Nordmenn er sjukleg opptekne av alkoholhaldig drikke

3 hours ago 1



DEBATT: Kvifor er vi så opptekne av kva vin vi drikk til maten, kva med å stilla problemstillinga på hovudet?

Eg slår eit slag for den restauranten som skryt av maten dei lagar, ikkje av vinen dei har kjøpt inn. Foto: Shutterstock
  • Erik Klepsvik

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

I ei ikkje altfor fjern framtid kan me tenkja oss følgjande dialog mellom servitør og kunde på ein norsk restaurant.

Servitør: «No har du har vald eit glas IPA-øl fyrst, ein god og lett musserande kvitvin som fordrykk, ein litt tyngre burgunder som hovuddrykk, og ein søt muskat til dessertdrykk – vil eg gjerne anbefala nokre matrettar som passar til ditt val av vin». Vel, så ille er det ikkje i dag, men det er fyrst når du kjem til eit land med solid matkultur, som i Kina, der eg er no, at det slår deg kor sjukleg opptekne nordmenn er av alkoholhaldig drykk, og spesielt den sursøte varianten laga av gjæra druer.

I Norge er nesten like mange vinskribentar som det er sportsjournalistar, og vinspaltene er truleg det næraste nordmenn kjem til å lesa lyrikk.

Lær av kinesarane

I Kina, der dei fleste kvinner ikkje drikk alkohol, og eit stor fleirtal av yngre heller ikkje er spesielt interesserte i alkoholhaldig drykk til maten, er ikkje servitørens «kva vil du ha å drikka?» eit opplagt spørsmål, for det fyrste som blir plassert på bordet her i Nord-Kina, i tillegg til spisepinnar, er eit glas varmt vatn. Men sjølvsagt, restauranten har både øl og brennevin, og kanskje òg vin, viss du insisterer. Men det er ikkje sal av drykk restauranten lever av, og ingen ville funne på å anbefala ein restaurant på grunn av vinkartet eller brennevinslageret. Bare i Guangzhou, heilt sør i Kina, er servitøren oppteken av drykk, men han vil vita kva te du vil ha til maten.

I Kina er det maten som står i sentrum ved eit restaurantbesøk – kor mange rettar skal ein bestilla, korleis få til ei harmonisk blanding av protein, grønsaker og stivelse, korleis balansera ulike smakar, krydra og mildt osv. Alkoholhaldig drykk er for dei spesielt interesserte, og du må gjerne ta med ei flaske brennevin utanfrå og konsumera til restaurantmåltidet, eller kjøpa ein ølboks i butikken ved sida av viss kaféen ikkje har øl på menyen.

La maten stå i sentrum

I Norge er nesten like mange vinskribentar som det er sportsjournalistar, og vinspaltene er truleg det næraste nordmenn kjem til å lesa lyrikk; for desse vinskribentane pøser på med blømande samanlikningar og svulstige metaforar. Matskribentane er noko meir realistiske enn vinskribentane, og supplerer gjerne skildring av matrettane med skildring av inventar og sørvis. Vinskribenten, derimot, lever i den trua at «vinsmaken» er i den væska som kjem ut tuten av ei flaske og rett inn i munnen, som om ikkje stemning, atmosfære, flaske-etikett, omtale og sørvis betyr noko.

Eg slår eit slag for den restauranten som skryt av maten dei lagar, ikkje av vinen dei har kjøpt inn. Lat matrettane stå på eigne bein, utan den «krykka» vinen tilfører. Lat smak og lukt av ulike matrettar rusa deg utan alkohol. Og må du drikka til maten, noko som slett ikkje er nødvendig, er det ikkje opplagt at vinens sursøte smak passar best, for maten kan like gjerne etast med ein aromatisk kopp te, eit glas ølen eller sider, litt vatn, eller eit lite glas brennevin.

God appetitt!

Publisert:

Publisert: 3. mars 2026 19:27

Read Entire Article