KRONIKK: Den brutale juntaen i Myanmar tvingar kristne til å flytte julefeiringa fordi dei skal gjennomføra eit reint skinnval som skal legitimera overgrep.
Johannes Morken
Redaktør, Stefanusalliansen
Publisert: Publisert:
For mindre enn 30 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Generalane i Myanmar skyr ingen middel. Dei bombar, drep og jagar folk på flukt. Det går hardt ut over folkegrupper der svært mange er kristne eller muslimar.
Generalane tapte valet i november 2020. I februar året etter gjennomførte dei eit kupp – eller rettare: eit kuppforsøk. Nasjonalforsamlinga vart jaga. Aung San Suu Kyi vart fengsla. Fredelege demonstrasjonar vart slegne ned med. I tida etterpå har det rasa borgarkrig mellom juntaen på den eine sida og væpna grupper og folkemilitsar i ulike etniske delstatar (fylke) på den andre sida. På bakken har juntaen i dag full kontroll berre over kring ein tredel av kommunane (townships). Generalane har difor intensivert luftangrepa. Dei brukar både bombefly og motoriserte paraglidarar for å bomba, brenna og drepa.,
Den 28. desember har generalane lyst ut val i dei kommunane der dei har kontroll. Dette blir eit illegitimt val, eit skinnval som generalane vil bruka for å legitimera maktbruk og forfølging. Verda må ikkje lata seg lura. Det internasjonale samfunnet må tydeleg fordømma valet som er ei brikke i eit skite politisk spel og ein blodig krig mot etniske og religiøse minoritetar og mot all politisk motstand.
Må flytta jula
I Kachin-staten i nordaust, der fleirtalet er kristne, har det militære rådet gjeve ordre om at alle kristne kyrkjer i kommunane der det skal haldast val, må feira jul før 20. desember. Årsaka er at jula ikkje kollidera med valet. Kyrkjene har i eitt år levd utan internett som har vore stengt av juntaen. Kyrkjene skal ha følgt ordren av frykt. Dei er blitt åtvara om at julefeiring etter 20. desember blir sett på som opprør eller ordrenekt og føra til arrestasjonar.
Ein kristen innbyggjar frå Tanai seier til Kachin News: «Eg har aldri opplevd noko slikt i heile mitt liv som kristen. Dette er som å tvinga nokon til å feira bursdagen sin på ein dag som ikkje er den rette. (...) Og denne feiringa er uendeleg mykje viktigare enn ein bursdag: Det er den mest heilage høgtida for kvar kristen.»
I slutten av november blei den 23 år gamle pastoren Pau Muan Lian frå Chin-staten i nordvest – der. Meir enn 90 prosent er kristne – bortført. Pastoren vart tvinga til å gjera militærteneste for juntaen, melder Christian Solidarity Worldwide.
Han blir altså tvinga til å gjera teneste for generalar som bombar, brenn og forfølgjer pastorens eige folk, chin-folket. Han er ikkje åleine.
Mange unge menn også blant det muslimske rohingya-folket er blitt kidnappa og tvinga til å gå inn i hæren til generalane.
Ny massakre
Generalane held nemleg fram overgrepa rohingyaane. I 2017 blei tre kvart million rohingyaer fordrivne i det som er kalla folkemord. Dei to siste åra er angrepa mot dette folket trappa opp på nytt med utolelege lidingar og fleire hundre tusen på ny flukt.
Dagen då vi følgde utdelinga av Nobels fredspris, 10. desember, gjennomførte juntaen ein ny massakre: 30 sivile vart drepne i eit luftangrep mot eit sjukehus i Rakhine-staten. Angrepet inngår i det vi med rette kan kalla ein landsomfattande terrorkampanje.
Liknande angrep skjer i aukande omfang også i Chin-staten. Same veka vart dusinvis av bomber sleppte for å rydda veg for bakkestyrkar. Skular, sjukehus, kyrkjer og bustader er denne hausten blitt bomba med vilje. Med bomber vert det forsøkt rydda veg for generalane. Dei er alt anna enn fredsfyrstar.
Generalane gjer ikkje det minste forsøk på å skapa tryggleik før eit val – dei driv i staden rein terror under dekke av at dei skal gjennomføra eit «val». Dei vil knebla lokalsamfunn, knusa motstand og spreia frykt.
Arrestordren som ikkje kom
For eitt år sidan bad aktor i Den internasjonale straffedomstolen (ICC) om at arrestordre på junta-leiaren, general Min Aung Hlaing. Det har ikkje skjedd. I mellomtida har generalen fritt fått halda fram terrorkampanjen. Han kan, tragisk nok, gjera det utan frykt for straff. Generalen gjestar derimot stadig sin gode ven i Moskva, Vladimir Putin. Dei driv begge statleg terror, og Putin hjelper gjerne kollegaen i Myanmar.
Vi i Norge bør vera ekstra opprørte over overgrepa i Myanmar. Telenor, som trekte seg ut av Myanmar eitt år etter kuppforsøket, gav juntaen tilgang til mobildata som det er god grunn til å tru at generalane har brukt for å jakta opposisjonelle. I verste fall er aktivistar blitt forfølgde, fengsla, torturerte eller drepne. Det er ikkje til å leva med.
At vår eiga regjering nektar å svara på kva aktuelle statsrådar visste om utleveringa av kundedata til militærregimet, er utoleleg. No må Stortinget krevja svar. Regjeringa sitt ansvar er å verna dei forfølgde og stå opp for dei som med livet som innsats kjempar mot juntaen.
Publisert:
Publisert: 19. desember 2025 22:13

3 hours ago
2












English (US)