Slik jobbar Stoltenberg for å minimere Trumps toll

4 hours ago 2



– Det er som eit hotell i «White Lotus», seier Jens Stoltenberg (Ap).

Finansministeren snakkar om TV-serien som føregår på nokre av verdas finaste hotell. Og han har rett. Det er på eit slikt hotell G20-møtet finn stad, rett utanfor Durban i Sør-Afrika.

Stoltenberg kikkar ut på Det indiske hav, saman med kollega og ekspedisjonssjef i Finansdepartementet, Amund Holmsen.

et par menn i dress

Mellom slaga flyt praten frå årets tilbakelagde sommarferie til prisen på bollar i Oslo-marka. Jens Stoltenberg i passiar med ekspedisjonssjef Amund Holmsen.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Den vakre stranda er tom, påpeiker Stoltenberg. Holmsen fortel om hans gåtur ned til stranda, og historiene han fekk høyre om dei sterke straumane og farlege haiane som vassoverflata skjuler.

Småpraten går over i årets sommarferie, og det heile glir naturleg over til ei slags meiningsutveksling om prisen på bollar i Oslo-marka. Dei er einige. Det kan gjerne koste litt ekstra når varm gjærbakst blir servert langt inni skogen.

Det dei to toppane i Finansdepartementet eigentleg driv på med er å vente på Stephanie Lose, Danmarks økonomiminister. Dei har viktige tema dei vil ta opp med nabolandet som nyleg tok over formannskapet i EU.

Men det dryger, og difor har flugene på veggen så langt fått høyre meir om norske bolleprisar enn om amerikanske tollsatsar.

Noreg med spesialinvitasjon

Jens Stoltenberg har reist på tvers av heile Europa og Afrika for å vere med på eit G20-møte som sannsynlegvis aldri har hatt meir spesielle rammer.

Utfordringane står i kø når dei mektigaste økonomiane i verda møtest i Durban: Handelskrig, klimaendringar og krigar i Midtausten og Ukraina.

Jens Stoltenberg snakker med en gruppe menn

Finansminister Jens Stoltenberg vil løfte saker som er viktige for Noreg på det globale toppmøtet i Sør-Afrika. Her i samtale med ambassadør til Sør-Afrika, Gjermund Sæther.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Finansministeren ser nytta av å møte sine kollegaer. Samtidig er Noreg til stades med sin eigen dagsorden: Trumps tollsatsar, og våpen til Ukraina. Det er noko av det Stoltenberg vil snakke om.

Noreg tilhøyrer ikkje G20s faste medlemmer, men er inviterte som gjesteland til G20-møtet.

At Noreg blir invitert for andre året på rad er ikkje tilfeldig, meiner finansminister Stoltenberg.

– Vi argumenterer for at Noreg har noko å bidra med, og i denne omgang overfor vertslandet Sør-Afrika, og me får fram at det også er i deira interesse at Noreg sit rundt bordet med dei største landa, seier han.

et par personer står nær hverandre

Noreg har måtta jobbe for invitasjonen til G20-møtet.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Han meiner Noreg er viktige som pådrivar for ambisiøse klimaavtalar, saman med posisjonen som olje- og gassleverandør.

Det er tydeleg at norske diplomatar har jobba hardt for å skaffe Stoltenberg ein billett til G20-møtet.

Ein ung danske bankar forsiktig på døra. Han unnskylder seg, fordi han har innsett at sjefen blir altfor sein.

– Ja, men det er slikt som skjer, seier Stoltenberg og smiler til rådgjevaren.

Sekund etterpå kjem likevel økonomiminister Lose. Ifølge timeplanen er det to minutt igjen av møtetida, men dei nordiske kollegaene blir raskt einige om å la det heile skli litt.

NRK blir sendt på dør. Politikk blir diskutert.

Jens Stoltenberg snakker

Stoltenberg legg vekt på at dei uformelle samtalane kan vere vel så viktig som dei formelle. Her i prat med Danmarks finansminister Stephanie Lose.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

G20: Stormaktene møtest

Rundt bordet i Durban sit også Russland og Kina, saman med Nato-landa USA, Storbritannia og Frankrike.

Det er ein miks av ulike interesser, og G20 er ikkje akkurat ein «klubb av likesinna», medgir Stoltenberg. Men kanskje er det nettopp det som gjer forumet viktig.

– Greier ein å bli einige her, så er det ei god moglegheit for at ein blir einige om store globale løysingar, seier Stoltenberg.

en gruppe personer i et rom

G20-landa representerer over 85 prosent av verdshandelen.

Foto: Nic Bothma / Reuters / NTB

Han har fått tildelt to minutt til å dele Noregs bodskap. Han snakkar om viktigheita av sanksjonar, og om at sanksjonar bidrog til å stanse apartheid i Sør-Afrika.

Reaksjonsforma er også eit viktig middel i dag, legg han til, spesielt i møte med Russland og Israels måte å drive krig på.

– Fridom er viktigare enn frihandel, og difor er sanksjonar lovlege middel, seier Stoltenberg til representantane frå verdas 20 største økonomiar.

G20 vedtar ikkje juridisk bindande politikk. Målet med møtet er at landa skal samle seg om ei fråsegn som gir uttrykk for ei felles einigheit om eit tema.

Og om eit slikt fora blir einige, så er det eit gjennombrot, meiner Stoltenberg.

– Det er viktig fordi det er langt frå sjølvsagt at USA, Kina og EU skal bli einige om eit vedtak.

Intervjuet blei gjort før det fredag ettermiddag vart vedteke ein felles utsegn frå G20-møtet. Dette er nokre av punkta frå utsegna:

  • Ein plan for handtering av gjelda til gjeldstynga land.
  • Einigheit om korleis ein skal gå vidare for å få på plass ein global minsteskatt. Målet er å hindre selskap frå å kunne finne smutthol kor dei betaler mindre skatt, og dermed bidreg mindre til fellesskapet, ved å flytte overskotet sitt til land kor skattenivået er spesielt lågt.
  • Einighet om rammane for finansiering av klimatiltak.

Kunsten ved kompromisset

Vegen fram til ei felles utsegn er lang. Den består av nitid komitéarbeid, på fleire politiske nivå.

Nokre møte skjer langt uti mørke nattetimar, der det blir flytta fram og tilbake på punktum og komma, heilt til alle kan stå inne for tekstutkastet.

menn i dress som står ved et bord

Stoltenberg er avhengig av sine gode hjelparar i embetsverket for å få møtekabalen til å gå rundt.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Det er veldig sjeldan Stoltenberg som sit i slike møte, men han har embetsfolk til å hjelpe han.

Slike som Holmsen, han som også gjerne snakkar om haiar og bollar. Byråkratane står ofte i skuggen, men er olja i maskineriet.

– Han rapporterer til meg og fortel kva som skjer. Det ville vore ein heilt vanvitig tidsbruk om eg skulle sitte til langt på natt for å flytte på setningar.

– Men då må du stole på det han seier til sjuande og sist?

– Ja, men han forvaltar det som er norske standpunkt. Me har jo norske standpunkt kva gjeld klima, skatt og handel. Han er ein erfaren embetsmann i finansdepartementet, og han forstår kor langt han kan gå.

Akkurat no er fokuset til folka i Finansdepartementet å verne norsk økonomi frå den eskalerande handelskrigen.

Stoltenbergs plan er tydeleg. Han vil overtyde alle andre land om at det også er viktig for dei å handle mykje med Noreg. Skulle USA ende opp med å gjennomføre tollplanane, så må Noreg spele på andre strenger.

Han peikar på at 90 prosent av handelen i verda skjer utan at USA er i biletet, så på eit møte som G20 er det framleis store moglegheiter – også om ein ser bort frå USA.

en gruppe menn som står på et fortau

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Samtidig vil den tidlegare generalsekretæren i Nato snakke om noko han har snakka mykje om tidlegare: Behovet for auka militærstøtte til Ukraina.

Slike diskusjonar byr alltid på vanskelege avvegingar, men det er dette som er kunsten ved kompromisset, konstaterer finansministeren.

– Det enklaste er jo å sitte i Oslo og bli einige om korleis verda bør sjå ut. Det er mykje vanskelegare å reise ut i verda, møte verkelegheita og så forhandle vrine kompromiss med land som er djupt ueinige med oss, seier han.

SMS-diplomati

– Mor mi studerte i Canada.

Stoltenbergs historie blir møtt med glede frå mannen på motsett side av det vesle møterommet.

Jens Stoltenberg mfl. sitter ved et bord

Jens Stoltenberg i møte med sin kanadiske motpart Francois-Philippe Champagne, flankert av ekspedisjonssjef Amund Holmsen (til venstre) og statssekretær Sissel Kruse Larsen.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Namnet avslører at finansminister Francois-Philippe Champagne kjem frå den franskspråklege delen av Canada.

USAs næraste nabo er hardt ramma av Trumps tollar, så her kan Noregs finansminister finne støtte.

Nok ei gong blir NRK sendt på gangen før samtalen endrar karakter, bort frå småprat og over til politikk.

en gang med svarte dører

Når dei bilaterale politiske samtalene tek til må NRK ut.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

G20-møtet er ikkje berre eit svært gruppemøte. Vel så viktig er det som skjer mellom møta, mellom anna når han treffer andre finansministrar.

– Eg har jo ikkje vore finansminister så lenge, så nokon av dei treffer eg for første gong. Da passar vi alltid på å utveksle telefonnummer, sånn at vi kan tekstast, seier Stoltenberg.

Innhaldet i desse meldingane varierer.

– Det er alt frå lengre meldingar med meir substans, men ofte er det berre sånn: «Kan vi ringast?», gi ein beskjed eller organisere eit møte.

Reisa til Durban er gull verdt, for no kan han faktisk følge opp mange av avtalane han tidlegare har gjort. Alle kollegaene er samla på ein og same plass. Eit av Afrikas mest luksuriøse hotell er vertskapet for den politiske finanseliten.

  • en gruppe mennesker som står ved en vannmasse med trær rundt

    Torsdag kveld var det konsert for diplomatane på hotellet.

    Foto: Vegard Tjørhom / NRK
  • En gruppe mennesker på en berg-og-dal-bane

    Forholda er lagt til rette for at delegatane kan få kjøle seg ned. Men NRK har sett lite til badande ministrar.

    Foto: Vegard Tjørhom / NRK
  • en gruppe mennesker som står på en brygge med paraplyer

    Det går travelt føre seg på hotellets medieområde.

    Foto: Vegard Tjørhom / NRK

På eit internasjonalt møte som i Durban kjenner Stoltenberg seg friare som finansminister enn det han var som generalsekretær i Nato.

– No slepp eg å sitte inne heile tida og leie møtet. Eg kan gjere som ministrar gjorde på Nato-møtet, nemleg sitte der ei lita stund, og deretter gå ut og ha eigne møte.

– Hjelper det å ha eit namn som mange kjenner frå før?

– Det er i alle fall ingen ulempe. Eg opplever at det er lettare å få tilgang, og det er bra for Noreg. Det gjer også jobben min lettare.

Jens Stoltenberg i dress og slips snakker med en kvinne i dress

Stoltenbergs NATO-fortid gjev han visse fordeler som norsk finansminister ute i verda.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Om turen var verdt det, og at han faktisk klarer å verne Noreg mot Trumps tollsatsar, det vil berre tida vise.

I tillegg til Danmark og Canada fekk han møtt fleire andre ministrar, frå land som Tyskland, Storbritannia og Australia. Og han møtte fleire med liknande syn som han sjølv.

– Alle dei landa er einige i at me må samle oss i arbeidet med å møte auka tollsatsar. Og om USA gjer alvor i dei varsla aukingane, så må me handle meir med kvarandre, seier Stoltenberg.

Interessert i meir stoff frå utanriks? Høyr redaksjonens siste podkast-episode:

Publisert 18.07.2025, kl. 15.27 Oppdatert 18.07.2025, kl. 15.30

Read Entire Article