Politiet fortvilar over korttenkte bilistar

1 month ago 28



– Det kan rett og slett vera farleg, seier UP-sjef.

 Magnus Nøkland/ TV 2
NY LASERMÅLAR: Politiet har tatt i bruk nytt verktøy for å stogge råkøyrarane. Men det hjelp lite om dei allerede veit om kontrollane. Foto: Magnus Nøkland/ TV 2

Publisert 12.08.2024 15:48

Saka oppsummert

Utrykkingspolitiet i Vest uttrykkjer frustrasjon over at trafikkontrollar blir varsla via appar og sosiale media.

Det kan potensielt varsla både ruspåverka bilistar og dei som bevisst køyrer altfor fort, slik at UP ikkje får stogga dei.

Oppsummeringen er laget med kunstig intelligens (KI) fra OpenAI. Innholdet er kvalitetssikret av TV 2s journalister.

Alvorsorda frå Utrykkingspolitiet (UP) i Vest kjem etter dystre resultat i fleire fartskontrollar førre veke.

Tysdag 6. august stogga dei ein mann i 40-åra som vart målt til 116 km/t i 80-sona i Sogndal. Mannen blåste i tillegg over lovleg verdi i alkometeret.

Torsdag 8. august målte dei eit køyretøy til heile 140 km/t i 80-sona på Hemsedalsfjellet. Mannen i slutten av 30-åra slo i tillegg ut på cannabis på spyttprøven.

På same dag, på same plass, kom ein amfetaminrusa mann i 40-åra køyrande. Han heldt 111 km/t i 80-sona.

På totalt tre kontrollar i Sogndal, Lærdal og på Hemsedalsfjellet skreiv UP Vest ut 64 fartsbøter.

Det er likevel ikkje det som er aller mest fortvilande for Utrykkingspolitiet.

– Finst folk du rett og slett ikkje vil møte

– Det er ei utfordring med at kontrollane våre blir varsla av bilistar via appar, sosiale media eller verktøy som SafeDrive, seier assisterande distriktsleiar Eivind Hellesund i UP Vest til TV 2.

Han meiner det er korttenkt å varsle andre bilistar om at det er kontroll. 

For då blir også dei som bevisst køyrer for fort varsla, i tillegg til dei som kan vera ruspåverka bak rattet.

Det er rett og slett farleg, seier Hellesund.

– Mange gløymer at det finst bilistar ein ikkje vil møte på vegane. Både dei som er påverka og dei som bevisst køyrer for fort. Marginane blir veldig små om nokon slike kjem mot deg i 130-140 km/t i timen, påpeikar Hellesund.

161 km/t i 60-sona: Her må dei kaste seg unna

Får varsel medan dei blir tekne

UP-mannskapet merkar på mange ulike måtar at kontrollane deira er blitt spreidd på sosiale media og/eller appar.

Ifølge Hellesund både tutar og vinkar folk. Andre seier rett ut at dei var klar over at det var kontroll når dei blir vinka inn til sida.

I tillegg finst det meir utrulege variantar.

– Vi stogga ein motorsyklist på Haugalandet no i vår. I det mannskapet tok han inn til kontroll, kom det eit «pling» frå mobilen hans. Der fekk han beskjed om at UP hadde kontroll i området.

Hellesund påpeikar at han veit varslingane også kan føre til at folk seinkar farten.

– Men då køyrer dei gjerne fort etter at dei har passert kontrollen. Bilistar med fart over førarkortbeslag, køyrer som oftast for fort heilt bevisst. 

– Om dei blir åtvara om kontrollane våre, får vi ikkje tatt verstingane. Det er fortvilande.

Vart treft av ruskøyrar: – Rakk å tenke at ungane ville veksa opp utan oss

Urovekkande trend

Sommartid er som oftast ei travel tid for Utrykkingspolitiet over heile landet. 

Dei held hyppige kontrollar fleire stader for å sørge for ein trafikksikker sommar på vegane.

Sjølv om årets sommar ikkje er heilt over enno, ser distriktssjefen ein trend dei ikkje likar.

– Vi har tatt fleire førarkort enn i fjor. Og då er det altså snakk om grove fartsovertredelsar. Men det er for tidleg enno å konkludere om årets sommar.

Dette er grensene for å miste førerkortet:

  • 30-sone: 56 km/t
  • 40-sone: 66 km/t
  • 50-sone: 76 km/t
  • 60-sone: 86 km/t
  • 70-sone: 106 km/t
  • 80-sone: 116 km/t
  • 90-sone: 126 km/t
  • 100-sone: 141 km/t
  • 110-sone: 151 km/t
Read Entire Article