Person funnen omkomen i sjøen

1 month ago 22



Ein stor leiteaksjon blei sett i gang sundag etter at Hoved­rednings­sentralen fekk melding om ein førar­laus skjergards­jeep ved øya Fonno i Fitjar kommune.

På ettermiddagen sundag har pårørande blitt varsla om funn av ein person i sjøen.

– Etter ei stund blei det gjort funn frå redningshelikopteret av ein person som blei observert i sjøen eit stykke vest for der båten blei lokalisert. Det blei sendt båtressursar til posisjonen, og vedkomande blei tatt opp av sjøen, seier Owe Frøland i HRS.

– Dei etterfølgjande undersøkingane tilsa at det ikkje var i samsvar med liv etter å ha lugge i sjøen i lengre tid, seier Frøland.

Stod inn mot land

Hoveredningssentralen fekk melding om at båten stod inn mot land klokka 10.40 sundag.

– Basert på observasjonar og undersøkingar har me ein mistanke om at båten kan ha gått på med maskinkraft. Me veit ikkje kven eller kor mange som kan vere involvert, sa redningsleiar ved Hovedredningssentralen, Owe Frøland, til NRK tidlegare sundag.

– Parallelt har me sett i verk sjøsøk med båtressursar og organiserer frivillig mannskap for søk i strandsoner. I tillegg driv luftressursar med søk i både land- og sjøområde, sa han.

Store ressursar blei tatt i bruk i leiteaksjonen.

HRS fekk bistand frå blant anna alle naudetatane, Kystvakta, SAR Queen-helikopter frå HRS, ambulansebåt og frivillige.

Søk avslutta

Frøland opplyser til NRK at vidare etterretning indikerer at det har vore ei hending med båten ein gong seint i går kveld, mogleg rundt klokka 22.00.

– Samtidig så er det fleire haldepunkt for at vedkomande har vore aleine om bord. Me har ingen haldepunkt for at det har vore fleire personar om bord under ulykka, seier Frøland.

Vidare søk er avslutta rundt klokka 14.25 sundag.

– Det er blitt gjort veldig god innsats av alt mannskap. Det er høg profesjonalitet i både frivillige og profesjonelle mannskap som har deltatt, seier Frøland.

Publisert 08.09.2024, kl. 14.57 Oppdatert 08.09.2024, kl. 15.28

Read Entire Article