– Det er nesten som å sitte heime og game, seier brøytebilsjåfør Anders Liljedahl.
Han sit bak skjermar og spakar, men ute i fjellet går brøytemaskina for fullt, utan at nokon sit inni den.
På riksveg 13 over Vikafjellet testar Statens vegvesen og Presis Vegdrift no ei ny løysing for snørydding som kan bli eit viktig verktøy på fleire fjellovergangar.
Fjellovergangen er blant dei mest vêrutsette i Sør-Noreg og har enkelte vintrar vore stengd til saman 50 dagar.
Målet er enkelt: Halde vintervegane opne og sleppe å sende folk inn i skredfarlege område. Blir testinga ein suksess, håpar Statens vegvesen at teknologien kan takast i bruk rundt om i landet.
Her testar dei den fjernstyrte brøytebilen på Vikafjellet.
Foto: nrkLiljedahl trur dette blir eit nyttig hjelpemiddel, sjølv om det tek litt tid å venne seg til ei ny arbeidsform.
– Eg ser positivt på det. Får vi det til å fungere skikkeleg, så er det heilt klart ei god løysing, seier han
Rydding frå trygg avstand
I staden for å sitte inne i brøytebilen, styrar mannskapet maskina frå eit kontrollrom med kamera og skjermar.
Sjølve maskina er ein vanleg hjullastar som er bygd om med sensorar og kamera. For operatøren skal det kjennast så naturleg ut som mogleg.
Brøytebilen er bygd om slik at ho kan fjernstyrast.
Foto: June Erdalsdal Kolstad / NRK– Vi har bygd ein kontrollstasjon der operatøren ser alt gjennom åtte kamera. Du får same utsikt som om du sat i maskina, berre at du sit ein trygg plass i staden, forklarar testleiar for Hive Autonomy, Ravi Kumar.
Ravi Kumar, testleiar i Hive Autonomy, er dei som står bak teknologien.
Foto: June Erdalsdal Kolstad / NRKHive Autonomy teknologiselskapet som står bak den fjernstyrte maskinen.
Kumar seier det handlar om ta bort den mest risikofylte delen av jobben.
– Viss det kjem eit skred, er ingen i maskina. Då kan du rydde utan å setje nokon i fare, forklarar Kumar.
Raskare opning etter ras
Til vanleg må mannskap vente på at ein geolog kjem til fjells og seier at området er trygt å gå inn i. Først då kan dei begynne å rydde, men den fjernstyrte maskina kan setjast inn med ein gong.
Geir Ove Engebø, prosjektleiar i Statens vegvesen, har stor tru på den nye måten å jobbe på.
Foto: June Erdalsdal Kolstad / NRK– Det kan ta fleire timar før ein geolog er på plass, noko som gjer at det blir lengre ventetid. No sparer ein mykje tid med å kunne sende maskina ut med ein gong, seier Geir Ove Engebø, prosjektleiar i Statens vegvesen.
Vikafjellet er kjent for hyppige ras om vinteren, og det har vore hendingar der både bilar og brøytebilar har blitt utsette for skred under opprydding, fortel Engebø.
– Ingen har blitt alvorleg skadde, men slik rydding er krevjande og tidvis risikabel.
Statens vegvesen håpar den nye teknologien kan bidra til færre og kortare stengingar og ein tryggare arbeidsdag.
Den nye løysinga er del av Vegvesenet si større satsing på teknologi.
På dette kontrollrommet kan operatøren styre brøytemaskina som er ute i felt.
Foto: June Erdalsdal Kolstad / NRKI fjor fekk dei mest skredutsette fjellovergangane i Sør-Noreg nye snøskredtårn for å hindre ukontrollerte snøskred mot open veg.
I 2024 og 2025 blei det bygd skredtårn på E134 Haukelifjell, riksveg 7 Hardangervidda, riksveg 13 Vikafjellet og riksveg 15 Strynefjellet.
I løpet av året skal dei bygge skredtårn på riksvegar i Nord-Noreg. Dei er planlagt på E69 Nordkapp, riksveg 94 i Hammerfest og E6 Langfjorden i Alta.
Kan bli brukt fleire stader i landet
Så langt er det Vikafjellet på riksveg 13 som er testarena for den fjernstyrte brøytemaskina. Men ifølgje prosjektleiar Engebø kan teknologien få langt breiare bruk dersom testane blir vellukka.
– No står maskina på Vikafjellet, men vi ser for oss at ho kan brukast på andre stader òg. Vi har kjøpt ei sidetippskuffe til maskina, så om sommaren kan ho rydde både stein og jordskred, seier han
Her testar dei brøytemaskina, medan ein operatør styrer ho frå varebilen bak. Under testinga må det likevel sitje ein person i maskina av tryggleiksomsyn.
Foto: Svenn Finden / Statens vegvesenKva fjellovergangar som blir aktuelle, er for tidleg å slå fast.
– Vi er i ein testperiode, men håpet er at dette kan bli eit verktøy på utsette strekningar og fjell med mykje ras.
Kor mykje tid som kan sparast når ein veg er vinterstengd vil vere avhengig av vêret, men maskina gjer at dei kan opne på ein tryggare måte enn før. Samtidig peikar Engebø på at teknologien ikkje vil fjerne vinterstengde fjellovergangar med det første.
Publisert 01.04.2026, kl. 18.09













English (US)