Plukka fem bereposar med hundebæsj – ber hundeeigarar skjerpe seg

1 hour ago 3



Mange irriterer seg over hundeeigarar som ikkje plukkar opp etter hundane sine. Men hundebæsj er ikkje berre eit irritasjonsmoment: det kan også vere farleg for andre hundar.

Det fekk Tanja Pedersen smerteleg erfare.

– I hundeavføring kan det finnast virus. Det var nettopp eit slikt virus hundane mine fekk, og dei heldt på å døy.

Ein vaksen hund og seks kvalpar blei smitta av parvovirus, eit virus som kan smitte gjennom avføring og vere livsfarleg, særleg for kvalpar.

Opplevinga skremde henne kraftig.

– No plukkar eg opp etter andre folk sine hundar. Det er ikkje ei kjekk oppgåve, men i mine auge heilt nødvendig.

Tanja Pedersen plukker hundebæsj i Molde

Tanja Pedersen tek spaden fatt. Hunden hennar Easy (6) ventar i bakgrunnen.

Grafikk: Roar Jonny Strøm / NRK

Ber hundeeigarar plukke opp

Saman med ei venninne fylte ho fem store posar med hundebæsj i turområdet Jensgurilia i Molde på berre éin dag.

– Det er enormt mykje. Det er skremmande mykje.

Det fekk henne til å skrive eit innlegg på Facebook, som har fått mykje respons frå folk som er dritlei av drit. Også Romsdals Budstikke har skrive om innlegget.

I kommentarfeltet skriv folk at det er hundebæsj overalt – både gøymd under snøen og ope i dagen, og endå meir kjem til syne når snøen smeltar.

Pedersen vil at alle hundeeigarar skal skjerpe seg.

– Eg ønskjer å ansvarleggjere alle hundeeigarar. Først og fremst må vi plukke opp etter vår eigen hund.

Plukker du alltid opp etter hunden din?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

– Dei aller fleste følgjer reglane

I enkelte kommunar er det ulovleg å ikkje plukke opp etter hunden sin. Kommunane kan nemleg lage eigne vedtekter, noko som også kan føre til bøter.

Likevel er det vanskeleg å handheve reglane i praksis. Difor er førebygging ofte det mest effektive tiltaket, ifølgje Norsk Kennel Klubb.

– God tilgang på hundeposar og avfallsløysingar der folk faktisk ferdast, er eit effektivt tiltak. Når forventningane er tydelege og det praktiske ligg til rette, ser ein at dei aller fleste følgjer reglane, seier kommunikasjonsrådgivar Eva Kristine Wiik.

Hundebæsj i snøen i Molde

Gamal og fersk hundebæsj frå ulike hundar låg spreidd i turområdet Jensgurilia.

Grafikk: Roar Jonny Strøm / NRK

Trur ikkje problemet forsvinn

Leiar i Sunnmøre Hundeklubb, Jannecke Hofset, er samd.

– Dersom folk veit at dei slepp å bere bæsjeposen så langt til bossdunken, trur eg fleire vil plukke opp etter seg.

Ho trur likevel ikkje det er mogleg å bli heilt kvitt problemet, og legg ikkje skjul på at ho irriterer seg over hundeskit.

– Dersom hunden min bæsjar i nærleiken av ein annan hundelort, plukkar eg opp den som låg der frå før òg. Gjer eg ikkje det, kan folk tru at det kjem frå min hund, seier ho.

Ber kommunen leggje betre til rette

I Molde har Tanja Pedersen ei oppmoding til kommunen.

– Eg vil at kommunen skal kome på bana og setje opp fleire skilt, bossbøtter og posar.

Ordførar i Molde, Trygve Grydeland (H), som sjølv er hundeeigar, seier kommunen vil ta med seg innspelet.

– Eigentleg er dette eit problem vi hundeeigarar skaper, og vi skulle helst sett at vi i fellesskap tok ansvaret som følgjer med å vere hundeeigar. Men det kan vere praktisk at vi legg betre til rette, slik at vi kanskje kan redusere problemet, seier Grydeland.

På spørsmål om det kjem fleire bosskassar og tilbod om hundeposar, svarer han:

– Vi må sjå litt på omfanget, men det er noko vi må ta med oss og sjå nærare på.

Ordfører Trygve Grydeland med hunden sin

Trygve Grydeland rosar innsatsen til Tanja Pedersen, og seier kommunen vil vurdere om det kan gjerast meir for å leggje til rette for hundeeigarar.

Foto: Privat / Privat

Klar for ny rydderunde

Pedersen skal i gang med endå ei runde med plukking no som mykje snø har smelta.

Når andre hundeeigarar ser kva ho held på med, får ho ofte ros.

– Dei lurer på kva eg driv med, men forstår det jo. Og nesten utan unntak seier folk: «Det er ikkje frå min hund. Vi plukkar alltid opp.»

Publisert 20.02.2026, kl. 16.22

Read Entire Article