Norsk monster­film: – Dette blir «creepy» og magisk

2 days ago 8



I mytane blir kraken skildra som ei øy med armar og master, eller som ein svær fisk – eller som ein kjempeblekksprut.

Felles for alle historiene er at det er eit uhyre skummelt monster, særleg farleg for alle sjøfarande.

No er mytane om kraken i ferd med å bli til ein ny norsk film, innspelingane er i gang i Aurland i Sogn – med den lange Sognefjorden som sett og kulisse.

Dei har også spelt inn scener på Matre i Nordhordland. Filmen «Kraken» har eit budsjett på 58 millionar kroner.

Sara Khorami

Sara Khorami i rolla som Johanne.

Foto: pressefoto / Nordisk Film

– Kamp mot naturen

Sara Khorami og Mikkel Bratt Silset har fått hovudrollene i monsterfilmen som har premiere hausten 2025.

– Det er ein slags barndomsdraum som går i oppfylling. Dette blir både «creepy» og magisk, seier Khorami til NRK.

Ho spelar marinbiologen Johanne Berge som blir send til ein fiktiv stad for å undersøke rare naturfenomen.

Ved eit oppdrettsanlegg skjer det skumle ting nede i den mørke fjorden.

– Det er jo ein slags kamp mot naturen vi er dømde til å tape, seier Khorami.

For på fjordbotnen skjuler det seg noko som kan sette både folk og natur i spel.

Khorami lovar at det blir heftig spenning.

– Det er veldig gøy å få vere med på dette, forsikrar ho.

Pontoppidan

Biskop Erik Pontoppidan (1698 – 1764) var biskop i Bergen.

Foto: Ukjent / SNL.no

Skildra uhyre under havet

Det var den danske Bergens-biskopen Erik Pontoppidan som først tok i bruk ordet kraken i skriftleg form.

I 1752 gav han ut boka «Forsøg paa Norges naturlige Historie».

Der skildra han at kraken ser ut som ei øy med armar og master.

Han hevda at det fantes både kraker, sjøormar og andre uhyre – utelukkande basert på forteljingar som har gått frå kystfolk til kystfolk.

– Alle folk rundt heile verda som har budd nær havet og vore avhengige av havet, har jo hatt førestillingar om sjømonster, seier Ida Tolgensbakken til NRK.

Norsk sjøorm

Erik Pontoppidan såg føre seg blant anna sjøormar i norske farvatn.

Foto: Frå boka til Erik Pontoppidan, 1752

Ho jobbar som førstekonservator ved Norsk Folkemuseum og er folklorist av fag.

Tolgensbakken jublar over at det no kjem ein film om det som faktisk er basert på mytane om eit norsk og nordisk sjømonster.

– Eg heiar veldig på det, seier ho.

I den internasjonale populærkulturen har kraken stadig vore brukt som døme på noko av det skumlaste som finst under vatn.

Blant anna i dataspel, film og lyrikk.

Ida Tolgensbakken

Ida Tolgensbakken er førstekonservator på Norsk Folkemuseum.

Foto: Norsk Folkemuseum

– Mange kule monster

Tolgensbakken seier at mange nok har tenkt kraken som eit monster frå gresk mytologi.

Men det er ingen tvil om at kraken er norsk, i alle fall nordisk.

– Kraken sluker jo båten med mann og mus og det er jo personifiseringa av den ultimate skrekken når du er ute på havet.

Ho føler at det er veldig mykje uutnytta potensial i norsk og nordisk folketradisjon.

– Vi har veldig mange kule monster vi kunne gjort mykje meir ut av!

For skodespelar Sara Khorami er uansett innspelinga dei no er i gang med ei stor oppleving.

– Eg står og ser utover fjorden nett no, eg får gåsehud av kor vakkert det er, seier skodespelaren.

Publisert 16.09.2024, kl. 22.06

Read Entire Article