Regjeringa ynskjer å få bukt med smuglinga av fisk frå norske fjordar.
Frå 1. august blir det påbode med dagleg fangstrapportering for turistfiskebedrifter.
Det vil også bli innført 12 års aldersgrense for å bruke utførselskvote, og det blir strengare krav til utførselsdokumentasjon ved grensepassering.
– Ei berekraftig turistfiskenæring
– Frå regjeringa si side er det ei målsetting å gjere turistfisket meir berekraftig og styrke kontrollen. Turistfiskenæringa er viktig for verdiskaping, arbeidsplassar og aktivitet langs kysten, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap)
Ho fortel om dei ulike reglane som i august blir innført:
– Kravet om dagleg fangstrapportering vil gje oss eit betre datagrunnlag for uttaket i turistfisket. Aldersgrensa og strengare krav til utførselsdokumentasjon vil samtidig gjere Tolletaten sitt viktige kontrollarbeid enklare.
– Kan hende turistane reiser til Island
Ekaterina Trunova ved turistsenteret Vikran Vacation, tre mil frå Tromsø, fortel at dei har besøk av turistar frå mellom anna Tyskland, Nederland og Austerrike.
– Dei kjem for å oppleve havfiske. Mange planlegg turen eitt år i førevegen. Dei møtast for å kjøpe utstyr, og dei har masse forventningar før dei kjem hit.
Ho høyrer mange turistar som diskuterer reglane når dei kjem tilbake frå fisketurar.
– Dersom dei blir fråtekne fiskemoglegheiter, kan det hende dei reiser til Island i staden for Noreg, trur ho.
Ho fortel om ein samtale ho hadde med ein turist:
– Eg spurte kvifor han berre tok ein liten del av fisken. Han sa at det var på grunn av kvoten. No vel dei berre å ta den beste delen av fisken. 10 kg per person betyr ikkje nødvendigvis at folk stoppar å fiske, seier ho og legg til:
– Viss dei taper mogelegheita til å ta fisken med seg, blir kostnaden betydeleg meir for dei, med tanke på det dei sit igjen med frå turen.
Ekaterina Trunova ved Vikran Vacation seier bedrifta må vurdere om dei må satse på noko meir enn berre fisketurisme framover.
Foto: Marita Andersen / NRKReduserer utførselskvoten gradvis
Fiskeridirektoratet gjennomførte på bestilling frå fiskeri- og havministeren ei høyring av fleire forslag til tiltak for regulering av turistfiske.
Fiskeri- og havministeren har bestemt å gradvis redusere utførselskvoten frå neste år. Frå neste år blir kvoten redusert til 15 kilo to gonger i året, og frå 2027 blir kvoten 10 kilo to gonger i året.
Det er i dag over 2000 registrerte turistfiskebedrifter langs kysten av Noreg.
– Eg har lytta til turistfiskenæringa, som seier at ei nedjustering frå denne sesongen vil skape stor usikkerheit for dei og for gjestene deira. Derfor endrar vi ikkje kvoten i år. Dette meiner eg vil gje næringa god tid til å innrette seg mot å satse på turisme som set fiskeopplevinga i sentrum, seier ho.
Varslar fleire tiltak
Det blei i høyringa også føreslått andre tiltak, mellom anna innfrysingsforbod. Desse tiltaka skal bli greia ut ytterlegare før dei eventuelt blir innførte.
Forslaga som har vore på høyring, er berre delar av forslaga som vart presenterte i rapporten frå Fiskeridirektoratet si arbeidsgruppe i fjor.
– Dette er berre første etappe. Fiskeridirektoratet jobbar med å greie ut fleire tiltak, og det vil komme ei ny høyring seinare i år.
– Turistfiskebedriftene er viktig for aktivitet og verdiskaping langs kysten. I det vidare arbeidet vil vi ha tett kontakt med aktørane for å følge opp tiltaka, og sjå på effektane, seier fiskeriministeren.
Publisert 01.07.2025, kl. 06.00