Caroline (24) brukar morfin og smertemaskin for å kome seg gjennom dagane

2 hours ago 4



Då Caroline Pettersen var 18 år blei ho hasta til legevakta med det ho beskriv som jævlige magesmerter. Legane hadde ei klar mistanke om kva ho leid av: Blindtarmbetennelse.

Den unge kvinna vart raskt sendt til operasjon. Men då dei opna ho opp, såg dei at blindtarmen var heilt i orden.

Det var noko heilt anna som feila ho.

Måtte ta morfin for å tisse

– Eg har hatt vondt sidan den dagen eg fekk min første mens som 14-åring. Men alt har berre blitt verre og verre med åra, seier Caroline Pettersen.

Ho har endometriose. Det er ein tilstand som kan føre til store smerter. Årsaka er at vev veks utanfor livmorhola.

– Frå å ha vondt i dagane før og under mensen, kan eg no ha vondt når som helst i syklusen. Det er ingen system, og eg veit aldri om smertene og krampene vil vare i nokre timar eller i ein heil månad, fortel Pettersen.

På det verste har ho hatt så vondt at ho måtte ta morfin for å klare å tisse.

For Caroline Pettersen er smertene endometriosen gjer så sterke at ho ofte ikkje kjem seg opp av senga. Dei siste åra har ho hatt fleire langvarige sjukehusinnleggingar. Sist for cirka ei månad sedan, då dette bilete vart tatt.

For Caroline Pettersen er smertene endometriosen gir så sterke at ho ofte ikkje kjem seg opp av senga. Dei siste åra har ho hatt fleire langvarige opphald på sjukehuset. Sist for cirka ein månad sidan, då dette bilde vart tatt.

Foto: Anne Helene Klever

Opptil ein av ti norske kvinner blir ramma av endometriose. Det tar i snitt sju år å få diagnosen, og ein må som regel gjennom kikholskirurgi for å få eit endeleg svar.

  • Fleire kvinner har fortalt om lidinga, og kor vanskeleg det kan vere å få hjelp:

Mange etterlyser meir kunnskap blant helsepersonell.

Og no skjer det ting på feltet.

Ny kompetanseteneste: Håp med riktig behandling

– For å utrydde endometriose må vi først og fremst vite kva sjukdomen skuldast. Det veit vi ikkje, fastslår Guri Majak.

Ho er overlege ved Oslo universitetssjukehus, og skal leie Nasjonal kompetanseteneste for endometriose og adenomyose.

Oppdraget har dei fått fordi kunnskapsnivået og kompetansen blant helsepersonell og spesialistar er svært varierande, ifølgje Helse- og omsorgsdepartementet. Dei meiner dette fører til problematiske forskjellar i behandlinga til pasientane.

Nærbilde av overlege Guri Majak. Hun ser ned mot venstre. Bak på veggen henger papirer. Hun har på en blågrønn uniform, og har en sort snor rundt halsen. I høret har hun en liten diamantøredobb. Håret er festet i en stram hestehale.

Guri Majak skal leie Nasjonal kompetanseteneste for endometriose og adenomyose, som opnar denne månaden. Oppdraget har dei fått av Helse- og omsorgsdepartementet.

Foto: Kristin Granbo / NRK

Senteret opnar 23. september på Oslo universitetssjukehus, og skal i første omgang halde på i ti år.

Før dei store framstega i forskinga, er Majak tydeleg på at mykje skal gjerast for å betre både diagnostisering og behandling.

Ho fortel om eit viktig delmål: At mange fleire blir fanga opp lenge før sjukdomen utviklar seg til å bli så ille som hos Caroline Pettersen.

– Viss vi kjem til med god hjelp tidleg, vil risikoen for å utvikle kronisk smerteproblematikk bli mindre. Å overvinne sjukdomen slik at ikkje fullt så mange liv blir øydelagt, er eit heilt oppnåeleg mål, fastslår overlegen.

  • Ein anna kvinnesjukdom gir tre gonger auka risiko for diabetes:

Brukar tens-maskin for å kjenne på ei anna type smerte

Caroline Pettersen har prøvd alt for å bli frisk, fortel ho. Ingenting har hjelpt.

Ho har testa alle hormonelle preparat som brukast mot lidinga, gått til fysioterapeut for å trene opp bekkenbotnen, prøvd ei rekke ulike diettar og kutta ut fleire store matvaregrupper. Ho har også blitt operert to gonger på privat sjukehus.

For å kome seg gjennom dagane, brukar ho morfin og smertemaskin.

Magen til Caroline Pettersen med pads og ledninger som er festet i tens-maskin.

Like etter operasjon nummer to, brukte Caroline Pettersen Tens-maskina nesten døgnet rundt.

Foto: Caroline Pettersen

Dette hjelper ikkje mot endometriose, men mot smertene. Til ein viss grad. Straumen frå Tens-maskina sendast anten via pads på magen og korsryggen, eller direkte inn i bekkenbotnen med ein vaginal probe.

– Smertene eg får av tens-maskina er ikkje sterkare enn smertene endometriose gir. Men det er ei anna type sensasjon. Det blir som ei pause frå smertene eg har heile tida, forklarer Pettersen.

  • Sjå korleis folk i redaksjonen takla smertene frå Tens-maskina:

Klarer ikkje stå i jobb

I vinter skal Pettersen bli operert for tredje gong – då med dekning frå staten.

– Om den gjer meg 20 prosent betre, eller 2 prosent betre, aner er ikkje.

Men ho føler ho ikkje har noko å tape.

24-åringen som tidlegare jobba, tok utdanning innan UX-design og dreiv med motocross på høgt nivå, er no jamleg innlagt på sjukehus og får arbeidsavklaringspengar frå Nav.

Caroline Pettersen på motocross-sykkel i gjørme.

Caroline Pettersen har drive aktivt med motocross før endometriosen tok overhand.

Foto: Daniel Rodolfi

– Smertene styrer verkeleg absolutt alt i livet mitt.

Overlege Guri Majak understrekar at endometriose-pasientane er veldig forskjellige. Både når det gjeld grad av smerte og kva behandling som har effekt.

Ho er tydeleg på at fleire av pasientane må koplast med eit tverrfagleg team. Ikkje berre ein gynekolog.

– Dette krev eit helsevesen som er rusta for det, og bemanna for det, seier Majak.

  • Forskarar har funne eit pulver som skal gjere mensen til gelé:

Publisert 22.09.2024, kl. 08.48

Read Entire Article