- Statsforvaltaren burde ha reagert tidlegare

1 hour ago 1



Kommunalminister Bjørnar Skjæran er samd i at Statsforvaltaren i Agder har handla for seint i strandsonesakene på Sørlandet.

–Eg er samd i at Statsforvaltaren burde ha reagert tidlegare i desse sakene, sa han i Stortinget fredag.

Stortingsfleirtalet vil pålegge Skjæran å gripe inn overfor Statsforvaltaren i Agder. Statsforvaltaren har oppheva fleire vedtak om å bygge i strandsona.

Statsforvaltaren har konkludert med at kommunane ikkje hadde anledning til å fatte vedtak om dispensasjon.

Så har dei blitt kritisert for å ikkje ha gripe inn tidlegare.

Statsforvaltar Gina Lund vil ikkje stille til intervju no. Ho seier følgjande i ein e-post på fredag.

– Vi avventar statsråden si oppfølging av vedtaket fredag.

Skjæran har ikkje ynskja å gripe inn overfor Statsforvaltaren, men eit fleirtal i Stortinget vil pålegge han dette.

Read Entire Article