Ny sambuarlov gjer kvinnefella mindre, men ein må hugse å avtale at lova skal gjelde

9 hours ago 6



– Vi ser igjen og igjen at kvinner kjem økonomisk skeivt ut etter samlivsbrot, seier dagleg leiar i Jurk, Susan Arulanantham.

Sambuarsakene aukar kvart år hos rådgjevingstenesta. I fjor behandla dei over 400.

Talet på sambuarskap aukar også jamt og trutt, viser tal frå Statistisk sentralbyrå:

– Kvinnene som tar kontakt har gjerne høyrt frå partnaren at dei ikkje har krav på noko som helst og at dei må bli i forholdet, seier Arulanantham.

Ho er svært positiv til forslaget om ei eiga sambuarlov som blei sendt ut på høyring i vår.

  • en person i hvit frakk

    Susan Arulanantham

    • Dagleg leiar i Juridisk rådgivning for kvinner

Kvinner står igjen utan økonomiske verdiar

I forslaget ligg det fleire endringar som gjer at sambuarar får rettar som liknar meir på dei ektepar har.

Jusprofessor John Aasland trekker fram dei viktigaste punkta i lovforslaget:

  • Sambuarar får innsyn i kvarandre sin økonomi.
  • Dei får gjensidig underhaldsplikt, altså plikt til å forsørgje kvarandre.
  • Den som eig bustaden kan ikkje selje han utan at den andre parten har samtykka til det.

Susan Arulanantham trur ny lov kan gjere det ho kallar kvinnefella litt mindre.

– Kvinna tar ansvar for barn og heim og jobbar redusert. Medan mannen investerer pengane sine i bustad og bil. Dei verdiane han formelt eig får han behalde ved eit brot medan kvinna står igjen utan økonomiske verdiar, seier ho.

Men Jurk er kritiske til at par utan barn må avtale seg inn i lova om ho skal gjelde.

– Særleg blant kvinner er det veldig få som kjenner til reglane som gjeld for dei. Difor trur vi mange ikkje kjem til å vere klare over at dei må avtale seg inn i lova, seier Arulanantham.

For par med felles barn vil den nye lova gjelde automatisk. Dei utan barn må skrive kontrakt signert av vitne.

Avtalen må tinglysast.

I forslaget ligg det også at det skal opprettast eit sambuarregister i Brønnøysund for desse kontraktane.

Vil ikkje gå i fella

– Eg tenker den nye lova vil beskytte dei som er mest sårbare, seier Johanna Gereke.

Ho har vore sambuar i ti år og har sett fleire kvinner gå naivt inn i sambuarskap.

– Eg kjenner folk som har vore med å pusse opp eller hatt kjærasten buande hos seg medan han har leigd ut eigen leilegheit. Så har han bygd eigenkapital mens ho har hatt utgiftene med bustaden dei bur i. Så angrar dei når det blir slutt, og den fella vil eg ikkje gå i.

ein person som holder ein kattein person som holder ein katt

Nico meiner Johanna kan få katten Lancelot dersom det blir slutt, men ho synest det er lurt at dei har skrive i sambuarkontrakten at pus er felleseige.

Marthe Synnøve Johannessen/NRK

Sjølv har ho og sambuaren Nico Wollschlaeger alltid hatt sambuarkontrakt.

– Då er det klart for begge partar og ein slepp diskusjonar om ein skulle gå kvart til sitt, meiner Wollschlaeger.

I avtalen står det at dei deler alle utgifter 50-50, kva som skal skje dersom den eine skulle bli arbeidslaus og ikkje minst kva som skjer med katten dersom det skulle bli slutt.

Avtalen ligg trygt heime hos mamma til Johanna i Oslo.

Veit ikkje kva rettar dei har

Jusprofessor John Aasland meiner også det er viktig å få på plass ei ny lov.

  • Jusprofessor Universitetet i Oslo, John Aasland

    John Aasland

    • Jusprofessor, institutt for privatrett, Universitetet i Oslo.

Dei færraste sambuarpar veit kor lite vern dei har økonomisk og mange er i grunnen overlaten til seg sjølv, meiner Aasland.

– Det er behov for eit regelverk som beskyttar særleg den svakare parten i samlivet mot det ein kan kalle samlivsskadar – at ein kjem dårleg ut av eit langt samliv.

Kjøp deg inn i bustaden, råder banken

Ole Gilje i Sparebank 1 Sør-Norge er ikkje i tvil om kva råd dei vil gi til par som vil flytte i lag:

– Dersom den eine har eigd bustad før ein flyttar i lag, er det lurt at den andre kjøper seg inn så snart som mogleg, seier Ole Gilje.

  • Regiondirektør Ole Gilje i Sparebank 1 SR-Bank.

    Ole Gilje

    • Regiondirektør for privatmarked i Sparebank 1 Sør-Norge.

Han rår også par om å skrive testamente.

– Utan testamente arvar ikkje sambuarar utan barn noko frå kvarandre. Det er det foreldra til den som har falt bort som gjer, seier han.

en person som holder en katt

Nico Wollschlaeger og Johanna Gereke vil avtale seg inn i ny sambuarlov om den blir vedteken.

Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK

Nico og Johanna er på bustadjakt i Haugesund.

Dei skal kjøpe i lag, men ta opp separate lån.

– Vi har ulik eigenkapital og lånemoglegheiter, difor tenker eg at vi tar opp kvar våre lån, seier Johanna Gereke.

Hei!

Har du tankar om saka du nettopp las, eller tips til andre saker eg burde lage? Send meg gjerne ein epost! 

Publisert 02.07.2025, kl. 20.56

Read Entire Article