Olav meiner vegen hans er så elendig at den er «Noregs verste fylkeveg»

5 hours ago 2



– Det kan jo vere litt frustrerande, sjølvsagt.

I 20 år har Olav Klungre engasjert seg for å få ein betre veg i nærmiljøet.

No melder han den på i konkurransen om Noregs verste fylkesveg.

– Det er ikkje eit mål om å vinne, men vi kjem nok høgt opp i denne runda også, seier Klungre.

En vei med steiner på siden
En fylkesveg i Vestland med lange sprekker i asfalten.

Fylkesveg 615 i Vestland

Arild Straume/ Nils Ole Refvik

I 2018 blei det han kallar ein flaskehals, fylkesveg 615 mellom Hyen og Storebru i Vestland, kåra til Noregs nest verste veg i ei uoffisiell NRK-kåring.

Berre slått av E16 mellom Bergen og Voss. Hendinga vart markert med eit eige skilt.

– Det stod berre eit par veker. Vi er lovlydige her, påpeikar KrF-politikaren.

Sidan har det vore sju utbetringar her og der på den 36 kilometer lange vegen. Men Klungre meiner det er langt frå nok.

– Eg trur vi kan skåre på dei fleste parametera om hol i vegen, smal veg, farlege svingar, ofte oversumt, rasfare, dårleg sikt og ikkje eigna for tungtransport, seier Klungre.

Ønsker fleire bidrag frå publikum

Nærmare 500 fylkesvegar frå heile landet er nominerte i løpet av den første veka av konkurransen om den dårlegaste fylkesvegen, opplyser arrangøren til NRK.

en mann i dress. Bilde vedlagt pressemelding fra NTB, uten bildekred.

Øyvind Solberg Thorsen i Opplysningsrådet for Veitrafikken.

Foto: Opplysningsrådet for Veitrafikken

– Vi har faktisk fått inn så mange bidrag allereie at vi kan lage ei oversikt over veldig mange vegstrekningar i landet som treng ekstra kjærleik, omsorg og meir pengar.

Det seier Øyvind Solberg Thorsen, direktør i Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV).

Dei tek gjerne imot fleire tips og bilde av dårlege fylkesvegar frå heile landet på nettsida norgesveier.no. Konkurransen er open heile fellesferien.

Ein dårleg vegstrekning kan definerast på fleire måtar, ifølgje Thorsen.

– Det er openbert når ein veg er holete, manglar asfalt, er sprekkete og fæl, og vanskeleg å køyre på. Men det kan også vere ein veg som er veldig uoversiktleg og vanskeleg å møte andre på, seier direktøren.

Blant dei nominerte er også alle dei andre fylkesvegane som kom på topp ti-lista av dei verste norske vegane i 2018-kåringa:

  • Sprekker i asfalten på fylkesveg 60 mellom Grodås og Hellesylt

    Malin Kjellstadli Korsnes

    Fv. 60 Grodås-Hellesylt, Møre og Romsdal/Sogn og Fjordane

    Fylkesvegen er i år nominert av Volda-ordførar Sølvi Dimmen, som kallar den for «verdas lengste berg- og dalbane».

    – Den er til skade for bilar, gåande, trafikk og næringsliv. Humpete, dårlege kantar og varierande vegbreidde, seier Dimmen.

    Lite er gjort her sidan 2018, anna enn å fikse nokre punkt som har vore ekstra dårlege, ifølgje Bjørn Lødemel i Sogn og Fjordane Næringsråd.

  • Fylkesvei 33

    Rolf Petter Olaisen

    Fv. 33 Minnesund-Gjøvik i Innlandet/Akershus

    Bildet er frå 2018. Akershus fylkeskommune har gjort forbetringar som kantforsterking, skifte av stikkrenner, grøftrensk og vegetasjonsrydding.

    Innlandet fylkeskommune har gjort ein del utbetringar på deira del av fylkesvegen for fleire år sidan: ny asfalt, nytt fortau i Skreia, rassikring nord for Falkentunnelen. Framover skal Skreia-Bilitt byggast ut for 200 millionar kroner.

  • Norges verste vei

    Sylvi Inez Liljegren

    Fv. 8850 Hesseng-Nyrud i Finnmark

    Finnmark fylkeskommune opplyser at det har vore fleire utbyggingsprosjekt dei siste åra, hovudsakleg mellom Håbeth og Svanvik. Det er også bytt ut 50 stikkrenner og vore lapping av dei verste hola i asfalten mellom Stenbakk og Skogfoss.

    Men det gjenstår mykje. Dei neste fire åra skal 100 millionar kroner brukast på vegen. Bildet er frå 2014.

  • en smal fylkesvei med lange sprekker i asfalten

    Privat

    Fv. 57 Tromvik-Grøtfjord i Troms

    - Det vi har gjort her sidan 2018, er ordinært vedlilkehald, altså nødreparasjonar, seier avdelingsleder Øyvind Strømseth i avdeling for infrastruktur i Troms fylkeskommune.

    Han anerkjenner at veien er svært dårleg.

    - No kartleggjer vi for å sjå om vi kan gjere ekstraordinære tiltak i løpet av året.

  • Norges verste veg - fv. 285 Hole-Lier, Buskerud

    Synne Gjul Wroll-Evensen

    Fv. 285 Hole-Lier i Buskerud

    Buskerud fylkeskommune opplyser at vegen no er i betre stand enn i 2018. Dei overtok ansvaret for vegen frå Statens vegvesen i 2020, og har sidan forsterka veggrunnen, skifta ut stikkrenner og rekkverksstolpar av tre Kjelsted-Skaret, grøfta, asfaltert, bygd ny bru ved Asdøla og retta ut delar av vegen.

Verst i Nordland og Vestland

Heile 39 prosent av fylkesvegane har dårleg dekkestandard, ifølgje ein rapport Vista Analyse gjorde for OFV i fjor.

Aller verst er tilstanden i Nordland, Vestland og Buskerud, ifølgje rapporten.

NAF har også ropt varsku denne våren: Over 30 prosent av dei 44.000 kilometerane med fylkesvegar er i dårleg stand.

Bilorganisasjonen har rekna ut at det vil koste rundt 108 milliardar kroner å halde ved like vegane, og rundt 62 milliardar kroner å rassikre dei, basert på tal frå Statens vegvesen.

– Ikkje nok pengar

Berre i Vestland vil det koste rundt 20 milliardar kroner å fikse dei dårlege fylkesvegane, ifølgje fylkeskommunen.

– Tilstanden er veldig dårleg mange plassar. Her trengst det pengar, enkelt og greitt, seier Arve Helle, leiar for samferdselsutvalet i Vestland fylkesting.

Det er Dina Lefdal, direktøren for infrastruktur og veg i fylkeskommunen, samd i.

en kvinne smiler til kameraet

Dina Lefdal i Vestland fylkeskommune.

Foto: Silje Alvsaker / Vestland fylkeskommune

– Vi har eit drift- og vedlikehaldsbudsjett på 1,3 milliardar kroner. Vi prøver å bruke midla så klokt som mogleg, men vil alltid trenge meir, seier Lefdal.

Ho fortel om «skrikande» behov for også å utbetre bruer og tunnelar.

– Det er kanskje det mest krevjande å halde ved like.

Lovar meir pengar

På nettsida til fylkesvegkonkurransen blir ein også oppmoda til å signere eit brev til samferdselsministeren om å gi meir pengar til fylka.

Statssekretær Tom Kalsås (Ap) påpeikar at regjeringa har gitt ekstra pengar, men at vedgår at det vil ta lang tid å fikse alle vegstrekningane.

Tom Kalsås

Tom Kalsås i Samferdselsdepartementet.

Foto: Samferdselsdepartementet

– Vi er opptatt av å få ned det gapet og prioritere meir midlar til fylkesvegane, seier Kalsås.

– Kor lang tid vil det ta før vegane er gode?

– Det vil vere eit stort behov i åra som kjem, men vi vil sette fylkeskommunane i best mogleg stand til å kunne prioritere dei viktigaste vegane og tiltaka som har størst effekt på trafikksikkerheita, seier Kalsås.

Olav Klungre i Vestland er godt innforstått med at det å få fiksa ein veg er eit maraton, ikkje ein sprint.

– Vegbygging kan ta generasjonar, seier han.

Publisert 27.06.2025, kl. 12.39

Read Entire Article