Omstridd trenar dukka opp på stadion: – Absolutt problematisk

17 hours ago 6



– Gitt det han er utestengt for i britisk idrett, burde han ikkje få vere trenar andre stader heller, seier Atle Guttormsen til NRK.

– Det er absolutt problematisk at ein trenar kan starte ny verksemd andre plassar etter at han er utestengt, seier Kjetil Hildeskor i Noregs Friidrettsforbund.

Kjetil Hildeskor Generalsekretær Norges Friidrettsforbund

REAGERER: Kjetil Hildeskor meiner comebacket til Toni Minichiello i friidretten er problematisk.

Foto: NTB

For i helga plukka telelinsene opp at Antonio «Toni» Minichiello var tilbake på den internasjonale scena under eit stemne i den polske byen Torun. Han var tidlegare trenar for OL-vinnaren Ennis Hill.

No er han trenar for Adrianna Sulek-Schubert (25).

I 2022 vart Minichiello utestengt frå britisk friidrett på livstid på grunn av uanstendig åtferd av seksuell karakter mot fleire kvinnelege utøvarar og trenarar.

Varsla skal ha kome gjennom ein periode på 15 år.

Les meir om skuldingane i faktaboksen under.

Minichiello er ikkje dømt i det britiske rettssystemet for nokon av handlingane. Det er derfor heller ingenting som hindrar han i å samarbeide med den polske mangekamputøvaren.

– Eg har vore trenar i over 30 år, og sjølv om eg har vore standhaftig og krevjande, har eg aldri oppført meg uanstendig mot nokon av utøvarane mine, noko også veldig mange av dei kan bekrefte, uttalte han etter at han vart utestengt.

NRK har prøvd å hente inn kommentarar frå Toni Minichiello i denne saka, men så langt ikkje lykkast.

Saknar internasjonale reglar

På det aktuelle stemnet i Polen var også stavhoppar Sondre Guttormsen i aksjon. Trenarpappa Atle Guttormsen seier til NRK at han ikkje fekk med seg at den omstridde 58-åringen var til stades.

Han etterlyser likevel meir handlekraft frå det internasjonale friidrettsforbundet i slike saker.

– Det er generelt problematisk at det ikkje finst eit klarare regelverk frå World Athletics (det internasjonale friidrettsforbundet) si side.

– Så lenge WA ikkje følger opp utestengingar, blir det jo opp til kvar enkelt utøvar og nasjon, påpeikar Guttormsen.

Sondre og Atle Guttormsen

SAKNAR KLARE REGLAR: Atle Guttormsen følger opp sonen Sondre tett. Trenarpappaen meiner vi treng eit klarare regelverk for utestengingar i internasjonal idrett.

Foto: NTB

Overfor NRK klargjer World Athletics at dei via den uavhengige Athletics Integrity Unit (AIU) har høve til å søke om eit internasjonalt verneforbod.

– Ein av dei spesifikke grunnane til å gjere dette er dersom ein person er underlagd ei avgjerd som involverer ei vernebekymring frå eit medlemsforbund og blir gått ut frå av AIU å flytte territoriet til eit anna medlemsforbund for å unngå eit forbod, suspensjon eller restriksjon frå å arbeide i friidrett, eller reknast av AIU for å utgjere ein risiko for dei som er involvert i friidrett i landet, skriv WA i ein kommentar til NRK.

Generalsekretær i Noregs Friidrettsforbund Kjetil Hildeskor meiner britisk friidrett bør legge press på saka internasjonalt.

– Eg vil tru at det britiske friidrettsforbundet har interesse av å ta dette opp med det internasjonale forbundet, seier Hildeskor.

– Har de fått reaksjonar frå norske utøvarar som var på plass under det aktuelle stemnet førre helg?

– Eg har ikkje fått nokon reaksjonar enno, svarer han.

Tar avstand frå Minichiello

Det polske friidrettsforbundet (PLZA) har valt å distansere seg frå mangekjemparen sitt ønske om å samarbeide med Minichiello.

– PLZA erklærer at Adrianna Sulek-Schubert tok avgjerda om å samarbeide med Toni Minichiello heilt på eige initiativ. Trenar Minichiello er ikkje finansiert av PLZA, heiter det i ei fråsegn referert av blant anna Mail Sport.

Minichiellos comeback har ikkje uventa skapt store overskrifter i England. Her var han blant anna personleg trenar for Jessica Ennis-Hill.

KAN NEKTAST AKKREDITERING: World Athletics klargjer overfor NRK at dei kan ta grep mot trenarar som har bekymringsmelding hengande over seg.

Foto: AFP

Ho vann OL-gull på heimebane i nettopp mangekamp, sommaren 2012. I etterkant fekk Minichiello utmerkinga «Årets trenar» i ei BBC-kåring.

Guttormsen påpeikar at det kan vere eit vanskeleg farvatn å manøvrere seg fordi saker som blir behandla av idretten sine eigne organ ofte blir handtert etter andre reglar og prinsipp enn innanfor domstolane.

– Rettssikkerheitsmessig er det jo ei utfordring at ein blir dømt for slike saker i idretten, utan at ein nødvendigvis er dømt i retten, påpeikar han.

– Korleis bør slike problemstillingar løysast i framtida?

– Ideelt sett bør det jo vere slik at dersom ein er dømt eller utestengt i eit land, bør det takast vidare til World Athletics for ei avgjerd om det skal handle om ei utestenging frå all internasjonal idrett, svarer Guttormsen.

– Ein vaksen utøvar

Tabloidavisa Mail Sport har intervjua Minichiello om samarbeidet med Sulek-Schubert.

Han hevdar at ho ønsker å finne tilbake til toppnivået etter at ho blei mor for første gong i februar i fjor. Minichiello har tidlegare hjelpt Ennis-Hill med å bli verdsmeister eit snautt år etter at ho fødde.

– Ho (Adrianna) sende meg ei tekstmelding og spurde: «Kan du hjelpe meg?». Eg reiste over til Polen i tre veker for å gi henne råd og støtte med treninga og kunnskapen eg har om å kome seg tilbake igjen (etter graviditet).

Toni Minichiello og Jessica Ennis

TOK OL-GULL: 58 år gamle Toni Minichiello jobba i mange år med Jessica Ennis-Hill. Blant anna når ho blei olympisk meister i mangekamp i London’12.

Foto: Reuters

– Ho er ein vaksen person og er fullt kapabel til å gjere seg opp si eiga meining om kvar ho får råd og konsekvensane det gir, seier Minichiello til avisa.

Spørsmålet er om samarbeidet til slutt vil bli stoppa av World Athletics.

World Athletics har også makt til å halde tilbake akkreditering for World Athletics Series Events, bekreftar forbundet overfor NRK.

PS: Då saka rundt den tidlegare trenaren hennar sprakk, klargjorde Ennis-Hill at ho ikkje hadde blitt utsett for uanstendig åtferd frå Minichiello: – Skuldingane er forferdelege, og sjølv om eg aldri fekk noka form for fysisk eller seksuelt lada åtferd, er eg av den oppfatning at alle former for uanstendig åtferd eller språk ikkje skal vere tillat i nokon former for trenings- eller arbeidsmiljø.

Publisert 21.02.2025, kl. 20.20 Oppdatert 21.02.2025, kl. 20.22

Read Entire Article