Oppklaringsprosenten dalar: – Alvorleg for tilliten til politiet

3 hours ago 4



Oppklaringsprosenten til dei fleste politidistrikta held fram med å falle. Det viser tal som NRK har fått innsyn i.

– Eg er ikkje overraska. Det er ikkje nok hender i politiet, så kapasiteten er dårleg, seier Magnus Helgås Brandsøy, politibetjent på Florø politistasjon i Sunnfjord.

Politimannen seier at etterforsking ofte må nedprioriterast for meir akutte hendingar.

– Det skjer at vi sit i avhøyr, som må avbrytast fordi det skjer ei trafikkulukke vi må rykke ut på. Då må etterforskinga vente, seier Brandsøy.

Han trur nedgangen i oppklaringsprosenten svekker tilliten til politiet.

– Eg fryktar at folk sluttar å melde frå til politiet, fordi ein tenker at det ikkje blir oppklart likevel.

Magnus Helgås Brandsøy - Florø politi

Politibetjent Brandsøy meiner fleire tilsette er nøkkelen for å oppklare fleire saker.

Foto: Pia Sofie Ådna / NRK

Stadig lågare oppklaringsprosent

Elleve av tolv politidistrikt melder at oppklaringsprosenten har ein nedgang frå 2023 til 2024.

Allereie i september i fjor peika også politidirektoratet på fallande kurve på landsbasis. Ein oppklaringsprosent på 39, var 3,3 prosentpoeng lågare enn same periode i 2023.

Nedgangen forlengjer ein trend som har gått over fleire år. Dette trass i at Riksadvokaten i 2022 bad om ein høgare oppklaringsprosent.

I Vest politidistrikt har oppklaringsprosenten falle med 13 prosentpoeng siste fem åra.

Det reagerer Olve Nystuen, nestleiar i Politiets Fellesforbund Vest på.

– Vi kan ikkje ha lovlause rom

Olve Nystuen, nestleiar for politiets fellesforbund Vestland

Olve Nystuen, nestleiar for Politiets Fellesforbund Vest.

Foto: Privat

Det kan ikkje vere sånn at vi har lovlause rom. Det må vere ein sjanse for at kriminaliteten blir oppklart og at vedkomande blir straffa.

Nystuen fryktar at ein låg oppklaringsprosent svekker tilliten til politiet og dermed også politiet si evne til å løyse samfunnsoppdraget.

Roar Fosse, nestleiar i Politiets Fellesforbund nasjonalt, fortel at dei får fleire rapportar om høgt arbeidspress og krevjande arbeidsdagar for sine medlemmar.

– Mange av våre medlemmer rapporterer at dei går heim frå arbeidsdagen og har vondt i magen fordi dei ikkje er i stand til å levere det som er venta av dei.

Roar Fosse, nestleiar i Politiets fellesforbund

Roar Fosse, nestleiar i Politiets Fellesforbund, seier utviklinga er bekymringsfull.

Foto: Politiets fellesforbund

Han meiner det er ein disharmoni mellom forventingane til politiet og ressursane dei er gitt for å løyse samfunnsoppdraget sitt.

Fleire årsaker til nedgang

Politiets Fellesforbund peiker på fleire årsaker til at oppklaringsprosenten går ned, som låg bemanning, låge budsjett og mangel på teknologi.

– Mange av datasystema vi brukar i etterforsking er veldig gamle. Politiet heng langt bak og treng ei satsing på teknologi, seier Nystuen.

Magnus Helgås Brandsøy - Florø politi

Nokre av datasystema politiet brukar til etterforsking er frå tidleg 90-tal.

Foto: Pia Sofie Ådna / NRK

Fosse meiner mykje av årsaka er Riksadvokaten sine prioriteringar av saker politiet skal etterforske.

– Når arbeidskrevjande saker å etterforske og iretteføre blir prioriterte, så tar det ned kapasiteten totalt for etterforsking i politiet.

Oppklarar alvorlegare saker

Ifølge Riksadvokaten er årsakene til nedgangen mange og komplekse. (Sjå heile svaret nedst i saka)

Dei viser til ei auke i vinnings- og økonomilovbrot som er vanskelege å oppklare og drar ned snittet.

Portrettbilete av Ingrid Wirum, seniorrådgjevar i Riksadvokaten

Seniorrådgjevar Ingrid Wirum i Riksadvokaten.

Foto: Riksadvokaten

– Men oppklaringsprosenten for dei prioriterte og meir alvorlege sakene ligg erfaringsmessig høgare ein gjennomsnittet, skriv seniorrådgjevar Ingrid Wirum, som mellom anna siktar til seksual- og valdslovbrot.

Ho peikar på at mange saker blir lagde bort etter omfattande etterforskingsarbeid grunna strafferettens strenge krav til bevis.

Etterlyser ein langtidsplan for politiet

Politiets Fellesforbund meiner fleire tiltak må til for å snu den negative trenden.

– Vi må ha betre rammevilkår, større budsjett, fleire tilsette og betre datasystem, seier Nystuen.

Magnus Helgås Brandsøy - Florø politi

Politiets Fellesforbund får fleire meldingar om høgt arbeidspress og krevjande arbeidsdagar frå polititilsette.

Foto: Pia Sofie Ådna / NRK

Fosse etterlyser ein betre balanse mellom forventingane til politiet og ressursane dei er gitt.

Førre politirollemelding er frå 1981. No etterlyser Fosse ei ny.

– Kva kapasitet skal politiet ha? Kva kan folket forvente av politiet, og kva kan folket ikkje forvente av politiet? Vi må rigge eit politi som imøtekjem samfunnets sine forventingar.

Fosse reagerer også på at regjeringa laga ein langtidsplan for Forsvaret, men ikkje for politiet.

For politiet er den sivile beredskapen vår heilt opp til terskelen for krig. Vi etterlyser ein langtidsplan for politiet.

 Marit Hommedal / NTB scanpix

– Vi treng meir ressursar i distrikta, seier påtaleleiar i Vest politidistrikt.

Foto: Marit Hommedal

Påtaleleiar Gunnar Fløystad i Vest politidistrikt seier at politiet har fått større løyvingar siste åra, men at det foreløpig ikkje har vore nok til å snu trenden.

– Det har ikkje kome nok pengar ut til distrikta. Vi treng fleire ressursar og vi treng meir kapasitet ute i distrikta.

Riksadvokaten og Justis- og beredskapsdepartementet skriv til NRK at dei gjer fleire tiltak for å få opp oppklaringsprosenten.

Riksadvokaten trekkjer fram at Den høgare påtalemakta arbeider for å styrke fagleiinga av politiet. Justis- og beredskapsdepartementet viser til satsingar som vart gjort i statsbudsjettet for 2024.

Publisert 12.02.2025, kl. 16.55

Read Entire Article