Norsk asfalt er i miljøvennleg verdsklasse: – Eit forbilde for andre, meiner forskar

6 hours ago 4



I år skal 540.000 tonn asfalt bli lagt på norske vegar, ifølgje Statens vegvesen. Andre år har fleire millionar tonn asfalt blitt lagt.

Det er mykje asfalt.

Både det å laga, leggje og frakte asfalt har vore dårleg for miljøet.

Men dette har bransjen no klart å snu.

– Dei har gjort ein jobb mange andre bransjar kan ta lærdom av, seier seniorforskar Bjørn Ove Lerfald ved Sintef.

På vei til fiskeværet Nykvågen i Bø kommune, Vesterålen.

MYKJE VEG: Noreg har i underkant av 100.000 kilometer asfaltert veg. I tillegg kjem private vegar. Her frå Nyksund i Vesterålen.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Frå svart til grøn

Det er spesielt dei siste fem åra at den svarte asfalten har blitt grønare.

Frå 2020 til i dag er utsleppa kutta med om lag 55 prosent, ifølgje Statens vegvesen.

– Vi starta med å vekte utslepp i anbodskonkurransane, og ikkje berre pris, seier vegdirektør i Statens vegvesen, Ingrid Dahl Hovland.

Dei gir ein premie på 7,50 kroner per kilo mindre CO₂.

Altså; miljøavtrykket er også vektig når ein entreprenør ber om å få gjere ein asfaltjobb. Før var det «berre» pris og kvalitet som betydde noko.

  • Bilder av gravemaskiner og lastebiler med asfalt, personer i signalfargede jakker som ser i kamera. De står på en anleggsplass.

    Ingrid Dahl Hovland

    Vegdirektør i Statens vegvesen

Ein av dei mest effektive tiltaka har vore å bruke om att gamal asfalt. I telleg brukar dei plantebasert olje i staden for råolje.

Men no er det transporten som er verst.

Fraktebåtane står for opp mot 30 prosent av alle utslepp.

– Her har det ikkje skjedd noko sidan 2020, men no skjer det noko her også, seier vegdirektøren.

Nordasfalt i Bodø legg asfalt på veger i store delar av Nord-Noreg. Men dei er avhengige av å få stein og grus frå stadar langt unna.

Foto: Monica White Martinsen/NRK

Har kjøpt verdas første hydrogendrivne frakteskip

Nyleg vart dette markert på Nordasfalt sitt anlegg i Bodø.

Du kan sjå TV-reportasjen her.

Dei har no bestilt verdas første hydrogendrivne fraktbåt.

– 30 prosent av våre utslepp kjem frå transport, og dermed vil det ha mykje å seie å gjere transporten meir miljøvennleg, seier Kevin Slettmark i Nordasfalt.

Det er det norske selskapet Møre Sjø som skal produsera båtane, men prisen er førebels ikkje kjend. Båtane skal vere klare om to år.

  • Bilder av gravemaskiner og lastebiler med asfalt, personer i signalfargede jakker som ser i kamera. De står på en anleggsplass.

    Kevin Slettmyr

    Administrerande direktør for omlag 200 ansatte i familiebedrifta Nordasfalt på Vikan utafor Bodø. Dei både produserer og legg asfalt.

På grunn av krav om kvalitet, må Nordasfalt henta steinen (som skal bli til asfalt) heilt frå Rogaland og noko frå Trøndelag. Det er langt unna Bodø.

– No blir desse langtransportane utsleppsfrie, seier Slettmark.

Det er GreenH som skal levere hydrogen til dei nye skipa frå sin fabrikk i Bodø. Heller ikkje den er bygd enno.

Illustrasjon av hydrogendreven lastebåt som skal frakte asfalt. Grønn, lang, flat båt på vann. Dataanimert illustrasjon.

Sånn skal den hydrogendrivne fraktebåten til Nordasfalt sjå ut. Det er eit par andre i Noreg som også har kjøpt ein liknande båt frå Møre Sjø. Ein sånn båt har aldri vore bygd før, og skal vere klar om to år.

Foto: Møre Sjø

Ekspert på asfalt: – Det har skjedd mykje

Poenget er at asfaltbransjen er ein aktør i norsk industri som verkeleg gjer noko med miljøutsleppa sine.

Det meiner i alle fall seniorforskar og «asfalt-ekspert», Bjørn Ove Lerfald i Sintef.

– Når det gjeld miljøutviklinga, vil eg påstå at vi er verdsleiande.

Han fortel at det har vore ei veldig utvikling dei siste åra.

Gjer ros for miljøkrav i kontraktane

I 2024 var dei totale utsleppa av klimagassar i Noreg på 45 millionar tonn CO₂-ekvivalentar.

Dei som står for dei største utsleppa i Noreg, er olje- og gassutvinning, industri, vegtrafikk og anna transport, ifølgje Miljødirektoratet.

Men det er også dei som har kutta mest, vis ein rapport frå SSB.

Asfalt-forskaren rosar Statens vegvesen for å ha miljø som eit vektig punkt i sine kontraktar.

Asfalt består av 95 prosent stein, og fem prosent bindemasse, til dømes bitumen av råolje eller planteolje.

Henning Levold/NRK

– Tradisjonelt kan ein seie at asfaltbransjen har vore konservativ. Men no har det skjedd ting, seier forskar Lerfald.

I tillegg til dei nemnte punkta over, skal fleire aktørar, som Nordasfalt i Bodø, frakte stein og grus på ein miljøvennleg måte.

For no er det ikkje lenger produksjonen av asfalt, men frakta som må bli grønare.

  • portrettbilde av en eldre herre med briller, lyd i huden, skallet, blå skjorte.

    Bjørn Ove Lerfald

    Seniorforskar i Sintef med doktorgrad om asfalt. Har nesten 30 år med erfaring frå bransjen.

Statens vegvesen: – Ikkje grønvasking

Noreg sitt klimamål for 2030 er å kutte utslepp med minst 55 prosent.

Asfaltbransjen har visstnok allereie gjort sin jobb, og nådd målet fem år før tida.

Men framleis vil dei ha betydelege utslepp.

– De kallar dette for grøn asfalt. Men andre vil kanskje kalle det grønvasking?

– Nei, dette er godt dokumentert og eit arbeid som har gått føre seg i 20 år, svarar vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.

Ho rosar bransjen, til dømes Nordasfalt i Bodø, for å tørre å satse på nye idéar, som å kjøpe verdas første frakteskip som skal gå på hydrogen.

Bilder av gravemaskiner og lastebiler med asfalt, personer i signalfargede jakker som ser i kamera. De står på en anleggsplass.

MARKERING I BODØ: Frå venstre står Kevin Slettmark i Nordasfalt, Ingrid Dahl Hovland i Statens vegvesen og Morten Solbegr Watle i GreenH. Sistnemnde skal levere hydrogen frå kaia her om nokre år.

Foto: Monica White Martinsen / NRK

Men sjølv om forskar Lerfald er positiv til miljøvennlege prosjekt i asfaltbransjen, påpeiker han eit par ting:

– Når ein jobbar med nye materialar, eller gjenbruk av gamle, må ein ha kontroll på at dei har gode nok eigenskapar. Dersom asfalten får dårlegare kvalitet av å bli brukt om att, og ein må leggje ny asfalt oftare, kan vinninga gå opp i spinninga, seier han.

Publisert 04.07.2025, kl. 08.07

Read Entire Article