøft og då kjem desse pengane veldig godt med. Vi har dessverre allereie brukt mykje av dette, dette er jo pengar for 2024, så vi har både budsjettert og brukt mykje av desse pengane for å dekke den drifta vi har og behovet vi har for å gi tenester innanfor skule, barnehage eller eldreomsorg.

– Utan pengane frå havbruksfondet ville Steigen heilt klart sett annleis ut. Den veksten vi har hatt i befolkning, næringsliv og trivsel i kommunen hadde nok ikkje vore der, seier ho og legg til:

– Og det er derfor vi også for tida har kjempa mykje for at vi skal ha inntekter for at vi har lagt til rette og brukt naturen vår for å legge til rette for havbruk. Så dette er noko vi meiner er viktig at vertskommunane blir kompensert for og vi har lukkast godt i den kampen.

Gildeskål og Hamarøy får over 40 milionar, mens Bindal, Herøy og Sortland får over 30 millionar kroner.

– Lokalsamfunn som legg til rette for bruk av naturressursar skal få noko igjen for det. Derfor er det bra at kystkommunane i Nordland får sin del av havbruksnæringa si store verdiskaping, seier Wilfred Nordlund i Sentepartiet, stortingsrepresentant for Nordland og leiar av næringskomiteen.

Totalt er det 1,24 milliardar kroner som går frå Havbruksfondet til Nordland sine kommuner for 2023 og 2024.

Read Entire Article