Opplysningar til NRK: Mistenker liknande manipulasjon hos alle dei norske hopparane

5 hours ago 6



For ein dryg veke sidan gjekk FIS ut og stadfesta at ytterlegare tre mannlege, norske hopparar er suspendert. Årsaka var mistanke om manipulasjon.

Under verdscupen i Lahti held FIS-direktør Sandro Pertile tett på korta om kvifor dei har blitt suspendert.

– Eg veit årsaka fordi eg var involvert, men det er ein del av ein konfidensiell prosess, og me har ikkje lov til å ha nokon form for utsegn om stega, seier Pertile til NRK.

– Me har høyrd at det er den same type manipulering. Kan du bekrefte det?

– Igjen er det ein del av etterforskinga og me har ikkje lov til å dele informasjonen.

Les heile bakgrunnen for saka her:

Hoppskandalen: Dette har skjedd

FIS har tidlegare sagt at det ikkje var snakk om same manipulasjon som det var i dressane til Johann André Forfang og Marius Lindvik.

Men under den pågåande IOC-kongressen i Hellas stadfestar generalsekretær i FIS, Michel Vion, til NRK at dei mistenker at alle dei fem dressane har liknande manipulasjon i skrittet.

Han fortel også at FIS har orientert Norges Skiforbund om mistanken til manipulasjon i skrittet på dressane. Ut over dette ønsker han ikkje å kommentere meir om saka.

Hopplandslaget har tidlegare formidla at dressane til Forfang og Lindvik har fått sydd inn stivare materiale i saumane i skrittet.

– Det er viktig for meg å vere heilt tydeleg på, eg har gått gjennom med støtteapparatet i natt og gjennom dagen, at det her var «berre», viss ein kan bruke det ordet, to dressar, sa Aalbu på den første pressekonferansen der han innrømte juks.

Tove Moe Dyrhaug, skipresident Norges Skiforbund.

LITE INFORMASJON: Tove Moe Dyrhaug seier dei ikkje har fått vite mykje om kva som skjer av FIS etter at dei fem norske hopparane blei suspendert.

Foto: Geir Olsen / NTB

På onsdag var skipresident Tove Moe Dyrhaug på Nyhetsmorgen på NRK for å kommentere saka. Ho fekk da spørsmål om dei visste noko om årsaka til kvifor dei tre ekstra hopparane hadde blitt suspendert

– Nei, me veit eigentleg veldig lite, sa Moe Dyrhaug.

Hoppsjef Jan-Erik Aalbu gir i eit intervju på torsdag inntrykk av at dei har blitt informerte av FIS om den konkrete mistanken.

– FIS seier til oss at det er mistanke om same typen manipulasjon. Har du høyrd noko om det?

– Nei, ikkje nok anna enn det du seier. Det er også det eg har høyrd. Granskinga skal halde på. Så trur eg det er viktig at me lar den bli ferdig før ein konkluderer. Det håper eg også FIS gjer, i staden for å uttale seg altfor mykje i media i den vanskelege perioden me er inne i, seier Aalbu til NRK.

Jan-Erik Aalbu.

FORHELD SEG ROLEG: Jan-Erik Aalbu meiner FIS ikkje bør uttale seg for mykje før det kjem ein konklusjon.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Aalbu fortel at dei har fått lite informasjon om saka frå FIS. Han stussar framleis på suspensjonen til Pedersen, Johansson og Sundal.

– Eg synest det er rart at dei blei suspendert. Dei er ikkje diskvalifisert i noko hopprenn. Hoppdressane deira blei godkjent i konkurransane dei var med på. Så ja, litt merkeleg. Men eg kjenner ikkje til detaljane. FIS sit jo på dei, så me får sjå kva som skjer etter kvart, seier Aalbu.

– Har dei lov til å suspendere desse tre?

– Det får me sjå på. Me har advokatar som følger med på saka veldig tett og nøye, svarer hoppsjefen.

Det er advokatfirmaet Elden som står for den juridiske hjelpa til Norges Skiforbund.

Granskinga av dei norske herrehopparane startar neste veke og blir leia av FIS sin uavhengige direktør for etikk og etterleving, med assistanse frå det britiske etterforskingsfirmaet Quest, fortalde advokat i Elden Thomas Skjelbred til VG på onsdag.

Publisert 21.03.2025, kl. 15.15 Oppdatert 21.03.2025, kl. 15.19

Read Entire Article