Rekord skapar heftig debatt: – Som å skyte seg sjølv i foten

1 month ago 21



I 38 år har tallause utøvarar prøvd – og feila. Jürgen Schultz verdsrekord i diskos på 74,08 meter verka å kunne stå til evig tid.

21 år gamle Mykolas Alekna frå Litauen er likevel eit talent av dei heilt sjeldne, og i april skjedde det. Diskosen segla utrulege 74,35 meter gjennom lufta, og ein ny tidsalder var i gang.

Det var fantastisk. Høgdepunktet i karrieren min så langt. Det er utruleg, gliser Alekna, som er stor favoritt i OL, overfor NRK.

I ettertid har det likevel dukka opp dei som meiner at rekorden er ein uting.

Sjå kastet her:

– Det blir to ulike sportar

Svenske Alhaji Jeng, som jobbar som friidrettsekspert for SVT, var raskt ute med å kritisere.

Aleknas rekord kom nemleg under eit kastestemne, der utøvarane kasta utover ei open slette og ikkje inne på eit friidrettsstadion. På ei slik slette er det lettare å få gode vindforhold.

Det blir to ulike sportar. Du har ikkje dei føresetnadene i ein meisterskap. Der er det umogleg å få slike forhold, uttalte Jeng til SVT.

Alhaji Jeng

EKSPERT: Alhaji Jeng er tidlegare stavhoppar.

Foto: BILDBYRÅN

Han fryktar at konkurransar på den typen arenaer kan vere skadelege for diskossporten. Kritikken frå Jeng bit likevel ikkje på Alekna.

Det var eit offisielt stemne. Det var mykje vind, men viss vi ser på den førre verdsrekorden, da Schültz kasta over 74 meter, var det òg mykje vind.

Vind er ein del av sporten vår. Alle har jakta på gode vindforhold dei siste 60–70 åra, så dette er ikkje noko nytt, seier den ferske rekordhaldaren.

Får uventa svensk støtte

Vesteinn Hafsteinsson trena tidlegare den svenske verdsmeisteren Daniel Ståhl. Overfor Aftonbladet seier islendingen at han meiner Ståhls VM-gull er ein større sportsleg prestasjon enn Aleknas rekord.

Eg har alltid vore motstandar av slike konkurransar. Det blir som å skyte seg sjølv i foten, seier Hafsteinsson om at rekorden blei sett på ei open slette.

I 20 år har eg sagt at det blir feil. Da endar ein opp med å jage resultatet i full fart, men så, når ein kjem til meisterskap, blir kasta mykje kortare, meiner Ståhls gamle trenar.

Daniel Ståhl

SVENSK STJERNE: Daniel Ståhl er Sveriges diskoshåp i Paris.

Foto: NTB

Ståhl sjølv tar likevel Aleknas parti.

Eg synest det er heilt rett. Vil ein kaste verdsrekord, må ein kaste i utruleg bra motvind. Det var det han gjorde – og det var utruleg bra. Verdsrekorden hadde stått i 38 år, og det var på tide at han blei slått. Eg er verkeleg stolt av han, seier svensken til NRK.

Burde det vere fleire konkurransar på opne plassar?

Ja, kvifor ikkje? Det finst ikkje nokon reglar som seier at det forbyr det.

Fryktar skuffa fans

Hafsteinsson står på sitt, han vil forby konkurransar utanfor stadion.

– Ingen kjem til å kaste 74 meter i Paris-OL, seier trenaren, som fryktar at publikum berre blir skuffa når utøvarane ikkje klarar å følge opp i dei store meisterskapane.

Alekna har derimot tru på lange kast, òg i leikane i sommar.

Eg legg ikkje for mykje press på meg sjølv. Eg går berre dit for å ha det gøy. Men eg trur det vil krevje kast på over 71 meter for å vinne gull, seier 21-åringen.

OL-finalen i diskos går kl. 20.25 7. august.

Sjokk-avslutning på 1500 meter - ingen norsk medalje 01:10

Publisert 07.08.2024, kl. 05.26

Read Entire Article