Ny «slankepille» kan bli aktuell i Noreg

1 day ago 8



Kan erstatte sprøyter:

Den nye fedmemedisinen kan bli billigare enn konkurrentane. Men baksida av medaljen kan vera større.

 NTB
NY SNAKKIS: «Orforglipron» er ein stor snakkis i forskingsmiljøet. Men kunnskapen om tabletten er framleis avgrensa Foto: NTB

Publisert 07.03.2026 00:50

Saka oppsummert

  • Ein ny fedmemedisin i tablettform, Orforglipron, har søkt om EU-godkjenning.
  • Medisinen kan bli billigare enn eksisterande sprøytealternativ, men kan og ha fleire biverknader.
  • Tilgjengelegheit og individuell tilpassing er viktig for effektiv bruk av fedmemedisinar.
  • Ekspertane rår alle som vurderar fedmemedisin å diskutere dette med legen sin, for å finne best mogleg alternativ.

Oppsummeringen er laget med kunstig intelligens (KI) frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikret av TV 2s journalistar. Les om korleis vi jobbar med KI

I 2024 brukte over 172.000 nordmenn fedmemedisin i sprøyteform.

Men no har fleire selskap byrja å utvikle fedmemedisin i tablettform, som skal ha same verknad.

Eitt av dei, selskapet Eli Lilly, har no søkt om godkjenning av tabletten Orforglipron i Europa. 

Dette kan vere gode nyheiter for dei med både fedme og sprøyteskrekk.

Slankemedisin med gigaomsetning

Men me veit førebels ikkje om eller når me kan sjå han på den norske marknaden.

Dette er forskjellane

I Noreg har me ingen tablettar av den sorten som er godkjent for fedmebehandling. 

Derfor kan me berre samanlikna Orforglipron med sprøytene som me har på marknaden.

Der er det tydlege skilnader, særleg når det gjeld praktiske forhold.

 Direktoratet for medisinske produkt
KAN TA TID: EU-godkjenning er ein omfattande prosess, og det kan ta tid før me får svar på om medisinen kjem til Noreg. Foto: Direktoratet for medisinske produkt

– Pillene må takast kvar dag, mens sprøytene blir tekne kvar veke, seier Sara Viksmoen Watle frå Direktoratet for medisinske produkt.

Måten du oppbevarer dei på er òg annleis. Sprøytene er nemleg meir temperatursensitive enn tablettar.

– Pillene kan oppbevarast i romtemperatur, mens sprøytene må oppbevarast i kjøleskap.

Blir truleg ein prisskilnad

Når det gjeld pris, er det usikkert kor mykje det kan koste. Men det kan sjå ut som at me har fått ei lita antyding.

– Signal frå USA tydar på at pillene vil vere billigare enn sprøytene, seier Watle.

Dette kan vere fordi det generelt er billigare å produsere tablettar enn sprøytemedisinar.

I Noreg er GLP-1 agonistar for fedme framleis berre tilgjengelege på kvit resept

Det vil seie at du må betale for dei sjølv, og får ikkje rekninga dekka av det offentlege. Sprøytene kan koste opp til fleire tusen kroner, avhengig av dose.

Men for mange er ikkje pris viktigast, men effektivitet. 

Per no er kunnskapen om Orforglipron avgrensa, men det kan sjå ut som at han både har fordelar og ulemper. 

Kan gi fleire biverknader

I ein studie finansiert av Eli Lilly sjølv samanlikna dei sine eigne tablettar, som då består av eit lite molekyl, med ein anna sort («semaglutid-tablettar»).

Dei sistnemnde tablettane er ikkje tilgjengelege i Noreg, men har same verkestoff som fleire av sprøytene me har på marknaden.

Dei som brukte Orforglipron gjekk ned mellom 5–8 prosent av eiga kroppsvekt, mens dei som brukte semaglutider gjekk ned 4–5 prosent.

 Lise Åserud / NTB
SNAKK MED LEGEN: Det er viktig å prate med legen om kva slags form for fedmemedisin som er best for deg. Foto: Lise Åserud / NTB

Til gjengjeld kan biverknadene vere meir plagsame: 

Omkring 9–10 prosent av Orforglipron-brukarane trakk seg frå studien grunna biverknader. 

Berre 4–5 prosent av dei som brukte semaglutider gjorde det same.

Biverknadene liknar på dei me kjenner frå sprøytene: Kvalme, oppkast og forstopping.

Handlar ikkje berre om vekttap

Det kan vere freistande å berre sjå på vekttap som målestokk for ein god fedmemedisin. 

Men Mette Svendsen, tidlegare leiar i Norsk foreining for fedmeforsking, påpeiker at vurdering av behandlingsformer må sjåast i ein heilskap.

 Lili D
POSITIV: Svendsen stiller seg positiv til at fleire tilbydarar kan kome på marknaden, men er mest opptatt av at medisinane skal vere tilgjengelege for pasientane. Foto: Lili D

– Eg tenker at me ikkje skal sjå på effektiv behandling som berre vekttap, men det handlar òg om biverknader, seier ho.

Det har vore få tilbydarar på marknaden til no. Svendsen trur at eit større utval kan gagne pasientane.

– Etter kvart som me får fleire medikament på marknaden, så kan det hende at nokon vil passe betre til enkelte pasientar enn andre.

Ho understrekar og at tilgjengelegheit er minst like viktig som «effektivitet». 

– Det mest sentrale er jo at me får moglegheita til å bruke disse medikamenta. Dei er ikkje effektive om dei ikkje er tilgjengeleg for pasientar, fordi dei ikkje kan betale for dei.

Watle legg til at fedmemedisinar skal alltid brukast som eit tillegg til eit kalorifattig kosthald og auka fysisk aktivitet. 

Vurderingar om kva medisin som er best for deg bør takast saman med ein lege.

– Alle som lurar på om de treng disse legemidla bør snakke med legen sin om kva form og type som er best for dei. Ein må alltid vege fordeler opp mot ulemper når ein vurderer å bruke legemiddel mot overvekt og fedme.

Read Entire Article