«Du må dra til fastlegen. Sånn her får du ikkje lov til å halde på noko meir».
Kombinerttrenar Jan Schmid hugsar godt den tydelege beskjeden til landslagslegen før ski-VM i Trondheim i mars.
Meisterskapen på heimebane skulle vere det store høgdepunktet for 41-åringen, men han kjente at noko var gale.
– Det var da eg ringde legen og fortalde det. Eg hukte vel av på åtte av ti symptom på utbrentheit.
Schmid har ikkje snakka offentleg om sjukmeldinga før no.
«Nå går det til helvete»
Schmid fortel at han har vore sliten i periodar i tidlegare år. Spesielt sesongstarten pleier å vere krevjande med mykje endringar og logistikk, men vanlegvis hentar landslagstrenaren seg inn i juleferien.
Det skjedde ikkje i år.
– Eg hadde eit håp om at eg skulle klare å halde dette til sesongen var ferdig. Da eg begynte på igjen etter jul, merka eg at det ikkje kom til å gå.
– Da tenkte eg «ok, no går det til helvete», seier Schmid.
Landslagstrenaren er ærleg på at det var vanskeleg å dra i handbrekket sjølv, og seier det er godt at nokre andre gjorde det for han.
– På det verste kjentest det som at du står på timeteren i Frognerbadet og ser ned og får eit sug i magen. Det saug og den angstkjensla hadde eg i kroppen heile dagen. Eg var utbrent. Kronisk stress, seier han.
ELEV OG TRENAR: Jørgen Graabak er ein av dei som har jobba tettast med Jan Schmid dei siste åra.
Foto: Terje Pedersen / NTBKroppen skalv under VM
Nokre veker etter nyttår blei den tidlegare kombinertutøvaren sjukmeld.
Han rakk aldri VM, så i staden sat han heime i leilegheita si eit par kilometer unna arenaen.
– Korleis var det?
– Akkurat da var det greitt. Det er kjipt å sitte og sjå på, men eg hadde ingenting å gjere der da, seier Schmid.
Undervegs i VM var han stort sett berre inne i leilegheita på Flatåsen. Unntaket var da han og broren drog til Åre i Sverige for å komme seg unna VM-byen.
Da prøvde han å følge med på meisterskapen via ein liveticker, men da gav kroppen klar beskjed.
– Kroppen begynte å skjelve. Det er eit kronisk angst eller stress i kroppen som eg ikkje klarte å bli kvitt, seier han.
Prøvde han å følge med på TV, fekk han også skjelven og kjente seg kjempesliten.
Andre symptom var at han kjente seg tiltakslaus, ikkje orka å trene og sov dårleg.
– Du føler at hovudet blir så slitent at det ikkje heng med lengre. Du begynner å gløyme ting og gjere dårlege val. Da er det ugunstig å vere på skirenn.
– Det skulle ekstremt lite til før eg fekk ein veldig negativ reaksjon. Det kunne vere å gå frå varmen inne til å gå ut, så skalv heile kroppen av kulde. Alle reaksjonar blei overreaksjonar, fortel han.
– Reknar med det skjer andre
Der andre trivst godt med mykje merksemd, vil Schmid aller helst halde seg i bakgrunnen. Det sjølv om han tok både VM-gull og OL-sølv som kombinertutøvar før han la opp i 2019.
Han er tydeleg på kvifor han vil fortelje historia si.
– Eg tenker det er heilt naturleg. Eg har jobba meg litt i senk. Det trur eg mange har gjort. Eg ser ikkje nokon grunn til at eg ikkje skal fortelje det, seier han.
– Eg reknar med det kjem til å skje andre òg. Det er det same som å bli småsjuk på andre måtar. Du må dra i handbrekket da òg.
Før sjukmeldinga var han hovudtrenar, mens han no har gått over til ei normal trenarrolle. Det inneber færre ansvarsområde.
TILBAKE PÅ TOPPIDRETTSSENTERET I OSLO: Schmid analyserer hoppteknikken til Jens Lurås Oftebro (t.h.). I midten står trenar Stig Morten Fredheim.
Foto: Johan Moen / NRKRåda som hjelpte
Det er berre tre månader sidan Schmid var tilbake. Han har tatt tida til hjelp, samtidig som det også kjentest lettande da sesongen var avslutta.
– Korleis går det med deg no?
– No går det veldig mykje betre. Det einaste er at eg er spent på om eg toler mindre stress. Det kjenner eg litt på. Eg skal prøve å smyge meg roleg inn i det igjen i staden for å banke til og ta på meg altfor mykje på altfor kort tid.
Råda han fekk frå legen var i utgangspunktet enkle, seier han:
- Må gjere ein innsats for å bli betre.
- Rutine i kvardagen: Bevege seg, trene, ete sunt og godt, sove nok og generelt gjere ting han har lyst til.
- Unngå ting han ikkje har lyst til eller ting som medfører mentalt stress.
- Bli flinkare til å tenke på seg sjølv først – og seie nei.
Han hadde følgt fleire av kombinertutøvarane i mange år inn mot VM. At han ikkje fekk vore der, hjelpt elevane sine og sjå at dei passerte målstreken, var noko av det tyngste.
– Eg kjente også på at dei andre trenarane fekk meir å gjere, seier han.
Det norske kombinertlandslaget enda med fire av seks gull i Trondheim.
– Det var fint å sjå at det gjekk veldig bra likevel og at dei andre gjorde ein kjempejobb. Det viser at gruppa vi har hatt er veldig bra, seier han.
SUKSESS: VM i Trondheim blei ein opptur for Jarl Magnus Riiber, sjølv utan trenar Schmid.
Foto: JONATHAN NACKSTRAND / AFP / NTBSportssjefen: – Vi er ganske brutale
Schmid blir omtalt som «den beste trenaren i verda» av sportssjef Ivar Stuan. Samtidig erkjenner han at det har vore veldig tøft å tenke på situasjonen til trenaren.
– Det er ein knallhard jobb. Jan gjekk rett frå å vere utøvar til å gå inn i ei trenarrolle. Kanskje hadde det vore betre om han hadde fått to–tre år i eit vanleg arbeidsliv, men det hadde vi ikkje tid til. Vi måtte bruke den kompetansen fort, seier Stuan.
– Som leiarar er vi ganske brutale og set folk inn i jobben rett frå utøvarbenken. Det er krevjande. Eg er veldig glad for at vi har han tilbake. Han er veldig viktig for oss. Han har eit trenarhovud og ein kunnskapsbase som er heilt unikt for kombinert, seier mannen som har vore sportssjef sidan 2016.
Stuan meiner det er ei utfordring at dei blir pressa på ressursar og talet på menneske undervegs i ein sesong. Han trur dei no har løyst problemet med å endre Schmids arbeidsoppgåver.
GLAD FOR SCHMID-RETUR: Sportssjef Ivar Stuan har hatt Schmid som både utøvar og trenar.
Foto: Jonas Been Henriksen / NTB– Jan er ein sånn person som nesten aldri seier nei. Når han ikkje seier noko, så trykker vi berre til. Det er kanskje det vi skal vere litt obs på. Som leiar og ansvarleg må eg seie at det er mitt ansvar at Jan er fresh og klar, understrekar Stuan.
Publisert 18.07.2025, kl. 11.44