Økonomiekspertise og politiske organ kan minna om forholdet mellom losen og

2 hours ago 1



DEBATT: Kva skjer når den økonomiske faginnsikta møter politikkens realitetar, spør Jan Zahl i Aftenbladet 28. oktober. Forholdet mellom økonomiekspertise og politiske organ kan likna på forholdet mellom losen og kapteinen på ein båt.

For å skapa eit fungerande demokrati der politiske vedtak fører til dei resultat som var føresetnaden, trengst byråkratiet som los, skriv Njål Kolbeinstveit. Foto: Rune Vandvik
  • Njål Kolbeinstveit

    Njål Kolbeinstveit

    Samfunnsøkonom

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Kapteinen lyttar til losen fordi det set han i stand til å finna rett lei, og unngå alvorleg skade. Det er kapteinen som tek avgjerd slik politikarar gjer i Stortinget. Byråkratiet er losen som fungerer som rådgivar. Difor er det ikkje grunnlag for konflikt, derimot for godt samarbeidd.

Kvifor har økonomisk innsikt fått så stor påverknadskraft?

For å skapa eit fungerande demokrati der politiske vedtak fører til dei resultat som var føresetnaden, trengst byråkratiet som los. Det var lærdommen etter 2. verdskrigen då ein hadde analysert kriser i mellomkrigstida. Ny lærdom førte til at vilkåret for Marshallhjelp frå USA etter krigen var at vi fekk slike styringsverktøy som vi nyttar. Når regjeringspartiet vert avhengige av støtte frå andre for å skaffa fleirtal, har det skjedd at byråkratiet har fått mindre påverknadskraft.

Politikken på sjølvstyr

Erfaringar med å lata vera å følgja økonomiske råd er framstilt av Aftenblad-medarbeidaren Øyvind Kvål i desember 1979:

«Da oljemilliardane begynte å trille inn, gjekk dokumentet (Stortingsm 25 (1973–74) langsamt i glemmeboken. Andre omarbeidde utgåver kom aldri. Vi starta bruk av oljepengane som om dokumentet aldri hadde eksistert. Vi fekk årene 1974-77, nå gjerne omtalt som» de glade vanvidds år». Oljemeldingen fekk rett. Alle de problema vi fekk står å lese i den.»

Når skaden vart erkjent, fekk økonomiske råd på ny gjennomslag, og Norge har etterpå skapt store økonomisk og sosiale framsteg. Perspektivanalysen Zahl omtalar fortel at bruttonasjonalproduktet er blitt meir tredobla i faste prisar sidan 1970. Vi gjekk forbi USA med 7-mils steg. Slikt let seg ikkje gjera utan at kapteinen og losen forstår rollene sine. Økonomen Holte som er vist sterk interesse med boka si, meiner at det gode samarbeidet mellom losen og kapteinen har forvitra, og kan gi oss mindre politisk handlingsrom framover. Difor har han blåse i luren for å vekka oss.

Statsbudsjettet

Når det vert lagt fram eit statsbudsjett som treng støtte frå samarbeidspartar, vil det ved framlegginga vera teke omsyn til at støttespelarane – etter forhandlingar – må få med i budsjettet noko av hjartesakene sine. Skulle det vera til dømes ein prosent av statsbudsjettet, utgjer det 20 milliardar, og må fordelast mellom støttespelarane sine viktige mål. Denne prosenten utgjer ein promille av oljefondet. Dette, og litt meir, kan lirkast på plass innanfor handlingsregelen.

Kva skjer med politikken sitt handlingsrom når den møter økonomiske realitetar? Svaret kan vi læra om vi les historie. Resultatet kan også bli eit trugsmål for demokratiet. Det er mange år sidan økonomen Galbraith varsla USA om alvoret.

Publisert:

Publisert: 6. november 2025 09:54

Read Entire Article