Ny video viser korleis brannen spreidde seg: – Som eit inferno

2 hours ago 2



Terrengbrannen starta på Oksvoll i Ørland i 16-tida laurdag og spreidde seg raskt. Natt til søndag jobba brannvesenet enno med å få kontroll på flammane.

– Plutseleg får vi eit vindkast i ei litt anna retning, fortel innsatsleiar Per Ove Johansen.

– Da eskalerer det som eit inferno.

Brannmannskapet måtte trekke seg tilbake, fortel Johansen.

– Dei spring for livet, rett og slett.

BLUSSAR OPP: Ved eitt-tida natt til søndag blussa brannen opp.

Fosen brann- og redningstjeneste IKS

– Veit ikkje om ein får med seg alle heim

Eit område på totalt 4,5 kvadratkilometer blei råka av brannen.

Brannen spreidde seg i retning av fleire bustadhus og natt til søndag blei 45 personar evakuert frå heimane sine.

Innsatsleiaren fortel at brannmannskapet sette ei linje dei skulle halde brannen innanfor. Det måtte dei gi opp da brannen plutseleg eskalerte.

– Når det skjer så blir det ekstremt dramatisk for dei som står i det, seier Johansen.

Da måtte brannmannskapet raskt trekke seg tilbake.

– Han eine beskreiv at han berre hoppa inn sidedøra i ein bil og ropte «køyr».

– Da brann alt rundt dei.

Innsatsleiar Per Ove Johansen

Per Ove Johansen fortel at det blei dramatisk da brannen blussa opp.

Foto: Morten Andersen / NRK

Innsatsleiaren fortel at situasjonen var krevjande.

– Det er krevjande å stå på toppen når ein høyrer disse meldingane på sambandet, for da veit ein ikkje om ein får med seg alle heim.

– Men heldigvis gjekk det bra.

Johansen fortel at dei på førehand hadde snakka om at noko slikt kunne skje.

Vi hadde tenkt på at det kunne skje, men vi erfarer jo at vi er sjanselause mot ein brann som har bestemt seg.

Brann Oksvoll Fosen

Brannvesenet fekk kontroll på brannen og berre eit uthus brann ned.

Foto: Brannvesenet Midt IKS

– Enormt flammehav

Når du føler at flammane sluker over hovudet ditt, da har du lyst til å komme deg bort derifrå.

Det fortel utrykkingsleiar i Fosen brann- og redningsteneste, Ole Morten Humstad.

Han fortel at brannen blussa opp og blei til ein vegg av flammar.

– Den blei berre større og større og større.

– Det blir til eit enormt flammehav.

I januar omkom to brannfolk i ein brann i Verdal.

– Du har det litt i bakhovudet, fortel Humstad.

Da dei hadde trekt seg tilbake til vegen og bort frå flammane var gleda stor, fortel han.

Det var ein enormt god følelse da eg visste at eg hadde alle med meg.

Utrykkningsleiar Ole Morten Humstad

– Eg har aldri opplevd noko liknande, fortel Humstad om da brannen blussa opp.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

To mindreårige har status som mistenkt

Måndag er brannvesenet ennå på staden og driv med ettersløkking og patruljering av området.

Politiet har oppretta sak på hendinga.

Etterslukking Fosen

Måndag går føre seg det framleis ettersløkking.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

– Vi har oppretta sak og vi har to mistenkt som er mindreårige, fortel politiadvokat Mette Kollstrøm.

Laurdag blei det sagt at brannen starta fordi dei to barna leikte med lighter.

– Vi fekk informasjon om ein lighter da brannen starta, seier Kollstrøm.

– Men dette må bli etterforska, så eg kan ikkje bekrefte eller avkrefte at det er brannårsaka.

Brann Oksvoll Fosen

Totalt blei eit område på 4,5 kvadratkilometer råka av flammane.

Foto: Brannvesenet Midt IKS / Brannvesenet Midt IKS

Ho fortel at dei vil få oppnemnt forsvarar og bli avhøyrd.

– Dei kjem til å få oppnemnt forsvarar. Det er naturleg i ei slik sak, også på grunn av at dei er mindreårige.

Politiadvokaten fortel vidare at dei to er under kriminell lågalder og at dei derfor ikkje vil få ein straffereaksjon.

Blir følgde opp av kommunen

– Psykososialt kriseteam er framleis samla og tar vare på dei, fortel ordførar i Ørland, Hallgeir Grøntvet (Sp).

Han fortel at også familiane til dei to mindreårige blir følgt opp.

– Det er utruleg viktig for oss å ta vare på dei ungdommane som var så uheldig å starte ein brann og ikkje minst familiane deira.

Med unntak av eit uthus, gjekk verken bustadar eller liv tapt i brannen. Ordføraren fortel at han er glad for at utfallet blei så bra som det blei.

Det eg er så stolt av er den støtta du får og alle dei frivillige som er med og bidrar på mange forskjellige måtar.

Publisert 09.02.2026, kl. 13.08 Oppdatert 09.02.2026, kl. 13.13

Read Entire Article