Planane var store for utbetring av Magnhildskartunnelen i Sogn og Fjordane.
Men prisen vart for høg. I august var det ikkje lenger lys i enden av tunnelen for prosjektet.
Prisen hamna 100 millionar kroner over den vedtatte ramma på 320 millionar.
– Då vi fekk inn tilboda frå entreprenørar i sommar, viste det seg at det ville bli mykje dyrare enn det vi hadde økonomi til. Vi måtte difor avlyse oppgraderinga, seier direktør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune, Dina Lefdal.
Tunnelen innfrir ikkje tunnelen regelverket for tryggleik. Det handlar mellom anna om høgde, branntryggleik, ventilasjon og lys.
Vestland fylkeskommune har 45 tunnelar på lista over ikkje godkjende tunnelar.
Foto: Sondre Dalaker / NRKOver 200 tunnelar i Noreg innfrir ikkje krava til tryggleik fullt ut.
Berre i Vestland har fylkeskommunen 45 tunnelar på lista over ikkje godkjende tunnelar. Arbeidet er kostnadsrekna til 5,2 milliardar kroner.
– Formidable kostnader
Også i Nordland er utfordringane med tunnelar store. For å følgje regelverket må fylkeskommunen utbetre 27 tunnelar til ei samla kostnadsramme 7 milliardar kroner.
– Kostnadene er formidable. Også vi har hatt tunnelar der vi måtte avlyse utbetring fordi kostnadene er for høge, seier direktør for transport og infrastruktur i Nordland fylkeskommune, Odd Inge Bardal.
I 2019 tok eit vogntog fyr i Gudvangatunnelen, men ingen vart skadde. Prisen for å reparere tunnelen vart på 10 millionar.
Foto: Voss BrannvesenHan er uroa for at ytterlegare kostnadsauken i åra som kjem kan gjere det endå vanskelegare å få utbetra tunnelane.
– Uråd å få til
Fylkesvegsjef i Møre og Romsdal, Ole Jan Tønnesen, seier rett ut at det er uråd å ruste opp tunnelane med den økonomien fylkeskommunen har. 24 tunnelar må rustast opp til ein prislapp på 6,5 milliardar kroner.
Ole Jan Tønnesen i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Foto: Tore Ellingseter / NRK– Det handlar om at krava er omfattande og at vi har hatt ein stor prisauke på denne type arbeid, seier han.
Av økonomiske omsyn meiner Tønnesen ein må vurdere minimumsutbetring i kvar enkelt tunnel. Men det er usikkert om ein då vil innfri regelverket.
Har brukt 17,5 milliardar
Statens vegvesen har i dei siste 10 åra oppgradert 116 riksvegtunnelar. Kostnadene har vore på 17,5 milliardar kroner.
Tunneloppgradering er svært kostbart.
Foto: Espen Børresen / Statens vegvesen98 riksvegtunnelar står att som ikkje tilfredsstiller regelverket fullt ut. Fysisk utbetring går føre seg i rundt tolv av desse, og fleire tunnelar skal bli erstatta av heilt nye vegstrekningar i større utbyggingsprosjekt. Kva dette vil koste, er per i dag usikkert.
– Det er heilt klart at Statens vegvesen undervurderte omfanget av arbeidet med oppgradering av tunnelar, mellom anna fordi mange av tunnelane var i dårlegare tilstand enn venta. Til dømes viste det seg at dreneringa i mange tunnelar var så dårleg at heile systemet måtte bytast ut, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Vegvesenet.
Utsett frist
Ein del av tunnelane i Noreg er omfatta av EU-reglar, mens norske politikarar har bestemt regler for andre tunnelar.
I hovudsak gjeld begge forskriftene for tunnelar på over 500 meter.
EU-reglene gjeld mange av tunnelane på hovudvegane. Disse reglene vart innført i 2007, og den opphavlege fristen for å oppgradere tunnelane gjekk ut i 2014.
EU sitt tilsynsorgan ESA gav Noreg dispensasjon fram til 2019, og landet har sidan fått påpakning for å ikkje ha oppfylt krava.
Utbetring av tunnelar på fylkesvegar må vere ferdig innan 2040.
Publisert 13.09.2025, kl. 07.53