Ordførar foreslår å fjerne ein fjerdedel av kommunestyret - oppsiktsvekkande, meiner forskar

2 hours ago 1



Kommunelova seier at kommunar som har mellom 10.000 og 50.000 innbyggjarar skal ha minimum 27 representantar i kommunestyret.

Harstad kommune har om lag 25.000.

Av desse, er 35 personar valt inn i kommunestyret. Ti parti er på plass når ordføraren kallar inn til møte.

No vil dei kutte. Ikkje berre ein eller to - men åtte representantar. Skjer det, vil det vere å kutte ein fjerdedel av kommunestyret.

Else Marie Stenhaug har fremma forslaget. Ho er ordførar, og har sendt forslaget til formannskapet i kommunen.

Der ein skulle tru at ein kommune ville kjempe med nebb og klør for å få fleire representantar inn i det største politiske organet, går Harstad andre vegen.

– Kommunestyret i Harstad sa allereie i fjor haust at ein må snu alle steinane, seier Else Marie Stenhaug.

Det var Harstad Tidende som først skreiv om saka. Kommunestyret har sjølv bedd om å få greie på kor mange representantar det er hensiktsmessig å ha.

– Det er også ein del ulemper med det. Vi er ti parti i dag og det kan føre til at vi får færre parti i kommunestyret. Så representasjon er også diskutert, svarer Stenhaug.

Rådhuset i Harstad kommune. Kommunehus.

Rådhuset i Harstad kommune kan få færre politikarar på besøk neste periode, om ordføraren får det som ho vil.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

Uvanleg

Det er nokså uvanleg at norske kommunar vil slanke inn kommunestyret sitt. Det meiner Troy Saghaug Broderstad, som er valforskar ved UiT Norges arktiske universitet.

Broderstad sin første reaksjon om saka i Harstad er at det er oppsiktsvekkande. Som ein god forskar skal gjere, finn han fram ei bok kor det finst ekte forsking på saka.

Han slår på tråden igjen, etter å ha lese seg opp.

– Sidan 2009 er det 39 kommunar som har vedtatt å redusere talet på representantar. Det inkluderer også dei som har gjennomgått samanslåing av kommunar, fortel forskaren.

Fleire kommunar har vore inne på tanken i løpet av hausten. Både i Sør-Aurdal (2866 innbyggjarar), Bindal (1374 innbyggjarar) og Åseral (911 innbyggjarar) har dette vore eit forslag.

Men: Dette er kommunar med nokså anna storleik enn byen kjent som «Vågsfjordens perle».

– Det er jo ikkje så ofte det skjer at kommunar frivillig reduserer talet på representantar på den måten, seier Broderstad.

Troy Saghaug Broderstad

Troy Saghaug Broderstad er valforskar ved UiT Norges arktiske universitet. Han meiner forslaget i Harstad er uvanleg.

Foto: Christian Kråkenes / CHRISTIAN KRAKENES

Fryktar tap av tillit

Troy Saghaug Broderstad har særleg jobba med representasjon i si forsking. Det vil enkelt forklart seie at eit kommunestyre skal vere sett saman av folk av ulike kjønn, på ulike plassar i livet, med variert yrkesbakgrunn og geografisk tilhøyre.

Som veljar, skal du kunne kjenne deg igjen i dei som sit i kommunestyret og representerer deg.

Det er eit viktig prinsipp, meiner Broderstad. Han fryktar at ein kraftig reduksjon i representantar vil føre til at færre kjenner seg igjen.

– At vi har folkevalde representantar som speglar befolkninga si, er viktig. Ved å redusere talet på representantar blir det vanskelegare å oppretthalde representasjon. I ytste konsekvens kan det gjere at veljarane eller innbyggarane ser på kommunestyret og tenker at dette ikkje er noko som representerer meg, seier han og legg til:

– Det kan gjere at ein mister tilliten til dei avgjerdene som blir tatt i kommunen.

Alle monner drar?

Harstad kommune skal spare 125 millionar kroner i året som kjem. Kommunen kan spare om lag 500.000 årleg på å kutte ein fjerdedel av representantane.

– Alle kroner tel når du skal spare på toppen. Det å sjå på dette også er modig gjort av kommunestyret, seier Stenhaug.

Broderstad trur kommunar rundt om i landet no snur alle steinar for å finne ut kor dei kan kutte for å spare pengar. Dyrtid og høge renter på lån tar igjen kommunar fleire plassar.

Likevel meiner han at å spare 500.000 på kostnad av eit stort og variert kommunestyre ikkje er vegen å gå.

– Det er jo småpengar i den store samanhengen. Eg trur kanskje eg ville brukt dei 500.000 på å halde fram med like mange representantar. Og heller prøvd å spare inn andre plassar.

Publisert 12.11.2025, kl. 20.29

Read Entire Article