– Det gjer vondt å måtte stå på start og vere veldig, veldig langt nede og ikkje ha trua i det heile.
2025/26-sesongen har vore sesongen der det meste har gått på tverke for Mina Fürst Holtmann.
I dei siste seks renna ho køyrde før OL, køyrde ho enten ut eller så kom ho seg ikkje vidare til andre omgang.
No fortel ho om korleis det var å stå i det som verka som ei endelaus rekke av dårlege prestasjonar.
– Same kva eg prøvde, så gjekk det skikkeleg, skikkeleg, skikkeleg sakte. Og det gjorde vondt langt inn i sjela.
DÅRLEG START PÅ SESONGEN: Mina Fürst Holtmann låg på femtepass etter den første omgangen i Levi, men køyrde ut da det heile skulle avgjerast.
Foto: RONI REKOMAA / Reuters / NTBAlle nedturane gjorde til slutt at ho heldt seg heime. Verdscuprennet i Flachau i midten av januar - midt i rekka av hennar siste seks renn før OL - stod ho rett og slett over. Ho hadde køyrt seg inn i eit blindspor.
– Det har vore nokre tunge tider. Eg har gråte mykje, seier ho.
– Vondt å sjå
Lagvenninne Thea Louise Stjernesund seier ho føler med Holtmann.
– Det har berre vore vondt å sjå. Ho har lege så bra an mange gonger, blant anna i Levi, og så kjem det ei ny hekt og eit nytt fall.
SÅG STJERNER: Thea Louise Stjernesund tok OL-sølv i same renn som Holtmann enda på sjetteplass.
Foto: Aleksandra Szmigiel / Reuters / NTB– Eg har stått i målområdet og sett det skje gong på gong. Av og til trur eg at eg har vore mykje meir sinna og irritert enn det ho har vore. Ein blir jo litt tom for ord etter kvart, seier Stjernesund.
For NRKs alpinekspert er det tydeleg at Holtmann ikkje har fått ut potensialet sitt denne sesongen.
– Ho har jo berre sett litt ukomfortabel ut oppå skia sine, seier Nina Haver-Løseth.
NRKs ALPINEKSPERT: Nina Haver-Løseth seier det er tungt å vere skikøyrar når ein ikkje kjenner på framgang.
Foto: Ole Kaland / NRKSesongen starta med ein god førsteomgang under slalåmrennet i Levi i november. Da andreomgangen starta, kjempa Holtmann om pallplass.
– Men så var ho uheldig og køyrde ut, og derfrå har det vore stong ut rett og slett, seier Haver-Løseth.
– Snudd alle steinar
Med mykje motgang har det blitt mange telefonar heim til familien, men også til trenarane.
– Eg er litt flink på å grave meg ned, så eg er avhengig av å ha folk som er litt rasjonelle rundt meg. Dei har vore eit godt støtteapparat, seier Holtmann.
Og med OL i vente, har det vore viktig å få slutt på den dårlege trenden.
– Eg har snudd alle steinar.
Holtmann fortel at ho har vore til psykolog, men at det som har hjelpt aller mest er å ta tida til hjelp og få ting på avstand.
– For meg hjelper det å berre ta ein pause. Eg må heim og komme meg litt bort, gjere andre ting og møte andre folk.
OPTIMISTISK: Når NRK møter Holtmann i OL har noko skjedd med humøret.
Foto: Trond A. Stenersen / NRK30-åringen seier at det også har også hjelpt å ikkje ta skikøyring så seriøst.
– Eg har vore på hytta og kost meg på ski. For å minne seg sjølv litt på kvifor ein driv med det. Sjølv om det syg til tider. Eg trur alle kjenner på det.
Vendepunktet
I grevens tid har det endeleg snudd for Holtmann. Søndag køyrde ho til ein svært oppmuntrande sjetteplass i storslalåm, 74 hundredelar bak vinnaren Federica Brignone og berre tolv hundredelar unna ein medalje.
Eit etterlengta lyspunkt.
– Det var ein bra dag. Fy fader. Det var rått, sa Holtmann til NRK etter oppturen.
Ifølge Haver-Løseth ser den tidlegare juniorverdsmeisteren ut som seg sjølv igjen.
– Det såg ut som ho hadde lyst til å køyre fort. Kroppsspråket hennar var heilt annleis. Det såg ut som ho koste seg på ski.
Onsdag ventar ein ny sjanse, i den siste konkurransane for alpinistane i OL. Da er det slalåm som ventar for kvinnene, med start klokka 10.
Publisert 18.02.2026, kl. 07.11 Oppdatert 18.02.2026, kl. 07.50











English (US)