Ny lov skal skjerpe hav-vernet: – Dette er ein milepæl

5 days ago 4



Dette er ein milepæl, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Han legg til at lovforslaget «vil tette eit stort hol i norsk lovgiving» og er «avgjerande for at vi skal klare å ta vare på natur for kommande generasjonar».

Historisk har Noreg oppretta fleire verneområde for å regulere aktiviteten i område med høg naturverdi – men berre innanfor «tolvmilsbeltet» eller territorialfarvatnet.

Utanfor desse har Noreg ikkje hatt heimel til å opprette verneområde.

 Javad Parsa / NTB

– Ei ny havvernlov legg rette for at viktige område for naturen blir bevarte, og i nokre tilfelle blir restaurerte slik at tilstanden for naturen blir betre, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Foto: Javad Parsa / NTB

Det er jo heilt tullete

Initiativet til ny havvernlov kjem eit halvt år etter at regjeringa la fram ei naturmelding som fekk lunken mottaking.

Meldinga skulle konkretisere korleis Noreg skal følge opp avtalen om å verne 30 prosent av naturen som blei vedtatt i Montreal i Canada i 2022, men inneheldt ingenting om vern og bevaring av havområda.

Det er jo heilt tullete når vi har eit globalt mål om å verne 30 prosent av havet, responderte WWF, som har etterlyst ei ny havvernlov i fleire år.

På same tid har det vekt internasjonal merksemd at den norske regjeringa har pusla med gruvedrift-planar på havbotnen.

I fjor vedtok EU-parlamentet ein resolusjon mot at Noreg – som første land i verda – opna for leiting etter mineral under sjøen.

Regjeringa vil «snu alle steinar» i Barentshavet

No er det viktig at lovverket ikkje berre blir eit slag i lufta, for ikkje å seie eit plask i sjøen, seier stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo.

Han legg til at arbeidet med å opprette dei første store marine verneområda «må starte straks», og at havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja, samt iskanten i Arktis, «stå øvst på lista».

Sjå fleire reaksjonar på den nye havvernlova under:

  • Truls Gulowsen

    Richard Aune

    Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet

    Dette er ei flott nyheit som vi har venta på lenge, og som var ei stor svakheit i Naturmangfaldlova da ho kom i 2009. Vi føreset at den nye lova også vil gi heimel til å forby og regulere fiskeriaktivitet i slike verneområde, ikkje berre hypotetiske truslar, og at arbeidet med å etablere verneområda blir sett i høggir. Vi heng allereie kraftig etter.

  • Generalsekretær i WWF Verdens naturfond, Karoline Andaur

    Elin Eike Worren

    Karoline Andaur, generalsekretær i WWF

    Marine verneområde er eit avgjerande verktøy for å verne dei viktigaste delane av havet. WWF er veldig glade for at ei slik lov endeleg kjem på plass. No skal vi lese lova nøye for å sikre at ho vareta sårbar natur på ein god måte. Det er avgjerande at lova også blir følgd opp med ein marin verneplan som svarer ut dei globale forpliktingane våre om 30 prosent vern av norske havområde innan 2030.

  • Bjørlo

    Eirik Pessl-Kleiven / NRK

    Alfred Bjørlo, Venstre

    Det er veldig bra at dette lovverket no kjem på plass, slik Venstre og heile naturrørsla har arbeidd for lenge. Noreg har allereie forplikta seg til å verne 30 % av naturen vår både til lands og havs. Dette nye lovverket er heilt nødvendig for å klare det.

I 2023 bad Klimautvalet 2050 om permanent leitestans i område utan eksisterande infrastruktur for olje og gass.

Ei tilråding som ikkje harmonerer med olje- og energiminister Terje Aasland sitt forsett om å «snu alle steinar for å finna meir gass i Barentshavet».

Ansvarleg redaktør i Energi og Klima, Anders Bjartnes, skriv i ein kommentar at «nittitalsdraumen om at Barentshavet skal bli ein stor og viktig petroleumsprovins» framleis styrar oljepolitikken til Arbeidarpartiet.

– Det kjem til syne når Jonas Gahr Støre ikkje vil bevege Noregs oljepolitikk i tråd med tilrådingane frå Klimautvalet, skriv han.

Han legg til at det vil vere meir «ryddig og framtidsretta» å leggja vekk planane.

– Det ville også vore eit signal frå norsk side om at ressurskappløp i Arktis er noko vi ønskjer at alle avstår frå.

Publisert 28.03.2025, kl. 12.07

Read Entire Article