Ny USA-toll kan bli ståande

1 hour ago 3



– Så vidt vi kan sjå er administrasjonen sin intensjon å vidareføre tollsatsane og med same verkeområda som før høgsteretts avgjerd, under andre juridiske heimlar.

Det seier Ole Erik Almlid, administrerande direktør i NHO.

Fredag slo USAs høgsterett fast at president Donald Trump ikkje hadde heimel til å innføre straffetollsatsane han varsla i fjor.

Natt til laurdag signerte han ein ny presidentordre om global toll på 10 prosent på import frå alle land.

Den nye tollen skal gjelde i 150 dagar frå 24. februar.

Bedrifter søker nye marknader

Utanriksminister Espen Barth Eide seier konsekvensane av tollendringane framleis er uklare.

– Sjølv om administrasjonen har gått ut med nye satsar og stadfesta visse unntak, er det framleis uklart kva konkrete konsekvensar dette vil kunne få for norsk eksport, seier Eide.

Han peikar samstundes på at utviklinga kan få vidare følger for internasjonal handel.

– Konsekvensen av denne uføreseielegheita er at stadig fleire land søker nye marknader, seier Eide.

Etter en pressekonferanse står en mann i dress med en nøytral ansiktsuttrykk. Han er omgitt av flere personer, delvis skjult av kameravinkler. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Lars Martin Hunstad / NRK

Det gjer det viktigare å sikre stabile handelsreglar, meiner han.

– Alle taper i det lange løp om vi ikkje slår ring om reglane for global handel, seier han.

Ifølge utanriksministeren vil regjeringa halde fram dialogen med amerikanske styresmakter.

Næringsminister Tromsø

Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap).

Foto: Frida Marie Flatland / NRK

Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) seier samstundes at nivået på den nye tollen kan bli lågare enn det som har gjeldt det siste året.

– I utgangspunktet vil det i praksis bety at tilleggstollen som har vore gjeldande for import frå Noreg det siste året går ned med 5 prosentpoeng, seier Myrseth.

Ho seier samstundes at situasjonen er utfordrande og uføreseieleg for næringslivet.

Fleire vurderer å utsetje investeringar

Ifølge NHO kan det i praksis bety at handelsbarrierane norske eksportbedrifter møter, ikkje blir reduserte.

Direktør i NHO Rogaland, Christine Sagen Helgø seier utviklinga skapar uvisse for eksportbedrifter.

Ho meiner tolluroa allereie påverkar norsk næringsliv.

Christine Sagen Helgø

Direktør i NHO Rogaland, Christine Sagen Helgø.

Foto: NHO

– Åtte av ti av våre eksportbedrifter sa før jul at det er mindre aktuelt for dei å eksportere til USA enn det var for to år sidan, seier Helgø.

NHO-leiar Almlid peikar på at uvisse rundt handelspolitikken kan få konkrete utslag.

– 1 av 4 vurderer å utsetje eller avbryte investeringar på grunn av geopolitisk risiko, seier han.

Dette må du vite om toll

  • Hva er toll?

    Toll er en avgift staten legger på varer som kommer inn i landet.

    Norge krever for eksempel toll på ost som importeres fra utlandet. Det gjør at ost fra utlandet koster mer her hjemme, sammenlignet med ost fra norske produsenter.

    Kilde: Regjeringen/Store norske leksikon

  • Hvordan fungerer det?

    Det er bedriften eller personen som importerer varen som betaler tollen. Det skjer når varen passerer grensen.

    Inntektene fra tollen går til landet som har ilagt den.

    Siden det da koster mer å selge en vare, kan en bedrift sette opp prisen på produktet for å dekke inn kostnaden av tollen.

    Slik kan kostnaden av toll gå ut over forbrukerne.

  • Hva er formålet?

    Spesielt to argumenter for toll trekkes frem:

    1. Styrking av et lands egne bedrifter mot konkurranse fra utlandet
    2. Inntekter til staten

    Toll gjør at utenlandske varer blir dyrere for forbrukere i landet de importeres til. Ved å gjøre disse varene dyrere, kan staten håpe at folk heller vil kjøpe lokale produkter.

    Noen mener dermed at toll på importerte varer kan beskytte et lands egne bedrifter mot konkurranse fra utlandet.

    Og siden toll i praksis gir staten ekstra kroner for en vare som sendes over grensen, mener noen at dette vil gi staten mer inntekter.

    Donald Trump trekker også frem et tredje argument: nemlig å bruke toll som et forhandlingskort eller pressmiddel.

  • Hva har Trump gjort?

    Donald Trump har sagt at han er en stor tilhenger av toll.

    Den amerikanske presidenten er imot frihandel. Frihandel betyr at varer kan eksporteres uten toll, på tvers av landegrenser.

    USA innførte sommeren 2025 en minimumstoll på 10 prosent mot alle land.

    På toppen av det ville ulike land få enda mer toll, avhengig av hva de eksporterer og hvor mye de eksporterer til USA.

    Regjeringen anslo at alle norske varer som sendes til USA får en toll på 15 prosent.

    Januar 2026 slo amerikansk høyesterett fast at Trumps bruk av en kriselov for å innføre straffetoll er ulovlig

Han åtvarar om at nye tiltak kan kome, noko som skaper vidare uvisse for norske eksportbedrifter.

Sjømat kan bli ramma

Sjømat er blant dei viktigaste norske eksportvarene til USA, særleg laks.

I 2024 utgjorde eksport av sjømat, særleg laks over 10 milliardar kroner, ifølge SSB.

Næringa er ikkje omfatta av dei varsla unntaka for toll.

Bildet viser ulike typer fiskefileter oppbevart på is, med et fokus på laks. Laksefiletene er oransje med svarte og hvite detaljer, mens det ligger flere lysere fiskeprøver i bakgrunnen. Hele oppstillingen er i et kjøledisk, typisk for fiskemarkeder. Det er et klart fokus på kvaliteten og variasjonen i fisketilbudet.

I 2024 utgjorde eksport av sjømat, særleg laks over 10 milliardar kroner, ifølge SSB.

Foto: Nadir Alam / NRK

NHO opplyser at dei no vil analysere korleis tollsatsane kan slå ut for sjømatnæringa.

Geir Ystmark er administrerande direktør i Sjømat Norge, seier at tollen frå USA skaper auka usikkerheit for dei.

Ystmark meiner det ser ut til at den nye tollen kjem på toppen av dei tidlegare satsane.

– Eg trur mange aktørar som har moglegheit til å eksportere til andre marknadar fokuserer mot dei, seier Ystmark.

 Geir Ove Ystmark

Geir Ystmark, administrerande direktør i Sjømat Norge.

Foto: Jonas Kroken Sævereide / NRK

Og legg til:

Det gjer at Europa og Asia blir stadig viktigare. Det blir endå viktigare at norske myndigheiter gjer det dei kan for å sikre god handel og rammevilkår mot viktige marknader som EU, Kina og Japan.

Nokre norske varer er unntatt

Den nye tollordninga omfattar ikkje alle varegrupper.

Ifølge UD vil tollunntak for enkelte innsatsvarer bli vidareførte, mellom anna for petroleumsprodukt, kobolt og kontrastvæske.

Kontrastvæske er ei væske som blir brukt i medisinske undersøkingar, til dømes ved røntgen og MR.

Medisin-teknologiselskapet Lærdal Medical leverer utstyr til USA.

Bedrifta har om lag like mange tilsette der som i Noreg.

Media- og samfunnskontakt Inger Johanne Stenberg seier det framleis er for tidleg å seie korleis tollen vil slå ut for dei.

– Dette er eit puslespel som blir lagt heile tida. Det blir ikkje endringar over natta for vår del, seier Stenberg.

En person står foran et podium og peker med pekefingeren, mens han taler. Han har på seg en mørk dress med en lys skjorte og en blå slipse. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

USAs president Donald Trump har signert ein ny presidentordre om ein global tollsats.

Foto: Elizabeth Frantz / Reuters / NTB

Lærdal Medical seier dei no jobbar med å få oversikt over situasjonen.

– Det ser mykje betre ut med endringane som no kjem, og det vil gjere mykje av vår import til USA betydeleg rimelegare.

Refusjon kan bli vanskeleg

Avgjerda frå høgsterett i USA kan også reise spørsmål om tilbakebetaling av toll som allereie er innkravd.

Amerikansk toll blir i utgangspunktet betalt av importøren i USA, opplyser NHO.

– Vi registrerer at fleire amerikanske selskap no seier dei vurderer moglegheitene for å krevje refusjon, seier Almlid.

Bildet viser en mann iført dress og genser, som står i forkant av en folkemengde i en stor, moderne lokasjon. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Ole Erik Almlid, administrerande direktør i NHO.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Det kan gjere det meir komplisert for norske eksportørar å krevje pengar tilbake direkte.

NHO opplyser at dei førebels ikkje har oversikt over norske verksemder som vurderer å krevje refusjon, men at dei vil ha tett dialog med dei mest råka framover.

Interessert i meir utanriks? Lyttil til denne podkasten:

Publisert 21.02.2026, kl. 15.21 Oppdatert 21.02.2026, kl. 15.43

Read Entire Article