Overvekt hos barn:– Overraskande sterk samanheng

1 day ago 6



Ny studie:

– Det er ei kjempebekymring, men vi har òg ein fantastisk moglegheit, seier forskar Cecilie Svanes.

 Gorm Kallestad / NTB
HÅP: Forskarane bak studien håpar at Noreg kan fokusere meir på behandling av fedme hos barn og unge. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Publisert 03.06.2025 09:38

Barnefedme aukar globalt, og nyleg blei det publisert ein studie i Nature Communications Biology som viser korleis genar kan bli påverka av overvekt.

Studien antydar at barn til fedrar som har vore overvektige i tenåra, kan ha auka sjanse for å utvikle astma, fedme og få nedsett lungefunksjon.

Dette er fordi sæden til gutar blir lettare påverka av miljøfaktorar når dei er i starten av puberteten.

– Fars pubertet like viktig?

Professor Cecilie Svanes frå Universitetet i Bergen er lungelege, og ein av forfattarane i studien. Ho seier resultatet var slåande, og har stilt seg sjølv eit spørsmål.

– Det var overraskande at vi fann ei så sterk samanheng. Kan fars pubertet vera like viktig som mors svangerskap? spør ho. 

 Privat
OVERRASKA: Cecilie Svanes forventa ikkje å finne ein så sterk samanheng i studien. Foto: Privat

Ho trur vi om 10–20 år vil vere endå meir klare over kor viktig fars pubertet er for barnets utvikling. Både når det gjeld fars vekt, men også andre miljøfaktorar under starten av puberteten, som røyking eller snusing.

– No veit alle at svangerskapet er viktig for barnets utvikling. Gravide kvinner kjenner eit ansvar for barnets helse undervegs. Det var ikkje allmennkunnskap for 20 år sidan, det tok mange tiår med forsking før det blei kjent, seier Svanes.

Ein moglegheit

Studien er dyster med tanke på den globale auka i barnefedme. Samtidig håpar Svanes at denne nye kunnskapen kan hjelpe å gi barn betre behandling.

– Vi må frykte at dette vil ha alvorlege konsekvensar for deira framtidige barn. På same tid gir dette moglegheit for effektiv inngriping, seier ho.

 Eirill Wiik / NTB
BLODPRØVER: I studien brukte dei blodprøvar for å finne endringane, og fann over 2000 eksempel på genmateriale som hadde endra uttrykk. Foto: Eirill Wiik / NTB

Svanes håper særleg at forskinga kan bidra til at vi brukar meir ressursar på å hjelpe barn med fedme.

– Om du blir overvektig i 20-åra, og får barn i 30-åra så vil ikkje vekta di spele ei stor rolle for barnet. Det er fram til du blir kjønnsmoden vekta di har stor betydning. Framfor å spreie ressursane våre utover fleire aldersgrupper, kan vi heller samle meir hos barn og unge for eit større utbytte, avsluttar ho.

Read Entire Article