Pøser inn 13 milliardar for å hente ut meir olje

6 hours ago 3



– Med denne milliardinvesteringa kan ein hente ut olje til totalt 35 milliardar kroner. Det er store tal og ressursar, seier energirådgjevar Ulf Rosenberg.

13 milliardar kroner skal Equinor og samarbeidspartnarar investere i Johan Sverdrup.

Dette er eit av dei største oljefelta på norsk sokkel.

Plattforma produserer kring 755.000 fat med olje kvar dag.

Med dagens oljepris svarar det til det 500 millionar kroner dagen.

I dag kjem kvart tredje fat olje på norsk sokkel frå feltet.

en mann i dress

Ulf Rosenberg har lenge følgd oljebransjen frå Stavanger-regionen.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Rosenberg har følgd oljebransjen tett i 40 år som journalist og rådgjevar, og leiar prosjektet Energihovedstaden i regi av Næringsforeningen i Stavanger-regionen.

Satsinga blir kalla fase 3. Les meir om den under:

I fjor sette Johan Sverdrup produksjonsrekord med 260 millionar fat olje, som er tidenes høgste årlege produksjon frå eit norsk felt.

Stabil energiforsyning til Europa

Utvinninga frå Johan Sverdrup er allereie på 66 prosent. Det betyr at to tredelar av olja i reservoaret er venta å bli henta opp.

Til samanlikning er gjennomsnittet for norsk sokkel 47 prosent. Det gjer feltet både effektivt og ekstra verdifullt for både statskassa og oljeselskapa.

Men fase 3-prosjektet vil bidra til å auke ytterlegare opp mot 75 prosent utvinning.

– Prosjektet aukar verdiskapinga frå Johan Sverdrup. Samstundes bidreg det til stabil energiforsyning til Europa, seier Trond Bokn, direktør for prosjektutvikling i Equinor.

en mann med et ansikt

Direktør for prosjektutvikling i Equinor, Trond Bokn.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Equinor har som ambisjon å halde fram med ein høg produksjon av olje og gass på norsk sokkel fram mot 2035.

– Johan Sverdrup fase 3 er eit av fleire prosjekt der det blir gjort investeringsvedtak i år. Dette bygg opp under ambisjonane våre, seier Marianne Bjelland, produksjonsdirektør for Johan Sverdrup.

Fryktar budsjettoverskriding

Investeringa på 13 milliardar kroner er stor, men ikkje så stor at den må behandlast på Stortinget.

Grensa går på 15 milliardar kroner.

– Eg fryktar at ein får budsjettoverskriding, kostnadssprekk og at saka likevel burde vore behandla av Stortinget, seier Lars Haltbrekken (SV).

en person i dress

Lars Haltbrekken, nestleiar for SV, meiner prosjektet er ei sak som bør behandlast på Stortinget.

Foto: William Jobling / NRK

Han held fram:

– Vi er i ei tid der vi set nye temperaturrekordar. Og det å setje i gang enda meir produksjon av fossil energi meiner vi er galskap, seier nestleiaren.

– Ny trend på norsk sokkel

Investeringa er berre eit av fleire slike prosjekt Equinor planlegg.

Dei neste ti åra skal rundt 50 liknande prosjekt setjast i gang.

– Dette er eit eksempel på fleire prosjekt som liknar, ein megatrend på norsk sokkel, seier Rosenberg.

Planlagt oppstart for Johan Sverdrup fase 3 er i slutten av 2027.

Publisert 01.07.2025, kl. 07.00 Oppdatert 01.07.2025, kl. 08.00

Read Entire Article