Nye detaljar om skota som drap Adam (8) på Vestbreidda

2 weeks ago 14



29. november 2023:

Adam (8), storebroren Baha (14) og fleire andre kompisar er ute og leikar i nabolaget sitt på den okkuperte Vestbreidda.

Det israelske militæret har akkurat raida heimbyen deira Jenin, og køyrer inn i gata gutane leiker i.

I polstra køyretøy stoppar soldatane opp og losnar fleire skot, tilsynelatande rett mot gutegjengen.

Overvakingskamera viser korleis Adam spring vekk frå soldatane. Ei kule treff han i bakhovudet og han fell mot bakken.

Storebroren Baha forsøker å dra han med seg bak ein bil. Men åtteåringen er død.

Også ein 15-åring blir drepen av dei israelske soldatane den dagen.

Overvåkningsbilder fra gata i Jenin viser øyeblikket Adam ble skutt. Videoen er sladdet av NRK.

Håvard Greger Hagen

Meiner det kan vera krigsbrot

I ettertid har det israelske militære (IDF) stadfesta til NRK at dei skøyt mot folk dei mistenkte hadde kasta eksplosiv mot dei.

No har BBC laga ei oversikt over kva som skjedde på Vestbreidda den dagen.

Basert på funna seier FNs spesialrapportør for menneskerettar, Ben Saul, at Adam sin død ser ut til å vera krigsbrot.

– For Adam ser dette ut til å vera eit brot på den internasjonale humanitære lovens forbod mot bevisst, vilkårleg eller uforholdsmessig å angripa sivile, krigsbrot og eit brot på menneskeretten til liv, seier Saul til BBC.

Jenin

NRK møtte familien til Adam i desember. Her står broren Baha (14) og ser på minnestaden der broren vart drepen.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Sit i polstra køyretøy

Også assisterande generalsekretær i Helsingforskomitèen, Gunnar Ekeløve-Slydal, meiner dei israelske soldatane sine handlingar i november kan vera krigsbrot.

Basert på BBC sine undersøkingar kan dette godt vera snakk om krigsbrot. Det kan òg vere snakk om brot på retten til liv, eit menneskerettsbrot, seier han.

Han viser til at det ikkje er lov å skyta sivile i krig.

Jenin

Ein israelsk soldat på Vestbredden 29. november.

Foto: ZAIN JAAFAR / AFP

– Desse gutane var ikkje i uniform, dei var unge og dei var openbert sivile.

Israels militære seier dei skyt mot folk som kastar eksplosiv. Dei meiner ein av gutane hadde noko i handa. Kan detta forklarast som sjølvforsvar?

– Basert på BBC sitt innsamla materiale så ser ein at soldatane sit i polstra køyretøy. Adam spring vekk frå dei, likevel skyt dei. Her ser det ikkje ut til at det var naudsynt å skyte, seier Ekeløve-Slydal.

Gunnar M. Ekeløve-Slydal

Gunnar M. Ekeløve-Slydal meiner IDF spelar ei negativ rolle i valden mot sivile palestinarar på Vestbredden.

Foto: Den norske Helsingforskomite

– Eit bilete på auka valdsbruk

Ekeløve-Slydal seier hendinga i november er eit bilete på den stadig aukande valdsbruken på Vestbreidda.

– Etter 7. oktober har det vore aukande valdsbruket mot palestinarane, der IDF spelar ei negativ rolle. Dei beskyttar ikkje sivile og i tillegg utfører dei sjølv lovbrot, seier han.

Vestbreidda har vore okkupert av Israel sidan 1967. Sidan då har Israel bygd meir enn 279 ulovlege busettingar der, viser ei oversikt FN har laga.

Det bur 700.000 israelske busettarar på Vestbreidda, stikk i strid med folkeretten. Busettarane blir beskytta av store israelske tryggleiksstyrker.

Mennesker drept siden 7. oktober 2023

Sist oppdatert: 2.5.24

Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter

Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallet for antall drepte i Palestina er tall for Gaza. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. Ifølge tall som ble publisert 3. april av israelske myndigheter, har 260 israelske soldater blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.

Publisert 02.05.2024, kl. 20.13 Oppdatert 02.05.2024, kl. 20.28

Read Entire Article