Politiet åtvarar mot svindelforsøk på epost

1 week ago 6



Ein falsk epost som ber mottakaren om å lese eit brev på Altinn har blitt sendt til fleire personar.

 Politiet
SVINDEL: Biletet viser eit døme Politiet ber folk om å ikkje trykke på lenka i denne eposten. Foto: Politiet

Publisert 19.06.2025 09:30 Sist oppdatert 12 minutter siden

Politiet åtvarar mot fleire svindelforsøk på epost.

I epostane er det ein beskjed om at mottakaren har fått eit brev som ligg på Altinn.

Avsendaren gir seg ut for å vere Namsmannen, Politiet, Skatteetaten eller andre offentlege etatar, skriv politiet i ei pressemelding.

Politiet ber folk om å ikkje trykke på lenka i eposten.

– Svindlarar spelar ofte på følelsar som stress og frykt i sine svindelangrep. I dette tilfellet ser avsendar ut som betydelege samfunnsaktørar som befolkninga generelt har stor tillit til, seier einingsleiar Fredrik Lykken ved bedragerieininga i Økokrim.

– Vi registrerer ein auke i bedrageri, og omfanget er no så stort at det er eit samfunnsproblem. Svindlarane tilpassar seg heile tida nye svindelmetodar og det er viktig å ikkje vere naiv ved mottak av SMS eller epost, seier Lykken.

Råd frå politiet:

  • Tenk deg nøye om når du får epost eller SMS med lenker
  • Ikkje klikk på lenker i SMS og epost. Logg deg direkte inn på nettstaden i staden for via lenka
  • Viss du mistenker at du har blitt svindla, kontakt banken din så raskt som mogleg og anmeld til lokalt politidistrikt
Read Entire Article