Denne veka banka kommunestyret i Sogndal gjennom sluttavtalen til kommunedirektør Tor-Einar Skinlo.
Den gir han 4,5 millionar kroner, oppreisingserstatning på om lag 200.000 kroner, dekka advokatutgifter, samt ein positiv sluttattest.
– Dette høyrest ut til å vere ein høg sluttavtale, seier Gudrun Haabeth Grindaker, dagleg leiar i Norsk Kommunedirektørforum.
Gudrun Haabeth Grindaker, dagleg leiar i Norsk Kommunedirektørforum, seier oppimot 25 sluttavtaler blir inngått årleg grunna konflikt.
Foto: Norsk rådmannforumHo kjenner ikkje til høgare sluttavtaler for ein kommunedirektør i Noreg.
Ifølge Kommunal Rapport toppa truleg Porsgrunn fjorårets utbetaling. Kommunetopp Rose-Marie Christiansen har ein avtale som kostar nær 3,5 millionar kroner.
Éin million lågare enn avtalen i Sogndal.
Ifølge ei undersøking som PWC og Norsk rådmannsforum har gjort, så kostar det kommunane mellom 1 og 4 millionar kroner å avsette ein kommunedirektør.
Kommunar kjøper seg ut av konfliktar
Ifølge Norsk Kommunedirektørforum er konflikt årsaka til at det årleg blir skrivne 20–25 sluttavtaler i norske kommunar.
Med andre ord kostar det kommunane mellom 20–100 millionar kroner i året, og det berre i reine sluttavtalar.
Dagleg leiar Gudrun Haabeth Grindaker seier det har vore ein liten auke dei siste åra.
Dersom det er mykje konflikt i det politiske miljøet, vil det også påverke samspelet, politikk og administrasjon, fortel ho.
Konflikten mellom kommunedirektør Tor-Einar Skinlo og Sogndal-ordførar Stig Ove Ølmheim har halde på i lang tid.
Foto: Ingeborg Grindheim SlindeDette syner både forsking og det dei sjølve har sett.
– Og når kommuneøkonomien er stram, slik den er no, så blir dei folkevalde stilt ovanfor tøffe prioriteringar.
– Det har kome reaksjonar på at sluttavtale i Sogndal er høg. Har du forståing for det?
– Dette er jo ein del av kommunen sine midlar som kunne blitt brukt til andre ting, men det er også viktig å ha med seg at også kommunedirektøren skal verte behandla med respekt, seier ho.
– Vil alltid ha ein pris å kvitte seg med toppleiarar
Morten Øgård, professor i offentleg administrasjon og leiing ved Universitetet i Agder, seier følgande om sluttpakken til Skinlo i Sogndal:
– Jo, 4,5 million kroner er mykje pengar, men om det er mykje for å kvitte seg med ein kommunedirektør, er eit anna spørsmål.
Han seier summen er opp til dei folkevalde å avgjere.
Øgård seier kommunale toppjobbar er attraktive, men at dei er krevjande og kan ha høg fallhøgde.
– Det vil derfor alltid ha ein pris å kvitte seg med administrativ toppleiar.
Advokat: – Summen reflekterer uretten
Bakgrunnen for sluttavtalen i Sogndal er ein langvarig strid mellom kommunedirektøren og ordføraren i Sogndal.
– Dette blei svindyrt, kommenterte kommunestyrerepresentant for Frp, Rita Navarsete etter møtet.
Men advokaten til kommunedirektør Skinlo, synest ikkje summen er for høg.
– Det er dette det kostar å presse ein kommunedirektør ut av stillinga utan nokon sakleg grunn, seier Tor Erik Heggøy.
Tor Erik Heggøy, advokaten til kommunedirektør Skinlo, seier summen i sluttpakken var noko begge partar kunne einast om.
Foto: Emira Holmøy– Avtalen reflekterer saka sin ekstraordinære karakter og den uretten som er gjort seg skuldig i mot Skinlo.
– Den økonomiske ramma må også sjåast i samanheng med at kommunen som arbeidsgjevar har innrømt skuld ved å betale oppreisningserstatning, seier han.
Folk på gata: – Stor skam
Blant folk på gata i Sogndal er det mange som synest heile saka er lei, og at det no er bra at den har kome til ein ende.
Tordis Randmo synest heile saka er flau.
Foto: Arne Stubhaug / NRK– Eg synest det er ei stor skam at dette har kome ut over heile landet og at folk i bygda har stilt seg slik dei har gjort, seier Tordis Randmo.
– Det har vore mykje trøbbel, usemje og mange unødvendige vonde tankar.
Randmo seier ho håper ting vil roe seg, men at det kanskje først ved neste kommunestyremøte vil lande heilt.
– Det trur eg heile bygda ønskjer, for det har vore flautt slik det har vore no.
Frøydis Hegnar synest saka er vanskeleg å kommentere.
– Sogndal er eit lite samfunn, så dette er veldig betent. Alle er litt involvert i det på den eine eller andre måten, eller kjenner nokon som er det. Eg håper dei greier å løyse dette på ein god måte, seier ho.
Frøydis Hegnar med sonen Vetle. Ho synest kommunedramaet er trasig og håper ting roar seg.
Foto: Arne Stubhaug / NRKPublisert 07.11.2025, kl. 12.01




















English (US)