Opnar dørene til Lindum: – Eit nytt kapittel

1 hour ago 1



Når Ryfylkedagane går av stabelen i Suldal denne helga, er den største nyheita lagt til lakseslottet Lindum. Laurdag kveld opnar dei nye eigarane dørene til Ryfylkefest.

Sverre Underbakke og sonen Otto kjøpte lakseslottet Lindum ved Suldalslågen i desember. Foto: Heidi Hjorteland Wigestrand
  • Tor Inge Jøssang

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

Ryfylkedagane 2026 blir arrangerte i Suldal 5.–7. juni.

Dei nye eigarane av Lindum, Sverre og Otto Underbakke, inviterer til folkefest på eigedomen. Ifølgje arrangørane markerer festen både ei offisiell opning og starten på ei ny satsing på Lindum som møteplass og arena for opplevingar.

I omgjevnadene ved Lakseslottet blir det konsertar med Bon Scotch, Splitter Pine og Igjenting. Det blir også servering av lokal mat og drikke. Det blir sett opp skyttelbuss mellom kommunesenteret Sand og Lindum i Suldalsosen.

– Frå folkefesten på Lindum til kunstutstillingar, marknadsdag og familieaktivitetar – Ryfylkedagane 2026 byr på opplevingar for både fastbuande, hyttefolk og tilreisande, seier prosjektleiar Marit Larsen i Næringshagen i Ryfylke.

Laurdag blir det også marknadsdag på Sand, der rundt 60 utstillarar skal visa fram lokalt handverk, kunst, mat og produkt frå kommunen.

I Suldal kulturhus opnar sommarutstillinga til kunstnaren Valdar Nyvoll, som har røter frå Høyvik på Jelsa. Han er tidlegare elev hos Odd Nerdrum og er kjend for eit klassisk og figurativt uttrykk.

Ved torget ligg jekta Brødrene af Sand til kai, og saman med Ryfylkemuseet blir det formidling av lokal historie og handverk. Suldal Sogelag opnar også utstillinga «Strandstaden i endring – Sand 1866–2025».

På Meieritomta blir det gratis aktivitetar for barn og familiar, mellom anna hoppeslott og rodeo. Søndag blir Ryfylkedagane avslutta med familiedag på Nesflaten.

Publisert:

Publisert: 5. juni 2026 12:50

Read Entire Article