Politibetjent angripe med 50 centimeter lang machete – berga av tynn metallplate i vesten

1 month ago 23



Livet er kraftig endra for politibetjenten som rykte ut på eit oppdrag på ein kai i Sveio kommune i Vestland i påska i fjor.

For å staden for å berga liv enda han opp med å frykta for sitt liv.

– Eg stod der åleine, var livredd, og utan utstyret eg normalt ville ha hatt i den situasjonen, forklarte ein politibetjent då han vitna i Haugaland og Sunnhordland tingrett måndag.

Ein mann i 30-åra er tiltalt for drapsforsøk på betjenten, etter at han, ifølgje tiltalen, hogg han med ein over 50 centimeter lang machete.

– Påtalemakta meiner tiltalte har gått eller sprunge rett inn i den fornærma, brukt ein machete med stor kraft, og slaget har gått igjennom tekstilet på vesten før det stoppa i metallplata på innsida, seier aktor, statsadvokat Thale Thomseth.

Dei meiner dette er eit drapsforsøk.

– Hadde han ikkje hatt vest kunne slaget gått inn og treft vitale organ, seier Thalseth.

Angripe med machete

Denne macheten hadde tiltalte i handa då han ifølgje tiltalen angreip ein politibetjent.

Foto: Politiet
Angripe med machete

Macheten gjekk først gjennom kjeledressen.

Skader vest politiet.

Dette biletet viser skadene på kjeledressen.

Angripe med machete

Under kjeledressen hadde politimannen på seg ein lettvest, som er ein del av standardutrustninga.

Foto: Politiet
Angripe med Machete

Dette biletet viser skadane på borrelåsen.

Foto: Politiet
POlitimann angripe med machete

Det gjekk hol i vesten. På innsida var det ei metallplate. Påtalemakta meiner metallplata forhindra alvorlege skader på politibetjenten.

Politibetjent: Grua seg til å forklara seg

Tiltalte sjølv erkjente ikkje straffskuld.

Ifølgje politibetjenten skal tiltalte ha ropt og skrike, og vore vill i blikket, då han sprang mot han med macheten.

– Tre centimeter annleis og ungen min hadde vakse opp utan ein far, sa politibetjenten i retten.

Politibetjenten, som har lang operativ erfaring og har vitna i mange rettssaker, fortalde at det var spesielt å sitja der som fornærma.

– Eg har grua meg til denne dagen, sa han.

Thale Thomseth, bistandsadvokat Inger Marie Sunde.

Aktor, statsadvokat Thale Thomseth (t.h), og bistandsadvokat Inger Marie Sunde, meiner ein politibetjent kunne ha vorte drepen i fjor.

Foto: Olav Røli / NRK

Rykte ut på redningsaksjon

Den aktuelle dagen i 2023, hadde han rykt ut åleine på oppdrag. Årsaka var melding om suicidal person på ein kai.

Og sidan politibetjenten var på jobb og i nærleiken, køyrde han ut til staden.

Men då han kom fram vart han møtt av ein heilt anna situasjon.

Ein person som var aggressiv, og som kunne utgjera ein trussel for både sivile og brannfolk på staden.

Det gjekk frå å vera ein redningsaksjon til å verta ein skarp situasjon.

I bilen hadde politibetjenten både skytevåpen, hjelm, og ein tyngre vest.

– Men mi vurdering der og då er at eg ikkje kan springa tilbake og henta det som ligg i bilen, forklarte han i retten.

Det einaste han hadde på seg var peparspray, batong og elektrosjokkpistol.

Ingen andre patruljar var komme til staden.

Politibetjenten har kontakt med tiltalte, og prøvar å roa han ned på avstand. Men i løpet av kort tid eskalerer situasjonen.

– Tiltalte spør om han kan få kasta opp. Eg seier ja. Han bøyer seg framover, men i det han er i ferdig med å kasta opp spring han mot meg med heva machete. Han er vill, skrik, og har macheten klar til hogg, forklarte politibetjenten i retten.

Machete

Macheten var over 50 centimeter lang, og hadde sagtenner på den eine sida.

Foto: Olav Røli / NRK

Fingrane gjekk på automatikk

Han prøver å få avstand, men rygger inn i ei rosebusk på staden. Samstundes fyrer politibetjenten av elektrosjokkpistolen.

– Eg ser han vert treft, men eg oppnår ikkje den lamminga pistolen skal gje. Då tenkte eg: No går det til helvete, sa betjenten.

Rett etterpå høyrer han det smell i vesten. Lyden kjem av macheten som treff politibetjenten, ifølgje forklaringa.

Elektrosjokkvåpenet vert brukt endå ein gong, utan at tiltalte går rett i bakken.

Politibetjenten forklarte i retten at elektrosjokkvåpenet fungerer best på avstandar under 7,6 meter. På heilt korte avstandar har det også sine avgrensingar.

Dessutan har det berre to skot.

Ifølgje Politiforum testar politiet no ein ny type elektrosjokkvåpen som også kan brukast på lengre avstandar.

– Eg hugsar at fingeren gjekk på automatikk, forklarte han.

Rett etterpå det siste skotet gjekk tiltalte i bakken, og vart til slutt overmanna og lagt i handjern.

– I ettertid har eg brukt mykje tid på å tenkja, og eg har fått hjelp til å tenkja. Eg har mykje operativ erfaring, men dette var vel så mykje flaks. Hadde han treft 3 centimeter lenger ned hadde utfallet vore annleis, sa han.

Machete

Det stod fram som eit hogg frå ein machete, som trefte vesten. Ei metallplate i ein politivest hindra meir alvorleg utfall.

Foto: Olav Røli / NRK

Tiltalte: Trudde han var Messias

Patolog Christian Lycke Ellingsen var kalla inn som sakkunnig vitne til retten for å fortelja om korleis han vurderte skadane.

Han meinte skadane på vesten bar meir preg av meir skjereskade enn stikkskade, sidan skaden på vesten var breiare enn djup.

Den tiltalte sjølv erkjente ikkje straffeskuld for handlinga. Han hugsar ikkje noko av slaget med macheten.

I forkant hadde han rusa seg på LSD, og fortalde retten at han trudde han var Messias.

– Eg trudde også at Satan hadde fått dette med seg, og at han ville komma for å ta meg, forklarte han.

Mannen er ikkje tidlegare straffedømt, og tykte det heile var heilt forferdeleg.

– Me meiner dette ikkje er eit drapsforsøk. Han har aldri hatt til hensikt å drepa nokon, sa mannen sin forsvarar, advokat Odd Rune Torstrup.

Tiltalte var likevel lei seg i retten. Og vendt mot politimannen sa han at han beklaga det som hadde skjedd.

– Det er vondt å høyra korleis du har det. Eg skulle ønskt dette aldri hadde skjedd, sa han.

Politimannen gav uttrykk for at han ikkje ynskte å snakka med pressen. Men via sin bistandsadvokat sa han følgjande:

– Det var godt for han å høyra, og han forstår at dette er noko som tiltalte ville ha ugjort, seier advokat Inger Marie Sunde.

Dei vil leggja ned påstand om oppreisningserstatning. Trass i at politibetjenten har vore på jobb etter hendinga, er han framleis prega.

– Han har fått livet sitt, spesielt på fritida, skadd så til de grader, seier Sunde.

Hei!

Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker? Send meg ein e-post. 

Publisert 04.06.2024, kl. 15.24

Read Entire Article