Noregs Bank om renteforvirring: – Vi har ei litt anna oppfatting av dette

5 hours ago 1



Debatten om renta og prisveksten har nådd nye høgder etter at sentralbanksjef Ida Wolden Bache varsla rentehevingar i førre veke.

No har både økonomar og ikkje-økonomar, som for eksempel Espen Rostrup Nakstad, kasta seg inn i debatten om kva Noregs Bank bør gjere for å få styr på prisveksten.

I eit innlegg i Aftenposten spør Nakstad om det kan vere høge renter bidrar til høg inflasjon. Også i Dagens Næringsliv flyg prisvekstdebatten høgt.

Det er uvanleg at sentralbanken kommenterer debatten. Men no kjem analysedirektør Øistein Røisland i Noregs Bank på banen.

– Debatt om pengepolitikken er bra i eit demokrati. Det er ikkje eit fasitsvar på kva som er den riktige pengepolitikken. Vi sett pris på at det er engasjement, seier han.

Usemje om renta

Økonomi er ikkje eksakt vitskap, og det er ulike oppfatningar av kva som er den riktige medisinen for å få prisveksten ned igjen til det politisk bestemte målet på 2 prosent.

Økonomiprofessorar som Kjetil Storesletten og Torfinn Harding tilhøyrer den sida av rentedebatten som meiner sentralbanken bør bruke renta hardare.

en mann med briller

Økonomiprofessor Kjetil Storesletten ved University of Minnesota har vore ein sentral stemme i rentedebatten i fleire år.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Då inflasjonen begynte å stige under pandemien, meiner Harding sentralbanken burde vore meir aggressiv.

– Noregs Bank var kanskje ikkje kontante nok. Da han europeiske sentralbanken først bestemte seg for å sette opp renta, sette dei den raskare opp enn oss, seier han.

Mot slutten av 2022, då styringsrenta var 2,5 prosent, tok Storesletten til orde for at den burde vere det dobbelte.

I fjor sommar då sentralbanken begynte å kutte i renta, meinte han det var for tidleg.

– Eg trur renta burde vore betydeleg høgare no. Sentralbanken burde ikkje kutta renta i sommar. Det gjorde at krona svekka seg betydeleg, og inflasjonen fekk litt medvind i løpet av hausten og vinteren, seier han.

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Prognose Norges bank

På den andre sida i debatten er SSB-økonom Olav Slettebø, fagforeininga LO og no også Nakstad blant aktørane som meiner inflasjonen er driven av høge energi- og råvareprisar frå utlandet, og at renteheving her heime berre gjer vondt verre.

– Prisveksten dei siste åra skuldast i stor grad forhold utanfor Noregs grenser, og høg eigardel i industrien. Inflasjonen herifrå held fram til vi er på hovudkursen. Renta kan gjere lite med det, seier han.

Dette er eit av Nakstad sine poeng i hans mykje delte Aftenposten-kronikk, der han titulerer seg som ikkje-økonom.

– Det vi har no er ein importert inflasjon gjennom høge energiprisar og høge råvareprisar, meiner han.

Oppgangen i energiprisar har ført til at kortsiktige inflasjonsforventningar har stige mykje i fleire land. Det bidrar til auka renteforventningar, skreiv Noregs Bank i forbindelse med renteavgjerda i førre veke.

– Men det finst ikkje prov på at forventingane driv inflasjonen i Noreg. Forventningane stig fordi folk skjøner at høge energiprisar tyder at alt anna blir dyrare. Når sjokket er over, tyder historisk erfaring på at dei går ned att av seg sjølv. Dei var for eksempel mykje høgare i 2023 enn i dag. Å setje renta i vêret for å stagge forventningane er difor lite tenleg, seier Slettebø.

Bildet viser en mann som ser i kamera. Han er iført en rutete skjorte og smiler forsiktig. Bakgrunnen er hvit og miljøet rundt er innendørs.

SSB-forskar Olav Slettebø

Foto: Privat / NRK

Noregs Bank: – Litt anna oppfatting

Kor mykje påverkar eigentleg det som skjer i utlandet sentralbanken her?

Analysedirektøren i Noregs Bank har lagt merke til at importert inflasjon er eit argument mot renteheving som går mykje igjen i debatten.

– Eg vil ikkje kalle det ei misforståing, men vi har ei litt anna oppfatting av dette, seier han og utdjupar:

– Det er riktig, som det blir hevda, at renta ikkje kan påverke årsaka til den auka inflasjonen når den kjem utanfrå. Men det pengepolitikken kan gjere, er å påverke i kva slags grad dei auka kostnadene spreier seg til andre varer og tenester og gir prisvekst.

– De er altså ganske sikre på at medisinen auka rente vil føre til lågare prisvekst på sikt?

– I samfunnsøkonomi kan ein aldri vere 100 prosent sikker, men vi har mykje empirisk belegg for dette, både frå Noreg og andre sentralbankar som forskar på dette. Alle har oppfatninga av at auka rente fører til lågare inflasjon etter litt tid. Det er ganske brei fagleg semje internasjonalt om dette, svarer han.

Se hvor mye du må betale når renta settes ned. Vi tar utgangspunkt i en nominell rente på 4,99 prosent.

Rente

Ditt lån

Nedbetalingstid nå

Månedlige utgifter 18 244 kr

Endrede utgifter 724 kr

Det vil si en total utgift på 18 244 kroner i måneden. Altså en endring på 724 kroner i renteutgifter.

Effekt av renteaukingar

I sentralbanken jobbar dei mykje med å analysere korleis rente og prisvekst heng saman.

Røisland fortel at ein mekanisme er at auka rente bidreg til at folk får mindre pengar å bruke, og dermed fell etterspørselen. I tillegg gir ei auka rente som oftast ei sterkare krone, og dermed blir det billigare å kjøpe varer frå utlandet. Alt det trekker i retning av lågare prisvekst.

Men det er også mekanismar som trekker i den andre retninga. Høgare rente gir høgare kostnadar for bedriftene. Viss dei blir velta over på kundane, kan prisveksten auke.

– Og då er det eit spørsmål om kva slags kanalar som verkar sterkast. På heilt kort sikt kan det godt vere at auka rente i form av auka kostnader for bedriftene kan auke prisane litt. Men vi har ganske god dekning for å seie at auka rente tar ned prisveksten. Det tar gjerne litt tid. Det kan ta eitt til to år før ein ser noko særleg effekt av renteaukingar på prisveksten.

– Som analysesjef, kan du seie noko om kor vanskeleg eller enkelt det er å gjere analysar av situasjonen no?

– Det er aldri enkelt, og det er fleire grunnar til at det er krevjande. Det eine er at vi ikkje har fullkommen informasjon om korleis renta verkar, sjølv om vi er ganske sikre på at auka rente fører til lågare inflasjon. Det er noko usemje om kva som har drive inflasjonen, men dei fleste forskarar meiner at det er ein kombinasjon av auka kostnader, for eksempel auka energiprisar, og auka etterspørsel, svarer han.

I tillegg skal Noregs Bank i sitt mandat bidra til høg og stabil sysselsetting.

– Viss vi berre var opptatt av inflasjonen, ville vi truleg sett renta meir opp enn det vi har gjort. Men i pengepolitikken skal vi få ned inflasjonen utan for stor auke i arbeidsløysa. Kva som er riktig avveging der, det er eit spørsmål om vurderingar og skjønn. Når ein får den type kostnadssjokk som vi ser nå, blir desse avvegingane mellom låg inflasjon og høg og stabil sysselsetting litt meir krevjande, seier han.

Publisert 02.04.2026, kl. 13.07

Read Entire Article