Raud Ungdom held «hemmeleg» landsmøte: – Min tillit er per nå tynnsliten

12 hours ago 5



Ein eller annan gong i løpet av påska skal Raud Ungdom (RU) halde landsmøte.

På spørsmål frå NRK svarer RU-leiar Halvor Bergkvist at møtet skal gå føre seg i Oslo, men så mykje meir vil han ikkje seie.

Han ber om å få svare skriftleg på spørsmål, fordi han er «opptatt med landsmøteførebuingar» tysdag ettermiddag og onsdag formiddag.

– Raud Ungdom sitt landsstyre har ønskt å ha eit internt landsmøte med open debatt internt. Dette er særleg av omsyn til dei yngre medlemmene våre, skriv han i ein e-post.

– Vi skal diskutere prinsipprogram, strategi og vedtekter, skriv han vidare og legg til at Raudts nestleiar Sofie Marhaug er invitert til å halde helsingstale.

Sofie Marhaug, Rødt

Nestleiar Sofie Marhaug er invitert til Raud Ungdoms landsmøte, fortel leiar Halvor Bergkvist.

Foto: William Jobling

Fleire i moderpartiet Raudt reagerer på den manglande openheita rundt landsmøtet.

– Min tillit til RU er per nå tynnsliten, så det som skjer på landsmøtet i helga er viktig, skriv landsstyrerepresentant Anne-Marith Rasmussen frå Troms Raudt i ein SMS til NRK.

– Eg håpar både vi i Raudt og samfunnet elles blir gitt innsyn i prosessane og drøftingane på landsmøtet, fortset ho.

En kvinne med mørkt hår i en gråstripet skjorte. I bakgrunnen er en stor logo for det politiske partiet Rødt.

Anne-Marith Rasmussen, landsstyrerepresentant frå Troms Raudt, seier tilliten hennar til Raud Ungdom per nå er tynnsliten.

Foto: Privat

RU-leiar Bergkvist seier vedtak frå landsmøtet vil offentleggjerast i etterkant.

– Veldig spesielt

Også Naomi Wessel, som er medlem i sentralstyret i Raudt, reagerer på at detaljar om landsmøtet blir haldne hemmeleg.

– Det høyrest veldig spesielt ut, eg har ikkje høyrt om noko sånn før. Det er best for alle å jobbe ope og gjennomsiktig, seier Wessel til NRK.

Landsmøte for partiet Rødt i Stavan

Naomi Wessel, sentralstyremedlem i Raudt, ber Raud Ungdom vurdere om dei er på linje med moderpartiet.

Foto: NRK

Magni Svarstad, bystyrerepresentant for Raudt i Trondheim, synest det er rart.

– Det vitnar vel kanskje om at det er nokre ungdommar som er meir interesserte i å leike teori enn å drive med politikk, seier Svarstad.

– Det synest eg ikkje noko om. Partiet Raudt har kjempa for meiroffentlegheit i politikken på alle plan i alle år, seier partinestor Terje Kollbotn.

Han er landsstyrerepresentant og sit på Stortinget frå Raudt Hordaland frå 1. oktober, når Sofie Marhaug skal i permisjon.

– Når Raud Ungdom vel den motsette strategien og held landsmøtet hemmeleg, betyr det å isolere seg frå dei som bryr seg om Raud Ungdoms framtid. Det bør dei endre på, meiner Kollbotn.

Terje Kollbotn (R) i Ullensvang (Odda) seier blankt nei til å leggja ned skular i kommunar

Terje Kollbotn blei sjølv medlem av Raud Ungdom i 1973. Ha meiner Raudt treng RU, og at RU treng Raudt.

Foto: NRK

Partisekretær Reidar Strisland i Raudt seier RU sjølv er ansvarleg for arrangementa sine.

– Men vi har vore i kontakt med Raud Ungdom og oppfordra dei til openheit. Raudt har full openheit rundt landsmøta våre med saksdokument liggande på nettsida. Eg synest dette er ein god praksis, seier Strisland til NRK.

Stemmer om «folkemilits»

Sjølv om RU ikkje ønsker å oppgi kva som skal diskuterast på møtet, har nokre detaljar komne ut.

Ifølge Klassekampen skal RU stemme over eit forslag om å innføre ein «folkemilits».

Forslaget lyder slik, ifølge Klassekampen:

«Arbeidarrørsla må organisere eigne sjølvforsvarsorganisasjonar for å forsvare streikar, demonstrasjonar, okkupasjonar og møte frå fascistar og politi. Vi krev at hæren blir lagd ned, og blir bytte ut med ein folkemilits under den demokratiske kontrollen til arbeidarrørsla.»

Bergkvist seier til Klassekampen at det ikkje er han som har stilt forslaget.

En mann i dress står ved siden av en hvit taxi. Bilen har reklame for OsloTaxi og Taxi fix. I bakgrunnen er det trær og en bygning. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Partisekretær Reidar Strisland i Raudt seier dei har oppfordra Raud Ungdom til å vise openheit om landsmøtet sitt.

Foto: Lise Åserud / NTB

Partisekretær Strisland seier forslaget skil seg fundamentalt frå Raudts politikk.

– Raudt vil styrke Noregs nasjonale forsvarsevne for å sikre sjølvstendet vårt, med styrking av hæren, Heimevernet, Sivilforsvaret og luftvern til vern av befolkninga, seier han.

Etterlyser klarleik

Ordlyden fell ikkje i god jord hos representantar frå moderpartiet Raudt.

– Det høyrest ganske søkt ut, eigentleg. Det er ikkje noko eg kan stå inne for, i alle fall, seier sentralstyremedlem Wessel.

Ho seier Raud Ungdom er velkomne til å ha andre prosjekt, men at dei får ha det på eiga hand. Wessel meiner RU må spørje seg om dei faktisk ønsker å vere ein del av Raudt.

– Dei må vurdere om dei er på linje med oss.

– Synest du dei er på linje med dykk?

– Det verkar kanskje ikkje sånn, seier Wessel.

Rasmussen frå Troms etterlyser klarleik frå Raud Ungdom.

– Det er per nå uklart for meg om dei ønsker å stå i ein demokratisk tradisjon, og om dei tar avstand frå all bruk av politisk vald. Dette er avgjerande for at dei kan fortsette å vere ungdomspartiet til Raudt.

Trur RU sleit etter covid

Sentralstyremedlem i Raudt, Joachim Espe, har tidlegare sagt til Klassekampen at moderpartiet må ha ta ein ærleg og open diskusjon om banda til RU skal kuttast.

Bystyrerepresentant Svarstad meiner det er feil ende å starte diskusjonen i.

– Eg trur Raud Ungdom, som mange andre ungdomsorganisasjonar, sleit veldig etter korona, og blei veldig små. Så trur eg nok vi i moderpartiet gløymde dei litt. Vi hjelpte dei ikkje så godt som vi burde, seier Svarstad.

En kvinne med langt mørk hår med briller med tynn stålinnfatning som ser rett i kamera. Hun er ikledd en blåstripet skjorte. Bildet er tatt utendørs i en gate med bygårder i bakgrunnen.

Magni Svarstad, bystyrerepresentant for Raudt i Trondheim, trur Raud Ungdom blei veldig små etter koronapandemien, og at Raudt kunne hjelpt dei meir i ettertid.

Foto: Egil Swan Heistad / Rødt

Ho meiner å sjå at mange organisasjonar slit med det frivillige og å halde oppe jamn og stor aktivitet rundt i landet.

– Blir ein veldig små og få aktive, er det lett å kanskje miste litt kontakt med kvardagslivet og realitetane, seier Svarstad.

– Raudt treng RU

RU-leiar Bergkvist opplyser til NRK at ungdomspartiet får 2 millionar kroner i året i samsvar med Raudts økonomiske retningslinjer.

– Som Raudts ungdomsorganisasjon har vi eit nært forhold til Raudt. Vi forheld oss til kritikken og diskuterer han internt i Raud Ungdom og med Raudt. Vi jobbar for å styrke og betre forholdet der det trengst, skriv han i ein e-post.

Partisekretær Strisland erkjenner at det har vore friksjon mellom Raudt og RU denne toårsperioden.

– Men vi opplever eit godt samarbeid med nåverande leiar, og håpar Raud Ungdoms landsmøte peikar ut ein kurs for eit betre og tettare samarbeid med moderpartiet framover, seier han.

Partinestor Kollbotn fortel sjølv at han blei medlem av RU i 1973, og meiner ungdomsorganisasjonen er ein viktig rekrutteringsarena.

– Raudt treng Raud Ungdom, og eg trur Raud Ungdom også treng Raudt i framtida, seier Kollbotn.

Han seier RU er ein sjølvstendig organisasjon, og at moderpartiet nå må avvente vedtak frå landsmøtet.

– Så får vi vurdere korleis det vidare samarbeidet og kontakten skal vere.

Publisert 01.04.2026, kl. 21.57

Read Entire Article