Redningsaksjon på Store Skagastølstind – to klatrar treng hjelp med å kome seg ned

1 month ago 20



Ein redningsaksjon er i gang på Store Skagastølstind i Luster. To klatrarar, ein utanlandsk mann og ei utanlandsk kvinne, har kome ut av stien på om lag 2200 meter høgd.

Politiet fekk melding om situasjonen litt over midnatt, og har hatt dialog med klatrarane gjennom natta.

– Klatrarane er uskadde, men dei opplyser at dei er våte og kalde, seier operasjonsleiar Tore-Andre Brakstad.

Dei har meldt at dei har med seg tilstrekkeleg utstyr og klede på turen.

Det er ikkje mogleg å fly til klatrarane sin posisjon på grunn av verforholda. Tre medlemmar frå Alpin redningsgruppe er flogne så langt opp fjellet som mogleg, der dei tar seg vidare til fots.

Nytt tilfelle på kort tid

Dette er ikkje første gong redningsmannskap har måtta rykke ut til Store Skagastølstind. For berre to veker sidan vart ein liknande redningsaksjon gjennomført, då to turgåarar kom i naud på same fjell.

Den gongen varte redningsaksjonen i over 12 timar, før turgåarane vart frakta ned. Også den gongen handla det om personar som hadde kome seg ut av ruta på vegen opp.

Store Skagastølstind, også kjent som Storen, er Noregs tredje høgaste fjell og eit populært mål for erfarne klatrarar og turgåarar.

Fjellet er kjent for sine krevjande forhold, og det er har vore fleire tilfelle før der folk har trengt hjelp med å kome seg ned.

Redningsaksjon på Store Skagastølstind

Her er frå førre redningsaksjon på Store Skagastølstind for berre to veker sidan.

Foto: Halvor Dannevig / Norske alpine redningsgrupper

Publisert 07.08.2024, kl. 08.23 Oppdatert 07.08.2024, kl. 08.34

Read Entire Article