Person til sjukehus etter brann på gard i Levanger

3 days ago 11



– Ein person har fått brannskadar og blir frakta til St. Olavs hospital med luftambulansen.

Det opplyser operasjonsleiar Martin Eriksen Skjerve i Trøndelag politidistrikt.

Klokka 11.39 fekk politiet melding om brann på ein gard i Levanger.

– Låven er overtent og brannvesenet jobbar med sløkking, melder Skjerve.

Har kontroll på nærliggande bygg

– Det kjem flammar ut av bygningen.

Det seier Kåre Peder Nordvik, vaktleiar ved 110-sentralen Midt-Norge.

Brannvesenet har kontroll på dei nærliggande bygningane og det er ikkje spreiingsfare.

Publisert 08.03.2026, kl. 12.36 Oppdatert 08.03.2026, kl. 12.56

Read Entire Article