Opnar opp om ukjent mareritt: – Kjenner det nesten øydela meg

5 hours ago 2



– Enten ein les det som blir skrive eller ikkje, så får ein jo med seg kva folk tenker. Og det påverkar sjølvtilliten til spelarane. Det er eg eit prakteksempel på etter alt det som skjedde i VM.

I boka «knotta først», som er skrive av Tom Stalsberg og Erle Marie Sørheim og blei gitt ut før EM, kjem Syrstad Engen med kritikk av korleis ho blei behandla av både Norges Fotballforbund og norsk presse under sist meisterskap.

En gruppe kvinner i sportsuniformer

TØFF START: Noreg og Ingrid Syrstad Engen tapte opningskampen i VM 2023.

Foto: Lise Åserud / NTB

Syrstad Engen meiner ho blei gjort til ein slags syndebukk etter Noregs 0-1-tap mot New Zealand i opningskampen i VM i 2023.

Ho fekk blant anna 2 på børsen av både NRK og VG etter den kampen.

– Kjenner det nesten øydela meg

Dagen etter valde NFF å berre sende to spelarar til pressekonferansen for å snakke om tapet, det var Syrstad Engen og Mathilde Harviken.

– Kjensla av å gå frå den pressekonferansen der ... Eg kjenner det nesten øydela meg etter kamp éin. Tenk kor annleis det kunne ha vore om ein ikkje hadde fått eit stempel om at ein er skyld i at ein tapar 0–1 mot New Zealand. Alle sånne ting har noko å seie, og betydning for sjølvtilliten, seier Syrstad Engen i boka.

en gruppe personer i et rom

ALEINE: Her står Ingrid Syrstad Engen aleine på pressekonferansen dagen etter opningstapet mot New Zealand. Ho er ærleg om at seansen prega henne heile meisterskapen.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Kunne aldri sett for meg ei sånn skyljebøtte

Både NTB og VG er blant media som skreiv kritiske saker om Noreg-profilen etter opningstapet.

«Varslar oppvask etter skrekktal: –Løyser situasjonen for dårleg» var overskrifta til VG, Noregs største avis.

«Noregs sentrale midtbanetrio sleit tungt i VM-tapet for New Zealand», skreiv NTB, og la til at Syrstad Engen «sleit veldig med rolla som norsk ballsentral».

«Duellsvak, pasningssvak og posisjoneringssvak» var dommen til NRK-ekspert Bengt Eriksen.

– Eg tenkte at ok, no tar eg ein for laget her, no står eg rakrygga og svarer på det pressa vil spørje om. Men eg kunne aldri ha sett for meg at det skulle bli ei sånn skyljebøtte, og at ein hadde behov for å legge skulda på éin eller enkelte spelarar. Det kjentest veldig tøft, særleg å ikkje føle at eg hadde så mykje støtte rundt, fordi ein ikkje var førebudd på ein sånn situasjon, seier ho i boka.

– Må verne spelarane sine

På spørsmål frå forfattarane om kva ho meiner det norske teamet burde ha gjort, svarer ho:

– Av og til må ein verne spelarane sine og tenke at ok, vi lèt ikkje det her skje, heller enn at spelarane må stille opp på sånne ting. Enkelte der gav støtte og sånn, men eg kjenner det var mest meg sjølv som måtte seie at dette går ikkje. Skal eg klare å komme meg frå det her, treng eg meir oppbakking og meir tillit, rett og slett, seier Syrstad Engen i boka.

Og legg til at spelarane ikkje var fornøgd med korleis ting blei handtert.

BB250626MB094

VIKTIG BRIKKE: Ingrid Syrstad Engen er en nøkkelspiller på det norske landslaget. Her fra tapet mot Sverige i generalprøven.

Foto: Mathias Bergeld / Bildbyrån

– Må tole kritikk

Overfor NRK bekreftar Syrstad Engen at førre VM blei ei tøff psykisk påkjenning. Men ho meiner det er viktig å lære av korleis ein handterte situasjonen den gongen.

– Kritikk er noko ein må tole og kanskje forvente at kan komme i ein meisterskap, men det er ting som kunne vore gjort annleis slik at éin kamp ikkje skal påverke ein heil meisterskap. Så eg kjenner det er ting både eg og folk rundt kan lære mykje av, og da var det viktig å vere open om det.

– Det handlar om korleis vi handterer media, korleis ein sender spelarar ut etter ein kamp. Korleis ein er førebudd på kva som kjem til den spelaren. Men også at når det er eit lag som taper ein kamp, så er det aldri éin eller to som er skuld i det. At ikkje det blir den kjensla ein kan sitte igjen med, seier ho.

NFF: – Viktig at ho deler

Norges Fotballforbund har blitt presentert for utsegnene frå Syrstad Engen. Henning Sverdrup, pressesjefen til kvinnelandslaget under EM, fortel at dei ser på henne som «eit forbilde og ein leiarskikkelse i landslagsmiljøet».

Vi synest det er fint at Ingrid set ord på opplevingane sine, og at ho deler dette er viktig, og har bidratt til å forme den tilnærminga vi nå har til varetaking av landslagsspelarane, svarer Sverdrup til NRK.

Han fortel vidare at NFF er bevisst ansvaret dei har under det kommande EM-sluttspelet.

Vi jobbar no med tett oppfølging av spelarane. Vi prøver å tilpasse det dei treng etter behovet til spelarane og ønsker, slik at dei kjenner seg godt sett og varetatte. Målet vårt er at spelarane skal vere godt førebudde og trygge i landslagssettinga, fortel Sverdrup.

Noreg-sjefen: – Vi står saman

Landslagssjef Gemma Grainger var ikkje ein del av det norske landslaget i perioden Syrstad Engen snakkar om. Men dagens Noreg-trenar fryktar ikkje at noko liknande vil skje igjen.

– Vi tar dei gode opplevingane og dei dårlege opplevingane saman. Det er målet for laget i sommar. Vi står saman, seier Grainger til NRK.

Syrstad Engen er glad for at fotballforbundet tar kritikken hennar på alvor.

– Det er veldig positivt at dei tar det på den måten, det er ikkje berre i den boka at eg har gitt tilbakemeldingane mine. Eg føler at i forbundet så er det folk ein kan snakke med, og folk ein kan evaluere ting med, og at dei tar det på ein veldig bra måte, seier ho.

Ho meiner det viktigaste er at NFF legg til rette for at spelarane skal kjenne seg trygge når det oppstår situasjonar som etter opningskampen sist VM.

– Dette er ingen kritikk til dei som har vore i jobben, men det handlar om at ting oppstår som ein kanskje ikkje har vore førebudd på, seier ho.

Noreg EM-opnar mot Sveits 02. juli. Sjå heile TV- og kampprogrammet her:

Publisert 28.06.2025, kl. 16.12

Read Entire Article