Reagerer kraftig på at Stortinget vil stanse Statsforvaltaren

1 hour ago 1



Stortinget skal i dag vedta at Statsforvaltaren i Agder skal stanse arbeidet med å oppheve byggevedtak i strandsona.

Fleirtalet i saka (H, KrF, Sp og Frp) blir kraftig kritisert for å blande seg på denne måten.

Mirell Høyer-Berntsen (SV) meiner fleirtalet vil stanse Statsforvaltaren i sin kontroll sidan dei ikkje likar utfallet.

– Hadde vi akseptert dette på andre område som Statsforvaltaren har tilsyn med? Til dømes om det blei avdekka alvorlege avvik i opplæringa og nokon deretter foreslo at kontrollen skulle bli stansa sidan den skapte uro, sa Høyer Berntsen i Stortinget fredag.

Statsforvaltaren i Agder har oppheve fem saker i Agder. I enkelte av dei var folk i gang med arbeidet.

Stian Storbukås (Frp) sa i Stortinget at det var vanskeleg å sette ord på det Statsforvaltaren driv med.

–Eg har prøvd å tenke ut korleis eg skal beskrive dette og har vel kome fram til “misforstått aksjonisme”, sa Storbukås.

Statsforvaltaren har blitt kritisert for å ikkje ha gripe inn før. Gjennomgangen i strandsona kom etter saka med kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og familien si hytte i Farsund.

Read Entire Article