– Politiet erfarer at miljøet som selde narkotika utanfor desse forretningane og minibanken no er borte.
Det seier den erfarne politioverbetjenten Lasse Johnsen til NRK.
Minibanken det er snakk om ligg på Grønland i Oslo og har ifølgje politiet lenge vore ein samlingsstad for omsetning av narkotika.
Lasse Johnsen er politioverbetjent og har i mange år jobba på gata i Oslo sentrum.
Foto: Håkon Benjaminsen / NRK– Ran, vald og uro
– Dette er eit område der befolkninga har meldt om at dei har ein lågare tryggleik enn andre plassar i byen.
Det sa Johnsen til NRK i desember i fjor. Han gjekk då ut med eit klart ønske frå politiet om at fleire minibankar på gateplan i Oslo må stengast.
– Det er ran, vald og uro ved minibankane, særleg i belasta område, sa Johnsen då.
Dette underbyggjer hypotesen om at desse tilboda bidrog til uønskt aktivitetar, meiner politiet.
– Det er gledeleg å høyre at bebuarar og næringsdrivande opplever positive endringar i området, seier Johnsen.
Ulovleg etablert
Før minibanken blei stengd, var politiet i dialog med dei som dreiv forretning i lokalet.
Men det var eit samarbeid med Oslo kommune som førte til stenginga. For det var ikkje søkt løyve hos Plan- og bygningsetaten (PBE) for å etablere minibanken.
PBE tok politiet sine åtvaringar på alvor og sette foten ned for både minibanken og den tilhøyrande butikken.
I sitt vedtak skriv dei at minibanken allereie fører med seg, og vil halde fram med å føre til «fare og særleg ulempe».
– Vi finn at tiltaket vil bidra negativt til tryggleiken for området sine bebuarar og brukarar, skriv Oslo kommune.
– Feil vurdering
Sivilarkitekt Bartek Szczesniak i Ramme Arkitekter, som har søkt om bruksløyve for minibanken, er ikkje nøgd med verken politiet eller kommunen i denne saka.
– Eg meiner dette er feil vurdering. Dei svarar ikkje på folk sitt behov for å sleppe å gå langt for å kunne ta ut pengar, seier arkitekten til NRK.
– Vurderer de å klage på vedtaket?
– Det vil i så falle vere ein tung klage med høge kostnader. Det er jo i så fall ein kamp mot myndigheitene.
Videoen under syner narkosal ved den aktuelle minibanken på Grønland i Oslo.
Video viser menn som kjøper og selger narkotika ved en minibank i Oslo.
Oslo politidistriktNRK har forsøkt lang tid å få ein kommentar frå minibank-eigaren Euronet, som er eit av verdas største kontant-firma.
Dei har ikkje svart oss, trass ei rekke forsøk.
Vil vere nærare
Politiet ønskjer ikkje å fjerne alle dei gateplasserte minibankane, men dei som ligg tett på opne narkotikamiljø, og i område med høg kriminalitet.
Politioverbetjent Lasse Johnsen meiner at dette viser at dei klarer å kome enda tettare på innbyggjarane og nærmiljøet.
Blant anna ved at dei har etablert nærpolitiseksjonen.
– Politiet kjem nærare innbyggjarar, næringsliv og andre offentlege samarbeidsaktørar ved å vere meir synleg til stades i bydelane, seier Johnsen.
Dei siste åra har det blitt færre og færre minibankar i Noreg. Berre om lag 3 prosent av all handel her i landet skjer med kontantar.
Trass dette bestemte eit fleirtal på Stortinget i juni å styrke retten til å betale kontant for varer og tenester.
Videoen under syner ranet av ei kvinne ved ein minibank nær Youngstorget i Oslo.
Publisert 21.03.2025, kl. 14.03 Oppdatert 21.03.2025, kl. 14.26