Noreg-supportaren går viralt: – Kan ikkje stele frå Island

1 hour ago 2



Land og strand rundt, ja til og med i Stortinget - den norske roinga har blitt ein snakkis i heile VM.

Undervegs i kampen mot Senegal plukka TV-kameraa opp ein som ikkje lét seg begeistre, nemleg Noreg-supporteren Emil Anners Lappen. Nå har videoane av han fått godt over éin million visningar på sosiale medium.

Midt i folkemassen sat han heilt i ro, uanfekta av dei sterke rørslene rundt seg.

– Det er prinsipp, det er prinsipp. Vi kan ikkje stele frå Island, stele den ideen, seier ein standhaftig Emil Anners Lappen.

Han siktar til Island si klappefeiring som gjekk viralt under fotball-EM i 2016.

Islandsk fotballag feirer med supportere etter en kamp. Spillerne står på gresset med armene rundt hverandre, vendt mot en stor folkemengde. Supporterne, kledd i blått, står på tribunene med armene i været. Et banner for UEFA EURO 2020 vises i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Christian Hartmann / X01095,NTB

Sidan den gongen har ho festa seg hos mange fangrupper jorda rundt. Rytmen liknar, men elles er bevegelsen ganske annleis.

– Det er eg i mot av prinsipp. Og no kan eg på ein måte ikkje trekke meg, seier Lappen.

Mannen bak heiaropet er Ole Frøystad. Han kallar seg sjølv Mr. Row Row i sosiale medium.

– Det er surrealistisk. Det finst ikkje ord. Eg hadde aldri tenkt dette her, seier Frøystad.

Han er overvelda over kor stor feiringa han har sett i gang har vorte.

– Eg har alltid hatt lyst til å sette Noreg på kartet, få fram supporterane og Noreg og berre støtte landslaget, men at det skulle bli sånn, det hadde eg aldri trudd, seier han.

Han har tidlegare avvist ei kopling til Island-ropet.

– Vi diggar Island, men dette er noko anna. Dei står og klappar. Vi sit og ror. Det er ei anna rørsle, eit anna uttrykk, sa han til TV 2 førre veke.

– Og vi seier «ro» fordi vi faktisk ror!

– Eg synest jo det er gøy. Men han blir jo hengt ut litt. Så er det jo mange som kjem til å poengtere det når dei ser han, seier NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp.

Var harry – men ikkje no lenger

På landslaget var det noko skepsis til å begynne med.

– Først syntest eg det var litt harry, men no har det jo tatt heilt av. Utruleg artig å sitte utpå der å ro. Det gav oss noko, sa Alexander Sørloth og la til:

– Visst vi vinn fleire kampar skal vi sjølvsagt gjere det igjen. Det har gått frå å vere litt kleint til å bli noko kult.

– Det er det sjukaste, sa Erling Braut Haaland rett før roinga blei starta.

For etter kampslutt mot Senegal laga spelarane og Ståle Solbakken sin eigen vesle båt like framfor fansen.

En fotballspiller feirer med knyttneven i været. Han står foran andre spillere på et stadion. Publikumet er uskarpt i bakgrunnen. Fotballspilleren har et nummer 7 på drakten. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Ståle Solbakken er også gira.

– Eg synest den er morosam. Eg kjem ikkje til å ro når VM er over, men akkurat under VM så kan vi ha det som ein gimmick.

Det norske laget feiret med fansen etter seieren mot Senegal, på det som har blitt måten de norske supporterne har blitt verdenskjente for.

– Drit i teknikken

VM-teknikken står nok litt tilbake frå både vikingane.

– Drit i teknikken så lenge det funkar, smell det frå Olaf Tufte.

Og det er kanskje desse råda heile nasjonen har følgt.

Den doble OL-meisteren synest den nye norske trenden i USA er vanvettig moro.

– Det viktigaste er at dei ror, for det var det vikingane gjorde. Det lagar ei bølge, ein atmosfære og eit engasjement. Eg applauderer det.

Supportere med norsk flagg jubler på tribunen bak et fotballag. Flere spillere med nummer på ryggen sitter på bakken foran et mål. En keeper i blå drakt har armene i været. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Steve Luciano / AP,NTB

Noreg har tatt VM i fotball med storm både på og utanfor bana. Natt til tysdag tok dei ein sterk siger mot Senegal. Og på tribunen svarte fansen på same nivå.

Roaren kjem likevel med eit skremmeskot til dei som vil bruke same teknikken i vatnet.

– Då trur eg dei fleste ville blitt veldig våte, seier Tufte og ler.

En mann i en robåt ror på vannet. Han har på seg en hvit t-skjorte med det norske flagget på ermet og blått tøy. Bakgrunnen viser vann og en grønn plakat med "TOKYO 2020". Han har på seg solbriller og en caps. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Heiko Junge / NTB

Torp meiner at folkemassen gjer det heile til ei stor oppleving.

– Eg synest det er visuelt mektig. Om mange nok gjer det, så er det jo dritfeitt, seier Torp.

Han var ikkje imponert første gongen han såg det på Ullevaal stadion, men seier utviklinga har stige til vêrs sidan den gongen.

Publisert 23.06.2026, kl. 16.42 Oppdatert 23.06.2026, kl. 16.48

Read Entire Article