På ein Palestina-demonstrasjon i Oslo brukte politiet peparspray på det dei sjølv kallar ein fredeleg demonstrasjon.

Publisert 17.06.2025 16:32
Ein pro-Palestinademonstrasjon utanfor den israelske ambassaden Oslo den 9. juni setter sinne i kok.
Demonstrantane vart lagt i bakken og pepperspraya, og er sjokkert over politiet si behandling.
Politiet meiner det var naudsynt, og at demonstrasjonen ikkje var meldt inn i forvegen.
– Kom som eit sjokk
Ei av dei som var på demonstrasjonen, var Raghad Abu Shaker. Ho er tidlegare leiar av Studenter for Palestina, og har delteke på mange demonstrasjonar.
I tillegg er ho palestinar sjølv, og flytta til Noreg frå Syria i 2016.
Ho meiner politiet tok altfor hardt i under demonstrasjonen.
– Det kom som eit sjokk. Kvar gong dei møter opp er me fredelege. Me var ikkje valdelege i det heile, seier Abu Shaker.
Etter kvart som demonstrasjonen held fram, går demonstrantane nærare og nærare den israelske ambassaden.
Dei blir bede om å trekka seg bak, noko dei gjer, ifølge Abu Shaker. Ho fortel vidare at politiet då starta å dytta på demonstrantane, og setta opp gjerde - og brukte desse på det ho kallar ein «aggressiv måte».
Shaker har sjølv vore kontaktperson for fleire demonstrasjonar, og har derfor hatt mykje kontakt med politiet. Ho har tidlegare opplevd politiet som villige til dialog, og lette å samarbeide med.

Spontandemonstrasjon
Måndagens demonstrasjonen vart nemleg ikkje søkt om.
– Det var ein spontan demo. Men det er jo ein lovleg rett. Det vesle eg har er ytringsfridomen min, og det er viktig for meg å bruka stemma mi, seier ho.
Etter kvart blei politiet meir fysisk, la fleire i bakken, og brukte peparspray.
Abu Shaker måtte til legevakta med pustevanskar etter å ha blitt spraya, og syns heile situasjonen var svært ubehageleg.
Ifølge ho var det fleire mindreårige og ungar i barnevogn då politiet brukte peparspray.
Årsaka til den spontane demonstrasjonen var for å protestera mot det israelske forsvaret som borda aktivistbåten «Madleen» med mellom anna Greta Thunberg om bord.

Politiet: – Såg oss nødd til å gripa inn
Torgeir Lindstad er fungerande leiar av Felles eining for operativ teneste i Oslo politidistrikt.
Han seier det er eit krav at demonstrasjonar blir melde til politiet i forkant, og at dei har eit spesielt ansvar for å beskytta ambassadar i tråd med Wien-konvensjonen.
– Demonstrasjonen var ikkje meldt til politiet i forkant, noko som gjer det vanskelegare for politiet å legge til rette for bruk av ytringsfridomen og lågare terskel for å gripa inn, seier Lindstad til TV 2.
Han seier politiet bad demonstrantane stilla seg ein annan plass, og at fleire av dei valde å motsetta seg dette, og at det blei gjeve fleire pålegg frå politiet før dei måtte gripa inn.
– Urovekkande
Stortingspolitikar for Miljøpartiet dei Grøne, Sigrid Heiberg, reagerer på behandlinga demonstrantane fekk.
– Eg tenkjer dette er endå eit eksempel på ei urovekkande utvikling der folk som demonstrerer mot klimakrise og folkemord blir slått hardt ned på av norsk politi og norske styresmakter, seier Heiberg.
Ho seier ho er uroa for ytringsfridomen til norske palestina-aktivistar, og vil ta saka til Stortinget.
