Olliver (19) drøymer om å bli storbonde, men fryktar å drukna i gjeld

1 hour ago 5



– Det kjekkaste er når vinter blir til vår. Å gå rundt og sjå at lamma har det bra. Det er berre nydeleg.

Olliver Ullenes (19) tok over ansvaret for sauene på garden til onkelen sin på Rennesøy i Rogaland alt som 15-åring.

Nå er han bonde med 230 vinterfôra sauer.

På sikt er planen å ta over heile garden.

Då blir han også sjef for 120 mjølkekyr, 50.000 slaktekyllingar, i tillegg til fleire kalvar og oksar.

– Er bonde draumejobben?

– Ja, det er i grunnen det, gliser 19-åringen.

ung bonde

Olliver Ullenes (19) har som mål å ta over garden til onkelen sin på Rennesøy, men førebels er ingenting sikkert.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Enn så lenge er han gjeldfri, men kostnaden for å overta eit større gardsbruk er stor. Olliver passerer fort tosifra millionbeløp i lån.

– Eg veit ikkje kor mange millionar det er snakk om ennå, men berre det nye kyllinghuset kosta 17 millionar kroner, så det seier seg sjølv at det blir dyrt.

– Bekymrar det deg at du kan få mange millionar i lån?

– Ja, eg skal betala det ned også.

I tillegg til store lån, har bøndene fått større utgifter til drift og nytt utstyr dei siste åra.

– Det går med mykje pengar til alt frå diesel til kraftfôr, slår den unge bondespira fast.

Kyllingproduksjon på Rennesøy. Her lever 50.000 slaktekyllingar.

Kraftig gjeldsvekst

Utviklinga dei siste tiåra viser at gjeldsbelastninga for dei større gardane har auka raskare enn i dei fleste andre næringar og hos gjennomsnittshushaldninga.

Sparebank 1 Sør-Norge har mange bønder som bankkundar i heile Sør-Noreg.

Dei opplyser at den gjennomsnittlege gjelda per gardsbruk har auka med 125 prosent frå 2016 til 2026.

– Det er eit stort etterslep på investeringar i bygg i landbruket. Krav til lausdrift i mjølkeproduksjonen frå 2034 skaper stor aktivitet i bygging av nye fjøs. Det er også stor aktivitet innan kyllingproduksjon og egg, seier direktør for landbruk i banken, Peder Skåre.

I snitt er gjelda relativt låg, om lag 5 millionar kroner per bruk, men forskjellane er langt større enn før.

Mange har over ti millionar i gjeld, ein del over 20, medan enkelte har tatt opp lån på over 30 millionar.

Til samanlikning har ein vanleg norsk hushaldning godt over 2 millionar kroner i gjeld. I hovudsak på grunn av bustadlån.

– Det er positivt at det er investeringsvilje så sant det ikkje fører til overproduksjon. Men det stiller heilt andre krav til bedriftsleiing og handteringa av drift og økonomi, seier Skåre.

– Men konsekvensane kan bli dramatiske dersom ein låner for mykje og drifta ikkje går etter planen?

– Med ei gjeld på 15–20 millionar må ein driva godt. Høg gjeld og ei drift som ikkje går så godt som du hadde tenkt, og andre uheldige omstende som sjukdom og samlivsbrot i ein familie, utgjer ein betydeleg risiko i landbruket.

bankmann i kontorlandskap

Innovasjon Norge bidrar med ein del støtte til investeringar i landbruket, men det meste må finansierast med lån, ifølge bankmann Peder Skåre.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Større fallhøgde

I snitt auka gjelda med 7 prosent per bruk i 2024, ifølge dei siste tala til Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) som baserer seg på tal frå gardane i heile landet.

Det er ennå uvisst om veksten er like stor i 2025.

– Den lange trenden er at gjelda i landbruket har gått opp. Det blir gjort store investeringar som betyr stor gjeld og større fallhøgde enn før, seier landbruksøkonom Lars Johan Rustad i Nibio.

Med det meiner han at før kunne gjerne ein bonde på ein gard leva på ektefellen si inntekt om drifta ikkje gjekk som planlagt. Det er ikkje like enkelt i dag.

– Med så stor gjeld som i dag betyr rentenivået mykje og at ein lukkast med ei drift som gir overskot, poengterer landbruksøkonomen.

– Det er det ikkje alle som klarer fordi store byggeprosjekt ofte viser seg krevjande å landa innanfor kostnadsrammer, og fordi unge ofte må gjera seg nokre erfaringar og læra av nokre feil, før dei lukkast som best, seier Rustad.

Bedriftsleiar og gardbrukar

Vinterlandbruksskulen i Ryfylke tilbyr eitt år agronomutdanning for vaksne. Skulen opplever rekordstor interesse frå unge bønder som vil satsa på landbruket.

Årets kull består både av bønder som har tatt over gardsbruk, men også bønder som skal inn i næringa – og som står overfor store investeringar.

– Det er så viktig å læra elevane økonomi at me har valt det som eit obligatorisk fag. Alle som driv gard i dag skal ha kompetanse på økonomi. Du blir på ein måte bedriftsleiar, i tillegg til å vera gardbrukar, seier rektor Ingvild Luteberget.

– Er rektor bekymra for den økonomiske børa mange unge bønder tar på seg?

– Eg trur det er viktig med kompetanse, slik at dei gjer kloke investeringar. Me prøver å ha fokus på at det kan vera lurt å gjera investeringane trinnvis. Det viktigaste er å koma i gang med det som gir inntekter. Då kan du investera vidare etter kvart som du har fått betalt ned gjeld.

ung bonde

Olliver Ullenes (19) trivst med å jobba med dyr.

Foto: Magnus Stokka / NRK

1300 nye bønder under 25 år etablerte seg i 2025, og på to år mellom 2022–2024 auka talet på bønder under 40 år med 1300.

Aldri har veksten vore større.

Ei ny «ungdomsbølge i landbruket», samanfattar Bondebladet.

«Ungdomsboomen» merkar også Olliver Ullenes på Rennesøy, som har som mål å ta over ein av dei større gardane i Rogaland.

– Me var tre kompisar på ungdomsskulen som var veldig ivrige på å jobba. Nå driv alle oss tre med gardsarbeid og har store planar for framtida. Det er kjekt.

Publisert 21.02.2026, kl. 16.35

Read Entire Article