Nordmenn opnar lommebøkene

12 hours ago 6



Uventa gladmelding:

– Dei er meir villige til å gi nå, sjølv om dei ofte har tronge budsjett, seier generalsekretær Kari Helene Partapuoli i Plan Norge.

 Ramadan Abed / Reuters / NTB
AUKE: Røde Kors er ein av organisasjonane som har fått fleire givarar den siste tida. Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Publisert 16.07.2025 11:34

Det er mykje smerte, krig og naud i verda. Fleire nordmenn fortel at dei blir utmatta av å lese nyheiter, og kjenner seg makteslause i møte med store, internasjonale konfliktar.

Men når uroa i verda aukar, så opnar nordmenn lommeboka. 

På den førre innsamlinga Røde Kors hadde til Gaza fikk dei inn nærmare 5 millionar kroner i løpet av dei fyrste 4 dagane.

Det er ei dobling samanlikna med tidlegare innsamlingar på same tid. Særleg ei gruppe bidrar: Dei yngre.

– Dei engasjerer seg sterkt

– Vi ser generelt at det gjerne er fleire yngre som gir ved nødhjelpsinnsamlingar, men at det når det gjeld faste givarar er dei gjerne eldre, fortel Cecilie Rasmussen, inntekts- og marknadsdirektør i Røde Kors.

 Røde Kors
ENGASJERT UNGDOM: Rasmussen fortel at ynge oftare gir til nødhjelpsinnsamlingar, Foto: Røde Kors

Generalsekretær i Plan Norge, Kari Helene Partapuoli, bekreftar at dei ser det same der. Den største oppgangen hos dei er på eingongsdonasjonar frå unge.

– Dei engasjerer seg sterkt i urett og saker som får mykje merksemd i nyheitene, som krigen i Gaza, fortel ho.

Partapuoli fortel at mange vel å gi fleire gonger til enkeltsaker og organisasjonar, over faste, langsiktige avtalar. Det skuldast truleg at fleire har dårleg råd. Men det stoppar ikkje unge frå å bidra med det dei kan.

– Vi ser nok at mange unge er meir villige til å gi nå, sjølv om de ofte har tronge budsjett, fordi de opplev det som viktig i ei uroleg verd. 

 Plan
TRASSAR ØKONOMIEN: For unge er det viktig å gi, trass dårleg råd, fortel Partapuoli. Foto: Plan

Fleire private initiativ

– Vi er svært takksame for at det norske folk viser ei slik givarglede, og det betyr svært mykje for vårt arbeid, seier Rasmussen. 

Dei opplev ei auke på alle flatar. Både frå dør til dør, over telefon, og gjennom digitale donasjonar. Det gjeld både antal faste givarar, og dei som gir av og til.

Rasmussen fortel også eksisterande givarane responderer meir når dei blir spurt om å donere meir.

Marknads og innsamlingssjef Grete-Lise Christiansen frå Leger utan Grenser har og merka eit stort engasjement frå nordmenn.

– Det har vore mange fleire gåver øyremerkt direkte til Gaza og områda rundt, seier ho.

 Leger utan grenser
PRIVATE INITIATIV: Mange privatpersonar lagar arrangement for Gaza, seier Christiansen. Foto: Leger utan grenser

Ho legg til at dei og har sett at mange av dei eksisterande givarane har auka det månadlege støttebeløpet sitt.

I tillegg til å direkte pengedonasjonar har ho sett ei auke i private initiativ for å støtte sivilbefolkninga i Gaza: Alt frå løp, til yoga, til standupframsyningar.

Så lang i 2025 har slike initiativ brakt inn nærmare 500.000 kroner.

– Det som er viktig for oss å få fram er at det faktisk nyttar, og fortelje at man ikkje må miste håpet, avslutt ho.

Read Entire Article