Dei siste to åra har kiloprisen på poteter meir enn dobla seg.
– Det er synd at potet nærast skal bli sett på som ei delikatesse, heller enn noko som alltid har vore på matbordet, seier Marte Ulltang, klinisk ernæringsfysiolog og potetentusiast.
Ho er redd auka potetprisar vil føre til at folk vel andre og dårlegare alternativ.
– Med ein så dyr kilopris risikerer vi at folk vel meir prosesserte potetprodukt, med mindre næringsinnhald.
I eit historisk perspektiv har poteta spelt ei viktig rolle for det norske kosthaldet. Den har gitt oss matsikkerheit, og har alltid vore eit fast inventar i norske hushaldningar.
Foto: Ann Beate Eikås Hovland / NRK– Nypoteter i juni har alltid hatt litt høy pris
Då regjeringa sette opp tollen på utanlandske poteter for to år sidan, blei dei åtvara om at høgare prisar ville «smitte» over på norske poteter.
Tidlegare landbruksminister Geir Pollestad (Sp) avviste spådomane om at våre eigne poteter kunne bli dobbelt så dyre.
To år seinare står han på sitt:
– Du kan framleis gå på butikken og kjøpe poteter til 20 kroner kiloen, seier han.
– Nypoteter i juni har alltid hatt litt høy pris.
– Ei bjørneteneste for norske forbrukarar
På lågpriskjedene Coop Extra og Rema 100 er kiloprisen på norske gule, nypoteter over 50 kroner denne veka.
– Det er ikkje spesielt overraskande, seier Ivar Gaasland.
Han er førsteamanuensis ved Institutt for samfunnsøkonomi på BI, og blant dei som spådde at prisen på norske grønsaker ville auke som følge av dei nye tollsatsane.
Om det er nokon trøyst: I Japan steg risprisane med 101,7 prosent i mai samanlikna med året før – den kraftigaste prisveksten på meir enn 50 år.
Gaasland meiner auka tollsatsar i praksis betyr importforbod, og at prisane vil halde fram med å stige.
Foto: Nina Kausland/NRKMed mindre konkurranse i verdikjeda blir det rom for å sette opp prisane på dei norske varene, og då vil folk velje andre alternativ.
– Norske forbrukarar tvingast til å kjøpe gamle poteter heilt til dei norske nypotetene kjem på marknaden. Kanskje er det ei bjørneteneste for norske forbrukarar, som kan ete andre varer som ris eller pasta.
Synest du poteta er blitt dyrt? 🥔
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Landbruksdepartementet svarar i ein e-post til NRK at tollen beskyttar norske varer frå utanlandsk konkurranse, og at prisane ikkje har blitt så høge som enkelte spådde.
Betre tider for norske potetbønder
– Det er betre å legge igjen pengar på norske poteter som bonden sit igjen med, enn at dei skal gå til franske bønder, seier Håkon Bø Hitland, kvalitet- og logistikk-koordinator i Sogn frukt og grønt SA.
Dei leverer frukt og grønt frå Sogn, og ser positivt på den auka tollen.
Bøndene har fått større leveringskvote. Dei kan auke produksjonen, og tene meir på salet.
Prisen på utanlandske poteter har også stige, og kan koste over 100 kroner kiloen.
Foto: Ann Beate Eikås Hovland / NRK– Det er klart at når ein får produsere og levere meir, så tener du òg meir pengar. Det er i alle fall betydeleg betre tider for norske bønder, seier leiar i Vestland bondelag, Jan Erik Fløtre.
Men akkurat kor pengane du legg igjen i kassa går, er vanskeleg å vite.
Bonden, sjåføren, leverandøren og forhandlaren skal alle ha ein bit av potetkaka.
Ei heit potet
Marte Ulltang har ingenting i mot å ete poteter som syng på siste vers, det er jo trass alt bra å ete opp maten.
Forsking viser derimot at potetinntaket til nordmenn er kutta med ein femtedel.
– Eg rår folk til å handle når det er på tilbod, men det er klart at det er lettare å velje dårlegare alternativ som ris eller pasta.
Dersom folk tyr til andre karbohydrat til middagen, håpar ho dei i det minste vel fullkorn.
Foto: Ann Beate Eikås Hovland / NRKSjølv slår ho eit slag for poteta.
– Eg syntest poteta har fått eit litt ufortent dårleg rykte dei siste åra. Den er jo fantastisk næringsrik, og har ei viktig kulturell betydning.
– Den er viktig på matbordet i norske heimar.
Publisert 24.06.2025, kl. 11.55