Nye bussar har ikkje bagasjeplass: Aleksander fekk nei til liten sekk og barneski

1 hour ago 1



I fjor vart nye lågentrébussar tekne i bruk fleire stader på Vestlandet

Desse er lette å komma seg om bord i, mellom anna for dei som sit i rullestol eller har med barnevogn.

Men det er eit stort problem: Bussane har ikkje bagasjeplass.

Nyleg vart Aleksander Isdal og sonen ståande att på haldeplassen då dei ville ha med seg eit skipar på tur.

– Ein må nesten rekna med at folk skal ha med seg bagasje på bussar i distriktet, seier Aleksander Isdal.

Nye Skyss elbusser har lite bagasjeplass. Bilde av buss på Skulstadmo.

Det er ikkje lov å ta med seg bagasje, som ski, i desse bussane, fortel Aleksander Isdal som vart nekta å ta med eit par barneski.

Foto: Nina Kausland / NRK

Prøvde å foreslå løysing

I januar reiste Isdal kollektivt frå Bergen til Husnes i Kvinnherad saman med sonen.

Med på turen var eit par barneski på 130 centimeter.

Turen til Husnes gjekk bra for både ski og passasjerar. Men på tilbaketuren starta problema.

– Me hadde pakka og var klare for å gå om bord i bussen. Men då fekk eg beskjed om at eg ikkje kunne ta med meg skia, fortel han.

Eit par barneski

Desse skia på 130 centimeter var nok til å hindra ein busstur mellom Husnes og Bergen i januar. Isdal prøvde å foreslå at skia kunne vera pakka saman med sekken, og at han kunne ha dei i fanget. Men til ingen nytte, fortel han.

Foto: Privat

Bussen var relativt tom, slik han hugsar det.

– Eg har forståing for at det er bussjåføren som har ansvaret, og at dei ikkje kan ha masse bagasje rundt omkring. Men det må gå an å bruka skjønn, meiner Isdal.

Enden på visa var at han og sonen vart igjen på Husnes til dagen etterpå. Då reiste han tilbake, utan ski.

Skyss og Tide ynskjer ikkje å kommentera saka no, men skriv til NRK at dei har og har hatt fleire møter denne veka for å finna ei løysing.

Ein mann viser fram ein ryggsekk.

På den 30 liter store sekken foreslo Aleksander at skia kunne festast. Men det var ikkje aktuelt.

Foto: Olav Røli / NRK

Fylkesordførar beklagar til reisande

Det var lokalavisa Kvinnheringen som først omtalte Aleksander si historie. Der kommenterer Skyss at bussjåførane må bruka skjønn.

Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp) beklagar overfor dei reisande at denne situasjonen framleis kjem opp.

Han peikar på at nye lågentré-bussar er regelen i fylket, til fordel for reisande med barnevogner og rullestolbrukarar.

– Me har gitt Skyss og busselskapa streng beskjed om at dei må utvisa skjønn, skriv Askeland til NRK.

Han viser til at dei har funne løysingar i den andre enden av fylket.

I Nordfjord har nemleg Firda Billag gjort tiltak.

– Litt bagasje går fint hos oss, men det kan verta ei utfordring om det er større mengder. Det er ei utfordring me helst ikkje vil ha, og ski har me ikkje ei god løysing på, seier Lars Andreas Kårstad, dagleg leiar i selskapet.

Nye Skyss elbusser har lite bagasjeplass. Bilde av buss på Skulstadmo.

Her er ein av dei nye bussane som er teke i bruk i deler av Vestland. Dei har mindre bagasjeplass enn tidlegare bussar.

Foto: Nina Kausland / NRK

Bussjåførar får hets

Bussjåførane var lunkne til å ta i bruk lågentré-bussane, fortel Dag Frode Opedal, regiontillitsvalt i Yrkestrafikkforbundet (YTF).

– I område som Hardanger og Voss er det ofte mykje bagasje. Difor var me negative til slike bussar i utgangspunktet, seier han. Det er også andre typar bussar i bruk i desse områda.

Opedal fortel at all medieomtalen har vore ei belastning for sjåførane, og at dei har opplevd både hets i sosiale medium og kjeft frå passasjerar.

– Dei spelar på samvitet til oss sjåførar. Men det er me som sit igjen med ansvaret om bagasje skadar nokon i ein kollisjon, seier han.

Nye Skyss elbusser har lite bagasjeplass. Bilde av buss på Skulstadmo.

Dei nye bussane er gode for sjåførane, men dei åtvara likevel mot å innføra dei sidan dei manglar bagasjeplass.

Foto: Nina Kausland / NRK

Fylkespolitikar: Her har me gjort ein tabbe

Bjarte Helland, partiuavhengig medlem i fylkesutvalet i Vestland, åtvara mot bussane i fjor haust.

Han kallar det ein tabbe av politikarane å ikkje tenkja på bagasjeplass når bussane vart bestilte.

– I dei gamle bussane var det bagasjeplass under, og over seta, seier han.

No krev han svar i neste møte i fylkesutvalet.

Aleksander Isdal seier til NRK at han kjem til å reisa med ski igjen.

– Men då tek eg ein telefon til kundeservice i Skyss i forkant for å stå sterkare, seier han.

Ein mann viser fram ein ryggsekk.

Aleksander Isdal foreslo at han kunne setja skia på sekken, men det var ikkje aktuelt. Difor enda han med å ta bussen dagen etterpå. Utan ski.

Foto: Olav Røli / NRK

Publisert 06.02.2026, kl. 10.31

Read Entire Article