– Det vil alltid vere spelarar som er vanskelegare å benke enn andre. Det kan fort hende at Ada Hegerberg, som også er kaptein, er ein sånn spelar også i alt det ho har gjort.
Det seier NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg om Ada Hegerberg.
Kapteinen har hatt lite speletid denne sesongen for både Lyon og Noreg, men Hegerberg meiner ho er i form til å bidra i Noregs kommande kampar – den første på fredag.
Derfor stiller NRK-eksperten seg spørsmålet:
Er det beste for Noreg at Hegerberg startar dei kommande kampane, eller at ho startar på benk og blir bytt inn?
SUPER: Frå start eller som innbytar? Det er spørsmålet om Ada Hegerberg.
Foto: Lise Åserud / NTBLøkberg meiner spissen bør nyttast som ein superinnbytar.
– Med det meiner eg at ho må få komme inn når kampane skal avgjerast. At ho ikkje kan brukast opp dei første 60 minutta, og så gå tom, og så må av når kampen er jamn og står og vippar. Da treng vi Ada Hegerberg på banen.
Når Hegerberg får høyre om Løkbergs potensielle løysing, svarer ho:
– Det får vere påstanden hans. I løpet av heile karrieren min vil eg ikkje seie at eg har vore ein superinnbytar, seier Hegerberg og ler.
SKÅRAR MEIR: Tre spelarar på Noreg har fleire mål enn Hegerberg denne sesongen.
Foto: Fredrik Varfjell / NTBSvarer: – Det seier alle
Om 34 dagar startar fotball-EM i Sveits.
Før den tid skal Noreg møte Island på Lerkendal stadion (fredag), og Sveits borte (tysdag) i nasjonsligaen. Torsdag 26. juni ventar generalprøva mot Sverige.
– Eg har stått på som berre det – heile sesongen, eigentleg. Eg har førebudd meg bra fysisk, seier Hegerberg til NRK.
– Det seier alle fotballspelarar. Alle fotballspelarar er til kvar tid i kjempegod form og klare til å starte alle kampar, men det er ikkje alltid realiteten, svarer Løkberg.
TYDELEG: NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg veit i alle fall korleis han ville brukt Ada Hegerberg dei kommande kampane.
Foto: Håvard Greger Hagen / NRKFor statistikken er som følger:
På tolv kampar for Noreg det siste året har ikkje Hegerberg spelt heile kampen ein einaste gong. Tala viser 290 speleminutt av 1080 moglege.
Ho fekk flest minutt mot Frankrike 21. februar. Da enda ho på 71 minutt.
– Ho har dessverre litt for få 90-minuttere i kroppen til at eg trur ho kan få ut den beste versjonen av seg sjølv i 90 minutt, seier Løkberg.
På tolv kampar har spissen skåra to mål. Frida Maanum (sju), Caroline Graham Hansen (fem) og Guro Bergsvand (tre) står med fleire mål for Noreg i same periode.
Sjefen er tydeleg – Ja, ho er klar
Kapteinen frå start eller ei, landslagssjef Gemma Grainger kan i alle fall gle seg over at alle spelarar er tilgjengelege før kampen fredag.
– Det har ikkje skjedd ofte. Det har vore tøffe avgjerder vi har måtta ta for å velje laget som begynner, men eg trur det er bra for konkurransen i gruppa, seier Grainger til NRK.
KVA STARTELLEVAR? Det er ikkje ofte Gemma Grainger har alle spelarar tilgjengelege, men framfor Island-kampen har ho nettopp det.
Foto: Annika Byrde / NTBHo fortel at Hegerberg er klar for 90 minutt mot Island, men ser også fleire moglegheiter.
– Vi har spelarar som startar kampen, og spelarar som avsluttar. Vi har forventningar frå alle.
– Er Ada klar til å spele 90 minutt i kamp, etter kamp, etter kamp?
– Ja, det er ho, i kamp, etter kamp, etter kamp, svarer Grainger.
NRKs fotballekspert meiner Hegerberg bør få så mykje speletid som mogleg i dei tre kampane som ventar før EM.
Også slik at spissen kan motbevise Løkberg om at ho er best frå start.
– La henne få dei tre kampane til å bevise at ho også kan ha bensin på tanken når klokka har passert 60–65 minutt. Da kan ho gjere orda mine til skamme. Ingenting hadde vore betre enn det, seier Løkberg.
Noreg – Island fredag 30. mai kan du sjå på NRK 1 og i NRK TV frå 19.40. Den kan også høyrast på NRK Sport på radio.
Publisert 30.05.2025, kl. 09.51